
Det er eit skar i alt
(Førde): Slik slepp lyset inn. Cohen si kjende strofe snik seg inn tankane på veg ut frå teatersalen. I «Alt det lyse og alt det mørke» slepp lyset inn på gjennom slike skar, som finst i alt. Og i oss alle.
Alt det lyse og alt det mørke er første stykke ut i det nye teateråret på Sogn og Fjordane teater. Det er andre gongen Sogn og Fjordane
teater dramatiserer ein roman av Brynjulf Jung Tjønn. På fleire måtar er Alt det lyse og alt det mørke forma over same lest som iscenesetjinga av ungdomsromanen Så vakker du er for to år tilbake. Då som no er Miriam Prestøy Lie både dramaturg og regissør.
Slektsskapet syner seg tydelegast i måten begge stykka bruker musikk som stemningsskapar og lydkulisse, og saumlaust let artisten på scena spele seg inn i persongalleriet. Denne gongen er det Selma Stang som har komponert musikken. Ho låner både frå salmeskatten og folkemusikktradisjonen i sitt moderne uttrykk som i omtalen av stykket vert kalla elektronisk pop.
Lojal mot barneperspektivet
Der Så vakker du er fortel om tragisk, men vilkårleg sjukdom og død, er Alt det lyse og alt det mørke ei meir kompleks historie om omsorgssvikt gjennom generasjonar. I begge bøkene er det barnet som ser, opplever og fortel. Det lojale barneperspektivet særpregar heile forfattarskapen til Brynjulf Jung Tjønn. Å stå i ulike vanskar i gjennom eit barneliv er hans hovudtema. Tjønn vaks opp i Feios i Sogn, men vart adoptert frå Korea som liten gut. Sjølv understrekar han barndommen sin som ei viktig kjelde til inspirasjon i skrivinga.
Heilt sidan debuten har han markert seg med eit biletrikt språk med sanselege skildringar av barnlege opplevingar. Adaptasjonen til scena gjev høve til å fylle ut dei store tolkingsromma i tekstane. I dette arbeidet blir det ei utfordring å la det vere att litt plass i forteljinga. Vi som sit i salen kjem til teatret med våre eigne barndomsminne, våre eigne songar og draumar. Dramatiseringa av Alt det lyse og alt det mørke inneber klarare karakterteikningar enn vi finn i romanen, men dette gjev også ensemblet ved teatret høve til å briljere i rollene sine.
Opnar i det lyse
Romanen opnar i retrospekt, når Hildegunn kjem på besøk til mor si Vibeke på institusjonen der ho bur. På scena avsluttar historia med dette besøket. Opningsscena er i staden den lysaste av alle. Vesle Vibeke står oppglødd på scenekanten og fortel at far er stolt. Han skal bygge den nye kyrkja i bygda. Så kravlar jentungen rundt far sin på kjøkkenet der teikningane ligg på bordet. Far forklarer: Skip, våpenhus, tårn og klokke. Og når kyrkja er ferdig skal dei flytte frå huset dei bur i. Vibeke skal få det ho ynskjer seg aller mest: Ein villa med rosa rom!
Men Vibeke ynskjer seg ikkje noko rosa rom. Ho ynskjer seg ein edru far.

I det kraftfulle samspelet mellom Kyrre Eikaas Ottesen som far og Reidun Melvær Berge som Vibeke, er framsyninga umuleg å verje seg mot. Alle som har hatt foreldre eller er foreldre vil kunne kjenne seg råka av desse scenene, trass i at utfordringane ein sjølv har erfart vonleg ikkje er så store som dei vi ser på scena.
Det er eit skår i alt, i alle liv. Det er desse skåra vi vert minna om og som opplevinga i teatersalen lyser opp i oss, men frå ein annan kant. Frå eit nytt perspektiv.
«Saknet etter far var som eit dyr sprengt av svolt» kan vi lese i romanen. Slik spelar Reidun Melvær Berge både dei desperate forsøka på å berge far sin frå alkoholen og den nådelause lengtinga etter han, etter at han blir borte. Som eit dyr sprengt av svolt. Det er vondt å vere vitne til, men ein glitrande sceneprestasjon i det som må vere hennar mest omfattande og krevjande rolle ved teatret så langt.
Sterkast i det faste ensemblet
Stykket er sterkast i samspelet mellom skodespelarane i det faste ensemblet på teatret.
Det er med stort truverd Kyrre Eikaas Ottesen går i karakter som den ordknappe, alkoholiserte handverkaren som vil jenta si så inderleg vel. Å drikke for å «roe nervane» er ikkje nokon ukjent medisin i våre bygdelag. Framsyninga viser tydeleg korleis kvardagsspråket med sine fraser og seiemåtar er ubrukeleg for å løyse problema som tårnar seg opp.
Miriam Prestøy Lie har i si dramatisering teikna ei særleg tydeleg tolking av tante Liv Anette. I romanen kjem ho ikkje ut av skuggane, men på scena er ho desto meir skremmande og nærast skrekk-aktig framstilt, i alle fall ved første møte. Her får publikum eit etterlengta høve til å senke skuldrane og dra på smilebandet. Den kjeledress-kledde, stor-røykande tanta med det blodraude fødselsmerket på kjaken er som klipt rett ut av Stephen King sitt horror-univers. Stereotypien gjev ein komisk effekt, men i Idun Losnegård si lett karikerte tolking utviklar også den skumle tanta seg til å bli ein meir samansett og på sitt klønete vis snill omsorgsperson. Sviktar gjer ho, like fullt.
Aldri for seint å få ein god barndom
I Dordi Strøm sin diskrè, men effektive scenografi flyttar vi oss frå huset til skogen, frå skogen til byggeplassen, frå byggeplassen til kjøkkenet og frå kjøkkenet til kysten. Bakom skogane syng Selma. Somme tider ser vi ho mellom trea når tittelen blir til omkvedet i ein salme. Å reise slik er som å drøyme, og draumane får ei stadig større rolle i forteljinga.
Det er aldri for seint å få ein god barndom. Ein god barndom varer heile livet. Alt det lyse og alt det mørke gjev håp for ei slik vending, om ikkje for dei på scena, så for oss i salen. (Publisert 23.01.2019)