
Minneord
Halldis Hoaas (1943-2025)
Minneord ved Ola E. Bø og Thea Stabell
Laurdag 20 september døydde dramaturgen Halldis Hoaas 82 år gammal, etter lang tids sjukdom. Eit liv i arbeid for norsk scenekunst og litteratur er over.
Alt i studietida var ho med og starta eksperiment-scenen Bikuben, som hausten 1968 opna med Sit du godt? av Dag Solstad og Einar Økland. Dette var eit samarbeid med Det Norske Teatret (DNT), der ho seinare var tilsett som dramaturg, gjerne i samarbeid med ektemannen, Harald Hoaas, som ei tid var knytt til teatret som instruktør. Etter 20 år fylgde ho Stein Winge til Nationaltheatret, og starta Ibsenfestivalen. Samarbeidet deira strekte seg over fleire tiår og tel nokre av dei beste framsyningane i DNTs historie, og fleire operaoppsetjingar både utanlands og her heime. Ho arbeidde òg ofte med dansarar, fleire gonger med gruppa Dansdesign, som i opningsseremonien til OL på Lillehammer, der ho òg var kunstnarleg leiar for Kulturfestivalen. I to år var ho sjefsdramaturg ved Los Angeles Theatre Center, frå 1993-96 sat ho i Norsk Kulturråd og leia der det nyoppretta Scenekunstutvalet, som etter kvart fekk til ei ny tilskotsordning for dei frie sceniske gruppene. Frå 2003-2005 var ho dekan for Statens Teaterhøgskole og storparten av sitt arbeidsaktive liv var ho litterær konsulent i Aschehoug forlag.
Halldis Hoaas var eit arbeidsjern, allsidig, nytenkande, nyskjerrig og uthaldande, på stadig utkikk etter nye røyster oglovande prosjekt. Og ho blei brukt, av dramatikarar,koreografar, grupper og teaterhus over heile landet, leia prosjekt for manusutvikling og engasjerte seg sterkt i nordisk samarbeid, særleg i vilkåra for samisk teater.
Vi som i periodar arbeidde tett med Halldis, minnest henne kanskje like mykje for hennar rause vennskap og sosiale eigenskapar. Ho var aldri den første som reiste seg frå bordet.