«Dissemination Everywhere! An international radio ballet» av media- og performancekunst-kollektivet LIGNA. Tana I'm August 2020. Foto: Dajana Lothert

Festival av smakebitar

Årets Tanz im August Special Edition er ein festival som gir noko, men held tilbake det meste.

Publisert Sist oppdatert

Tanz im August er eit desidert høgdepunkt for internasjonal dansekunst i Berlin. I løpet av nokre veker kan ein sjå

Tanz im August

Special Edition 2020

32. Internasjonale festival Berlin

21-30.8.2020 | Online og utandørs

www.tanzimaugust.de

førestillingar av koreografar frå heile verda, nøye plukka ut av kunstnarleg leiar Virve Sutinen og teamet. Spesielt for denne festivalen er den store publikumsrekkjevidda – det er ikkje berre dansefeltet sine auger som verka til å vere retta mot samtidsdans i desse vekene, men heile Berlins. Å syne stykket sitt her for fyste gong kan på alle måtar reknast som eit definitivt internasjonalt gjennombrot. I år ville ein i so fall ha vore i selskap med «superstjerner» som William Forsythe, Boris Charmatz og Louis Lecavalier. Men festivalens program er ikkje berre kuratert med eit vestleg fokus. Pre-covid programmet inneheldt til dømes verk frå den nigeriansk-amerikanske performance-kunstnaren Jaamil Olawale Kosoko og den sør-afrikanske koreografen Robyn Orlin, som begge handsamar tematikkar rundt svarthet og identitet.

Ti dagars spesialutgåve

Nettopp det internasjonale aspektet ved festivalen gjorde det tidleg klart at han ikkje kunne gjennomførast i år. Festivalleiinga gjekk i midten av mai ut med ei pressemelding om at festivalen slik vi kjenner den, utgår for i år. I staden er det sett saman eit ti-dagars alternativt program som inneheld både digitale og tilpassa ute-opplevingar i ei rekkje former. I formatet «Meet the artist» oppstår møter med kunstnarane med diverse innblikk i deira kunstnarskap på nett. Serien «Happy to listen» er eit diskusjonsformat som gir gehør for marginaliserte og underrepresenterte grupper. Det finst to verk som kan sjåast utandørs: Untitled instructional series av William Forsythe, der den kjende koreografen har skapa installasjonar rundt om i byen med koreografiske instruksar. I Dissemination Everywhere! An international radio ballet har media- og performancekunst-kollektivet LIGNA skapa eit interaktivt verk der publikum er invitert til å lytte på instruksar for koreografi via høyretelefonar. I tillegg finn ein digitale konferansar, eit magasin, bibliotek og offentlege «viewings». Mykje å ta tak i, med andre ord. Sjølv må eg fokusere på dei digitale arrangementa, for eg er ikkje fysisk til stades i Berlin, men fylgjer det heile frå Noreg. Alle dei digitale arrangement kan opplevast no etterkant av festivalen på deira YouTube-kanal. (Konferansen How to be together? Conversations on International Exchange and Collaboration in the Performing Arts blir tilgjengeleg frå og med 16. september.)

Samtalar og smakebitar

To aspekt trer fram som gjennomgåande for dette festivalprogrammet. For det fyste, finst det eit behov for å skape ei kjensle av samling i ei tid der dette inneberer ein risiko, og ikkje tryggleik. Det kan sjå ut som om mange av dei spesialtilpassa verka svarar på dette behovet ved å nytte ulike former for det å instruere. Digitale instruksar, for eksempel «tutorials» på Youtube, har eksistert lenge, men vart ein større del av mange sin kvardag under karantenetida. I tillegg fekk våre eigne kroppars posisjonering i forhold til andre ein ny merksemd. Ingen kunne lenger berre brøyte seg fram, og det å fylgje instruksar har blitt ein større del av samfunnet no enn før. Kanskje kan desse instruks-verka sjåast på som ein respons på desse faktorane. For det andre, har samtalenfått ein større plass i årets program. Eit av hovudspørsmåla verkar til å vere: Korleis kan scenekunsten navigere seg gjennom denne krisa, når den har blitt fråteke ei av dei mest grunnleggande føresetnadane for sin eksistens, nemlig fysisk nærleik, eit publikum som samlast? Det blir mykje prat og mindre dans (i form av ferdige verk), for festivalen strømmer ikkje førestillingane som skulle ha vore med i programmet. Ein av grunnane til det er at mange av dei forhåpentlegvis blir å sjå til neste år. I staden får ein sjå dokumentarar, trailarar og snuttar frå kunstnarskapa. Sett frå eit marknadsføringsperspektiv er dette slett ikkje dumt. Desse smakebitane triggar ein nysgjerrigheit og ein lyst til å sjå meir. Likevel må eg spørje meg: Kven er denne festivalen for? Publikum, kunstnarane, eller festivalen sjølv?

Fjernt, men intimt med Faye Driscoll

Guided choreoigraphy… av Faye Driscoll. Screen shot

Ein av dei kunstnarane ein får møte i «Meet the artist», er den amerikanske New York- baserte koreografen Faye Driscoll. Eigentleg skulle hennar soloverk Thank you for coming: Space synast på festivalen, eit verk om tap og død og den siste delen av ein trilogi ho har jobba med sidan 2012. Driscoll sine arbeid er av interaktiv karakter, publikum får ofte danse med. Ofte kan ein kjenne på at ein blir «pulled in all directions», som ho sjølv seier. I dette digitale, alternative møtet ville ho skape noko som var «remote, but intimate» i form av eit auditivt verk kalla Guided choreography for the living and dead, etterfulgt av ein kunstnarprat frå Los Angeles med Virve Sutinen i Berlin.

Førebuingane er enkle: Ein skal finne seg ein roleg plass, ta på seg høyretelefonar og sette av 13 minuttar. Som sagt så gjort. Driscolls stemme er lun, oppfordrar ein til å gjere seg komfortabel, legge seg ned om ein vil. Eg anar i kva retning dette går, som dansar er den slags guida meditasjonar ein vanleg del av praksisen. Men dette viser seg å vere berre ei innpakking, ein ulv i fåreklede så å seie. Nettopp på grunn av at ein er innstilt på mental «kropps-scanning» (der ein systematisk legg merksemda på kroppsdel for kroppsdel slik at ein kjem i ein meditativ tilstand), kjem det som eit lite sjokk at det ikkje er dette som skjer. Instruksane følgjer ikkje noko system, dei hoppar frå det eine til det andre, fyst føter, anklar, so rett opp til augeepla, kjønnslege ord, banneord, eit insisterande mantra «come on, come on, come on». Eg kjenner meg litt på vakt, klar for det meste. Men òg denne kjensla er det heilt greitt å ha, manar Driscolls stemme slampoetisk vidare. Så er det over. Det tek litt tid å summe seg, for sjølv om det ikkje var avslappande, var eg likevel ein annan stad i 13 minuttar, dratt i alle retningar. Den påfylgjande kunstnarpraten får dure og gå litt i bakgrunnen medan eg hentar meg inn att. Driscolls tidlegare arbeider blir snakka om, det blir synt trailersnuttar frå trilogien, engasjerande, nydeleg klipt saman med lovprisande sitat, sokalla «blurbs» frå pressa. Eg vil sjå meir, men lurer samtidig på kva marknadsføring har å seie for det vi ser på scena i dag. Treng ein å sjå det ferdige verket når ein har sett traileren?

Bak sceneteppet

Eit anna format ein ser mykje av i festivalen, er korte dokumentarar, eller «making of». I ein av dei, After «WEG». Memories of a creation møter me fem av dansarane i verket Weg av den Brüssel-baserte argentinske koreografen Ayelen Parolin. I dokumentaren er det utøvarane, altså dansarane og pianisten, som får kome til orde om sine opplevingar frå prosessen. I landlege omgivnadar, ikledd kostyma frå førestillinga – nokre fargesprakande, ekstravagante og gjøglar-aktige plagg som syner mykje hud – fortel dei om fridomen dei kjenner på når dei opptrer verka og syner snuttar av sin dans frå stykket. Etterpå fylgjer ein kunstnarprat der koreograf Parolin samtalar med fysikaren og samarbeidspartnaren Pierre C. Dauby om dynamiske system frå fysikken.

Making kin

Ein annan slik dokumentar ser eg i den siste utgåva av «Meet the Artist», denne gongen med den tyske, veletablerte koreografen Stephanie Thiersch, som har skapa over 50 verk for scene. Saman med komponisten Brigitta Muntendorf var ho invitert med deira siste samarbeid til årets Tanz im August. I dokumentarfilmen Spectacles of blending (skapt på oppdrag frå festivalen), fylgjast dei «behind the scenes» i prosessen mot å skape eit nytt danseverk. Archipel skulle vere med i kunst-og musikkfestivalen Ruhrtriennale, men skapinga av verket måtte avbrytast midt i pandemien. Verket er ei utforsking i å finne nye måtar å kommunisere med kvarandre på, frå våre individuelle «øyer». Thiersch er, som mange andre scenekunstnarar, (som til dømes René Pollesch, teaterregissør og påtroppande teatersjef ved Volksbühne), sterkt inspirert av arbeida til den amerikanske professoren Donna Haraway og hennar berømte mantra «Make kin, not babies», der nye former for kollektive responsar på ei øydelagt verd står sentralt. Archipel blir skapa på ein enorm skulptur spesiallaga av Sou Fujimoto for dette verket. Skulpturen liknar ei modernistisk øy eller eit korallrev som fungerer som scene og som dansarane bevegar seg oppå. Lydtekniske instrument som er festa under «øyene» gjer at det kan skapast musikk. Lydane frå dansen blir forsterka, forvridd og modulerert til alt frå abstrakt lydlandskap til technomusikk. Det heile er nøye følgt opp av musikar Muntendorf. Strukturen er ein medspelar på lik linje med utøvarane og det blir skapa partitur der musikk og dans står ikkje-hierarkisk til kvarandre. Dansarane glir nedover den enorme strukturen, lagar perkusjonar, ekko og resonansar som blir til ein dialog mellom dei.

Powered by Labrador CMS