Underhaldning over handling
Film eller teater, «Plan 9 from Outer Space» heng ikkje på greip. Ikkje at det naudsynt er dumt.
I 1957 kom filmen Plan 9 from Outer Space ut, laga av Ed Wood. Filmen er rykta for å vere ein av verdas
dårlegaste skrekkfilmar, men har til trass skaffa seg tittel som kultklassikar. Dette har regissør og avgangsstudent i Master ved Den Danske Scenekunstskole Heiki Riipinen gitt seg ut på. Med dramatisering av Sonja Ferdinand har Riipinen skapt ei framsyning som bevarer den diffuse handlinga til Wood.
For å forklare filmen kort: tre romvesen ønskjer å sørge for at menneske ikkje lagar ein større bombe enn atom- og hydrogenbomba, og dette gjer dei ved å vekke daude menneske til live. Utan å forklare noko om kvifor dei tenkjer dette er ein god løysing. Denne planen kallar dei for Plan 9.
Teaterkjeller’n er eit flott lokale som byr på mykje stemning. Vi i publikum sit i ein oval ring rundt sceneområdet, og dette skaper ein intim atmosfære, samt ein mogleik for publikumsinteraksjon. Eit lerret heng lenger bak i lokalet og ein projektor blir flittig brukt gjennom framsyninga. Lerretet doblar òg som sceneteppe – ein artig effekt.
Frå film til scene
Inngangen for framsyninga er henta rett frå starten av filmen: Criswell Predicts er på lerretet og fortel oss om «that fateful day». Denne introen er pretensiøs i filmen, men latterleg morosam på scena. Eg tolkar bruken av dette klippet som ein måte å tidleg vise til at denne framsyninga har tenkt å bruke filmen for alt den er verdt av komiske innslag.
Det er uendeleg mange absurde augneblink i framsyninga vi ser. Blant anna er det ei scene mellom to av rollene, spela av Martha Rasmussen Lubiana og Petronella Barker der Lubiana står bak bardisken med vid open munn. Dette er eit tydeleg nikk til ein (kanskje to) av karakterane i filmen til Wood. Men i staden for å vere ein zombie med eit ønskje om å drepe deg, er det ein bartender heilt mållaus av at Barker nettopp har bedd ho gjette kor gamal ho er. Denne scena blir følgt opp med eit lydklipp frå filmen der romvesen kallar menneske for dumme. Sidan fokuset har vore på forfengelegskap i førre samtale, vurderer eg om denne typen ego er blant dei tinga som gjer menneske dumme og at dette er eit underliggjande poeng i framsyninga.
I filmen er det ein del skriking frå kvinner. Ofte skjer skrikinga av skjermen for å unngå å vise angrepa frå zombiane, som vidare latterleggjer klippinga i filmen. Når Barker i framsyninga då set i eit skrik som varer lenge, blir dette eit tydeleg nikk til nettopp desse skrika. Men her drar framsyninga det ein god del lenger. Barker stoppar ikkje med eitt langt skrik. Nei, ho spring av scena medan ho held på. Ho spring opp trappa frå kjellaren og vi høyrer skriket falme i volum medan ho er i etasjen over, før ho ender opp tilbake hjå oss på andre sida av scenekanten. Det er ein heilt latterleg sekvens, og det nyt eg. Utifrå latteren til publikum å dømme, nyt dei òg dette.
Lydklipp blir stadig tatt i bruk gjennom framsyninga. Blant anna er det ein morosam remiks av replikkar frå Plan 9 from Outer Space, samt mange andre kultklassikarar. Desse replikkane blir mima av skodespelarane, i varierande overtyding. Her kjem blant anna replikkar som omhandlar fysisk utsjånad og intellekt opp att, som igjen styrkar tanken om at forfengelegskapen til menneske gjer oss mindre smarte. Dette meiner eg ikkje er ein moralsk preike frå regissøren. Det verkar ikkje som om moralitet har ein plass i dette stykket, og i denne framsyninga er det bra. Her er det underhaldning som er fokus.
Verktøy og handling utan samanheng
Framsyninga brukar ein heil del verktøy for formidling som i dei fleste andre framsyningar ville vore grunnlause klisjear. Det er dei her òg, men her kjem det grunnlause fram som poenget i framsyninga. Eg nemnde skriket til Barker tidlegare, og det kjem mange skrik på tilfeldige stader. Dei har eit augneblink der skodespelar Anette Waller blir heist opp i lufta etter kjettingar der ho syng «Heroes» av David Bowie. Det er innslag av filming frå Oslo sine gater, der romvesen går inn på Normal. Det er så mykje som dukkar opp at det ikkje blir tid til å vurdere effekten av kva vi ser, berre ta det for kva det er – ein parodi inspirert av verdas dårlegaste skrekkfilm.
Eg seier inspirert, då framsyninga har ein del avbrekk som ikkje har noko med Plan 9 from Outer Space å gjere. Dette «mellomspelet» som bryt frå resten er uklårt. Det er mogleg å legge meining i dei forskjellege sekvensane, blant anna når rolla som mor spela av Geddy Aniksdal mistar ei blomsterpotte i golvet og seier «det var ikke med vilje». I framtoningen til Aniksdal tolkar eg demens. I ei scene mellom arbeidsgivar og arbeidstakar ser eg manipulasjon frå arbeidsgivaren. I ei scene mellom leigebuar og huseigar ser eg schizofreni. Poenget er at det er fleire moglegskapar for å tolke alt som skjer, men det har ingen samanheng. Heile framsyninga har gitt og vist så mykje varierande at det er for mykje å ta tak i – og mindre tid til å forstå. Dette ser eg som nærmast ein hyllest til filmen sin tynne handling.
Oppsummert
Eg meiner framsyninga vinn mykje på at publikum har sett filmen i forkant. Handlinga heng ikkje på greip, men fordi eg har sett filmen, blir dette eit nikk til nettopp filmen sin mangel på meining. Med tanke på at filmen er ein kultklassikar, tykkjer eg framsyninga har med akkurat det dei treng av materiale for å vise den respekten (respekt er her eit relativt omgrep) som filmen fortener. Alt i alt er dette ei artig framsyning, og eg nyt å berre la det som skjer på scena vere kva det er: Underhaldning.
(Publisert 03.05.2023)