
Flaumen rotar det til for folk
Frode Gryttens tekst er full av metaforar, referansar og opningar mot levd liv, men «Inn frå regnet» på Det Norske Teatret blir, med nokre unntak, litt tamt og traust teater
Panta rei – alt flyt. På scenen ligg blaute aviser, bøker, pappesker og møbel spreidd utover i den vassdammen stovegolvet er blitt.
Storflaumen har snudd om på alt i huset til familien Svendsen. Til høgre på scenen går ei trapp opp til «andre etasje». Det er ikkje noko fancy interiørdesigner-trapp. Ho er traust og tradisjonell – ei folketrapp. I ein stress-less-stol midt på scenen med støvlane på, sit den sosialdemokratiske patriarken sjølv (Svein Roger Karlsen) og drikk øl.
Eit vestlandsk evangelium
På den svarte bakveggen kjem ein video av ein mann (også dette Svein Roger Karlsen) som framfører ein slags prolog. Han har klare Bibel-allusjonar. Det har regna og regna i tre dagar i strekk. Dette er sjølve Syndfloda. Til og med det folkelege gudshuset, Rikets Sal, er reist av garde i flaumen. 10-11 hus er tatt, ei jente er sakna. «Eit sånt regn er begynnelsen på slutten», seier mannen på veggen. Ei elv på Vestlandet skal ein ikkje spøke med, ho skal ein ta alvorleg, ho kan somme stader vere Gud, den som gjev og tar liv. Og her har ho rota rundt på alt. Under det heile ligg eit lydbilete komponert av Terje Isungset og Ole Herman Andersen. Klangane er klare, mørke og peiker mot noko dystert.
Familien
Mor Ruth (Marianne Krogh) kjem heim til mannen Olav. Ho er passe ufikst kledd i boblekåpe, skjerf og støvlar. Ho ryddar planlaust i blaute papir og ting og tang. Det er visstnok slik at Olav er skikkeleg sta og ikkje vil evakuerast til sonen Lars som er politi (Morten Svartveit) og sambuaren hans Mona (Kirsti Stubø) som har problem i samlivet sitt. Det er òg noko mellom Mona og Olav som ikkje er bra, men kva får vi ikkje heilt tak i. Sonen Martin (Oddgeir Thune), ein dresskledd kar, har køyrd over fjellet frå Oslo i den fine bilen sin for å – ja, kvifor er han eigentleg der? Det er ikkje heilt klart. Men det kjem fram at han er nyskilt frå ei som ingen i familien hugsar namnet på. Jau, Siss, heitte ho. Og Martin har vore saman med Mona for lenge sidan. Jonny (Peiman Azizpour) er den yngste sonen. Jobbar han verkeleg som prostituert? I kvart fall har han ei lita rolle i ein animasjonsfilm. Det er altså ein del kaos allereie i familien Svendsen. Og som flaumen kjem alt litt hulter til bulter.
Noas Ark
Alle løyndomane dei har lagra i dette huset flyt opp. Det er duka for ei rotbløyte av eit familieoppgjer. Og her har vi jo eit hav av klassikarar som driv med avdekking av familieløyndomar med retrospektiv teknikk, å referere til. Løyndomane til familien Svendsen blir litt kvardagslege for oss. Brørne Martin og Jonny går ned i kjellaren. Metaforisk går dei ned til noko fælt og traumatiserande som skjedde i barndomen kanskje? Dei kjem leikande opp med hjelmar dei har brukt til sportsaktivitetar på seg, og ein togbane. Barndomen i Svendsen-huset har kanskje vore både god og normal. Er det fordi Lars er impotent, eller er det fordi Mona har funne seg ein annan, at det er problem i ekteskapet deira? Uklart. Spelestilen er tradisjonell teaterrealisme. Mange av avsløringane vi får blir så pass kvardagslege at dei ikkje etterlet seg store avtrykk i oss.
Flaum er politikk
Olav er lokalpolitikar for Arbeiderpartiet og fagrørslemann. Han gøymer seg og kjenslene sine bak politiske slagord: Alt er politikk – flaum er politikk. Det er fordi flaumsikringa ikkje var kommen på plass at dette skjedde. Det er regjeringa sin feil! Når no sjølvaste Statsministeren kjem på besøk til bygda, har Olav meld seg frivillig til å få besøk som flaumoffer. No skal han få sagt på Dagsrevyen på NRK at alt er regjeringa sin feil. Og Statsministaren (Ellen Birgitte Winther) kjem. Ho har Erna-look, blå kåpe, paraply og ein hale av veskeberarar og sikkerheitsfolk. Her løyser alt seg opp i song og dans og musikal. Det er fargerikt og friskt, men det hadde ikkje gjort noko om det hadde vore enda meir overraskande koreografi.
Den svarte boksen
Mellom Olav og Ruth som har vore gift i 40 år er ikkje alt heilt bra. Og det har det ikkje vore på mange år, viser det seg. Ekteskapet deira er fastlåst, fastfrose. Etter ulukker med fly og båtar startar jakta på «Den svarte boksen» eller ferdsskrivaren. Når ein får tak på denne får ein svar på kva som skjedde rett før det gjekk galt. I flaumen har ein svart boks komme fram. Det er ein boks der Ruth har tatt vare på kjærleiksbrev som ho har fått frå ein mann ho har vore i lag med medan Olav og Ruth har vore gifte. Olav veit om boksen. Han har venta på at ho skal kvitte seg med han, men Ruth har ikkje klart det enno. Alt som er galt og fastlåst mellom dei er knytt til denne boksen. Og elva tar og elva gjev. Når Ruth til slutt klarar å lausrive seg frå dei lengslene og minna boksen representerer, og kaste boksen på elva, dukkar det opp eit nytt håp. Dei kan kanskje redde ekteskapet sitt. Flaumen er ikkje berre øydeleggande, han bringer òg nytt liv.
Det verdfulle, vesle livet
Historia om den svarte boksen reddar på eit vis også oppsetjinga. Det er i oppgjeret mellom dei to litt eldre ektefellane – og det oppgjeret dei tar med sine eigne liv – at det til slutt glimtar til. Her får vi nærleik til karakterane. Levd liv, kjensler, svik, draumar og lengt – alt dette flyt opp til overflata og blir synleg for oss. Livshistoria til Ruth og Olav blir rørande. Dette er ikkje historia om store bragder og heltedådar, men om kvardagsfolk og kvardagsliv. Dei to skodespelarane speler enkelt og neddempa, det fungerer fint. Når straumen til slutt kjem på og Olav dukkar opp på tv, har ekteparet trekt saman opp på loftet, scenen er tom for folk. Det er det vesle livet som tel, ikkje media og riksnyheiter.
(Publisert 20.09.2022)