Robert Wilson og skodespelar Gjertrud Jynge (Den grønkledde) under ei prøve på Peer Gynt, Det Norske Teatret/ DNS 20025.

Robert Wilson (1941-2025)

Kvil i fred, Bob

Jon Fosse om Wilson.

Publisert Sist oppdatert

 Og så var også Robert Wilson for alltid borte. Når tydelege og markante kunstnarrøyster forsvinn lét dei etter seg eit ljomande tomrom. Og kanskje særleg når dei ein har samarbeidt noko med ikkje lenger finst til mellom dei levande men er gått over til dei dødes enorme skare. Eg har opplevt fleire slike fråfall i seinare år. Det er som om ein heil generasjon av dei mest sentrale teaterpersonlegdomane no vert borte, den eine etter den andre.

Eg skal ikkje skryta på meg noko nært tilhøve til Robert Wilson. Sist eg høyrde frå han var då han sende meg ein handskriven gratulasjon då eg fekk nobelprisen, eit lite wilsonsk kunstverk i seg sjølv, ja så tydeleg var signaturen hans i alt han gjorde.

Gratulasjon til Jon Fosse frå Robert Wilson, 2023.

Eg omsette i si tid Peer Gynt til nynorsk for ein vel smått legendarisk produksjon på Det Norske Teatret. Det som då slo meg var kor utruleg godt øyra Wilson hadde for tekst. Eg skal ikkje nekta for at det var passasjar i omsetjinga mi eg aldri heilt klarte å få godt nok til, og når ein i framsyninga kom til dei sat eg der noko uroleg og ottast det verste. Men det var ingen grunn til det. Jau visst merka eg at omsetjinga ikkje her eller der flaut heilt godt, og det må Wilson òg ha merka, for på forunderleg vis makta regien hans på slike stader å jamna ut hakkinga i teksten. Det var veldig opplyftande, ja nesten magisk. Eg veit at Wilson påstod at han ikkje brydde seg om tekst, men han hadde eit genialt øyra for rytme og flyt og lyd, ja det ein i si tid snakka om som dei materielle sidene ved språk. Tydinga var kanskje ikkje så viktig for han, men tyngda var det, for å seia det slik.

Eller kanskje visste han uvanleg godt at det ikkje er det synlege men det usynlege språket som gjer dikting god. Ikkje det som er skrive med svart, men det som er skrive med kvitt.

Då vi ein gong åt middag saman sa eg noko kanskje provoserande, eg sa at teksten er heilt sentral for teateret. Utan god dikting ikkje godt teater. Wilson såg på meg og sa at nett det hadde han òg kome fram til, og innsåg tydelegare og tydelegare.

Han tok, gjennom assistenten sin, seinare kontakt og spurde om vi skulle samarbeida igjen. Det gledde meg. Eg skreiv då stykket Hav som Wilson fekk tilsendt. Han likte stykket godt og ville setja det opp. På den tid hadde eg gjort ein avtale med Per Boye Hansen, då festspelsjef i Bergen, om at eg skulle skriva eit nytt stykke kvart år til Festspela. Eg kjende difor plikt til også å senda stykket til han. Og så byrja ei endelaus soge der Boye Hansen freista finna samarbeidspartnarar til ein urpremiere. Det synte seg vera vanskeleg, men det eg veit kom det så langt som til at alle kontraktar var forhandla og skrivne, det einaste som mangla var at Det Norske Teatret skulle signera dei. Og i siste stund trekte dei seg, det eg fekk vita av økonomiske grunnar. For alt eg veit er historia ei heilt anna enn den eg har fått fortalt. Sikkert er i alle fall at Wilson fleire gonger formidla til meg at han likte stykket svært godt og gjerne ville setja det opp.

Og så vart det til at han nokre år seinare skulle setja i scene Edda for Det Norske Teatret. Eg vart då spurd om å skriva ein slags scenisk versjon av eddadiktinga. Det freista eg få til. Eg skreiv temmeleg nært tekstane i Den eldre Edda, ofte tenkjer ein på tekstane der som eit slag dikt, men det er eigentleg små dialogar eller lengre monologar, ja nesten som fragment av teaterstykke. Eg skreiv tett på originalane, men laut endra litt somme stader for å få teksten til å stå fram som ein heilskap. Men det arbeidet var til fånyttes. For Wilson strauk nesten alt som var av tekst. Og for i det heile å få det til å verta ei slags meir eller mindre skjøneleg framsyning laut dramaturg Carl Morten Amundsen så å seia, etter det eg har høyrt, smugla stroken tekst inn att. I alle fall var produksjonen klart best i dei strekka der det var med mest tekst, særleg vart slutten god.

Så Wilson meinte kanskje ikkje heilt det han sa til meg under den middagen? Det får vera som det vil. For god på wilsonsk vis var framsyninga, frå fyrst til sist.

Somme meinte at teateret hans var datert, at han gjorde det same i tiår etter tiår og hadde du sett nokre produksjonar gjekk du etter kvart lei. Kanskje det. Wilson var biletkunstnar, han ville få det tause biletspråket til å tala, og han hadde, som alle sterke kunstnarar, sitt heilt særeigne språk. Som gjennom at det var så sterkt og tydeleg også og ikkje minst synte fram noko sårbart, ja kor skøyrt mennesket er. Det er med sorg eg tenkjer at dette språket no har tagna og ikkje fleire gonger skal falda seg ut.

Kvil i fred, gode Bob.

Powered by Labrador CMS