
Fargerik fantasi, men mest alvor
I «Nila og den store reisa» på Det Norske Teatret er realitetane så fæle at sjølv fantasien kjem til kort
Kanskje eg hadde venta meg eit noko tannlaust og svært politisk korrekt stykke då eg kom til premiera på Nila og den store reisa på hovudscenen på Det Norske Teatret, men det var ikkje det publikum fekk. Stykket gjev oss innblikk i ein røyndom mange av dei som kjem hit til landet som flyktningar har kjent på kroppen. Fantasidraumane er fine, men dei lindrar ikkje det vonde, eventyr hjelper ikkje alltid. Musikken til stykket hjelper heller ikkje med noko lindring. Det å ikkje gi opp håpet er ein bodskap som kjem fram: «Du må tru på det gode, da får du håpets kraft», seier bestefaren til Nila. Dette er nok ei framsyning som passar best for litt større barn. På stolane bak meg sat det to små gutar på omlag fem-seks år som var redde og gret og ville heim.
Å iscenesette samtida
Maria Kjærgaard-Sunesen har både skrive stykket og er regissør for det. Ein versjon av stykket får vi i programmet, her er historia enkel og tilforlateleg, sjølv om ho handlar om hendingar som kan finne stad i den verkelege verda. Når historia blir spela på den store hovudscena på Det Norske Teatret blir ho til forstørra in-your-face-teater. Røyndomen skal alle få med seg. Det er nærmast noko brechtiansk over det heile, sjølv om eg ikkje er sikker på om det er tilsikta. Det er den verkelege verda med flyktningar som kjem frå krigsråka land vi skal ta stilling til. Som i det brechtianske teatret er òg musikken eit verkemiddel for å få oss til å forstå, han skal ikkje forføre oss. Og Anders Ortmans musikk forfører oss ikkje, dei musikalske scenene understrekar temaet i stykket. Dei scenografiske moglegheitene på denne scena er mange, og dei blir brukte. Skodespelarane flyg, eller sym, høgt oppe i det store scenerommet, heile golvflata blir brukt. Men røyndomen er for tøff, den vakre og fantasifulle scenografien kan ikkje løfte oss ut av han.
Krigens realitet
I starten av stykket er vi i ein liten landsby i noko som minner om Nord-Afrika. Alle har det bra og har det godt. Vi møter jenta Catharina Vu som er debutant frå Multiorske i rolla som jenta Nila, ho gjer ein flott jobb, det gjer skodespelarane som speler familien hennar òg: mora (Kim Fairchild), systera Aisha (Amanda Kamara), broren Serdal (Hans Magnus Hildershavn Rye), faren (Mikkel Grythfeldt) og bestefaren (Lasse Kolsrud på premieren, han delar rolla med Hans Rønningen) og andre landsbyboarar. Her er det leik, musikk og latter. Mora syng ein song om kor godt det er å vere heime, men songen løftar oss ikkje, trass i at Kim Fairchaild har ei god stemme. Noko trugar. Det blir ymta om den farlege Morganske Milits og om opprørsgruppa Den blå blome. Og krigen blir ein realitet. Den Morganske Milits kjem med maskingeværa sine, kledd i svarte klede og med skjulte andlet. Dei er skumle. Ein tanks kjem òg gjennom røyken på scena. Han er svart og stor og slett ikkje noko leiketøy. Far insisterer på at dei ikkje skal rømme: «Vi blir, det er her vi høyrer heime», seier han. Og militsen tar far til fange. Vi ser han aldri att. Resten av familien kjem seg unna. Nila og bestefaren kjem bort frå dei andre og finn ein tom båt dei kan dra med over havet mot nord.
Det store tomme rommet
Mesteparten av stykket forgår på havet. Vi ser ikkje land. Det er tåke. Korleis kan dei vite at dei er på veg mot nord? Rundt båten er det ingenting å sjå – før ein kropp med redningsvest på magen kjem flytande forbi. Det er Yasin (Emil Rodrigo Jørgensen). Han er nesten daud, men Nila og bestefaren får liv i han. Yasin er mørk til sinns. Han har mista familien sin og han eig ikkje snev av fantasi. Fantasi og kunst er godt for mykje, men når du har mista familien din, når du har sett faren din bli skutt, mora di og systrene dine bli valdtekne, hjelp det då med fantasiflukt? Det er hjarteskjerande. No skal det vere sagt at så eksplisitt går ikkje Nila og den store reisa til verks, men det deprimerte uttrykket til Yasin som ikkje har fantasi lenger, minner oss om desse grufulle realitetane.
To ungar aleine i ein liten båt på havet
Bestefar døyr. Han blir lempa over bord for å sove med fiskane. No er dei to ungar heilt aleine i ein båt midt på eit stort hav. Det er så mørkt, så mørkt, men bestefar sine ord er ei slags lita trøyst: «Ver tolmodig når du sit i mørket, daggryet er på veg!» Nila har eit lite håp, men det er alt ho har. Yasin strevar med å finne noko håp, han meiner at Nord er ein utopi, ingen stader. Nila veit at Nord finst, det er ein stad der «ungane leikar på mjuk asfalt så dei aldri slår seg, og dei gamle bur på eldrepalass med tv på kvart rom». Dette er kanskje den einaste staden i stykket der det er snev av humor, i form av ein noko sarkastisk satire. Men kva skulle ein le av her? Nila fell ut av båten og kjem til ei verd på botnen av havet. Det er ei vakker verd med fargerike fiskar og venlege vesen, men òg ein skummel prins. Mora kjem til syne flytande høgt over havbotnen som ein mellomting mellom ein blekksprut og ein kropp surra inn i tang og plast, ho gjev ho motet tilbake slik at Nila kjem seg til overflata og blir redda av Yasin. No har dei båe redda livet til kvarandre.
Draken
Nilas strategi for å overleve er å fortelje eventyr. Men eventyra har ikkje same kraft som røyndomen i dette krigsherja universet. Eventyret om ein prins og ei prinsesse som blir forvandla til fuglar, fordi faren deira ikkje ser dei, har ingen slutt. Fuglane er for alltid fuglar. Er faren daud? Ein svolten albatross får ein tredjedel av brødet deira. Han er til hjelp, for han er sjefen over vindane som til slutt hjelper dei to borna i land.
Draken Morgana (Gjertrud Jynge) blir hovudpersonen i Nilas eventyr. Den glinsande, raude draken sit på tanksen til Den Morganske Milits, den raude draken fargar heile havet blodraudt og prinsen på havbotnen er òg draken Morgana i forkledning. Gjertrud Jynge spelar draken framifrå. Ho er skremmande, så det er ikkje rart den vesle guten bak meg helst vil heim, og ho punkterer presist det farlege når ho går barnsleg furtande ut fordi ho ikkje får vere med på leiken i starten, men ho slepp aldri taket, ho er farleg sterk. Draken symboliserer eventyr og fantasi og eit forsøk på å forme om røyndomen til noko ein kan leve med. Her minner eventyret vel så mykje om ein psykose som om eit eventyr for barn.
Er enden god?
Sola som er ei stor rund flate bak på scenen, er gullfarga. Den same gullfarga er det på dei varmeteppa flyktningane får etter at dei har kome seg i land. Nila og den store reisa fortel tydeleg at langt frå alle kjem seg til land og til dei gullfarga teppa. Far til Nila er her ikkje, ikkje familien til Yasin heller, bortsett frå ein onkel. Og kva skjer med dei etterpå? Fantasien kan neppe gjere alt her. Det er klart alle skal kjenne til historia til båtflyktningane, men eg er usikker på kva det er for ein bodskap Maria Kjærgaard-Sunesen vil ha fram – er det at fantasien og kunsten kan hjelpe og lindre, eller er det at vi ikkje må gløyme flyktningane si historie? Her ligg det noko uforløyst. (Publisert 14.10.2018)