
ANMELDELSE
Noko fint no, men på langt nær det finaste
(Drammen): Brageteateret vil vise alt Hellbillies sine tekstar kan romme, men gløymer å lytte til dei.
I 2021 måtte Teater Innlandet avlyse sitt Hellibillies-prosjekt Den finast’ eg veit grunna pandemien.
No har det noko meir nærliggande Brageteateret teke på seg oppgåva å få Hellbillies frå Ål i Buskerud opp på teaterscena. Det har blitt ein jovial affære, med eit tydeleg ønske om å seie noko viktig om ambivalent kjærleik til bygda.
Stilisert grendehus
Scenografien er ei naturtru gjenskaping av innmaten på eit gjennomsnittleg samfunnshus, med grelt furu-panel, blinkande lysrør og utstoppa elgokse.
Å ta samfunnhuset inn i blackboxen, i staden for å ta denne framsyninga med på grendehusturné, opphøyrer nostalgien og gir inntrykk av at det er tydeleg intensjon bak omstenda.
Det gjer også noko med metafysikken i det elles trauste rommet. Dette er eit falskt samfunnshus, kor alt kan hende. Ikkje eit ekte eit, kor ein som regel kan føresjå kveldens utfall.
Gamle songar om overgangar
Med konfirmasjon og overgang som raud tråd utviklar Den finast’ e veit seg raskt til eit fortetta drama som spelar seg ut over ein kveld, med samfunnshuset som åstad.
Ensemblet kjem inn, knyt på seg skoa, og er klare for å dra ut i verda. Songen «Gode spørsmål» set ei smørblid tone, og vipps er det duka for konfirmasjon.
Mor (Silje Breivik) og far (Mads Skar-Jørgensen) til Stine jobbar iherdig for å få alt på plass, medan Stine (Catharina Vu) berre vil spele i band med venene sine. Ho har begynt å lefle med meir urbane politiske standpunkt enn familien, og reiser føreseielege spørsmål om ulv og bensinbil.
Og bunad skal ho i alle fall ikkje ha, sidan ho kjenner bestemora «Gommo» si klamme hand gjennom den omsydde arve-bunaden.
Fortrulegheit med publikum

Den stilige stiliseringa av samfunnshuset har ei bakside. Kontrakten med publikum vert uklar. Er det ein teaterkonsert på eit samfunnshus, eller er dette «sånn ekte teater» kor ein skal sitje med henda i fanget?
Når gjestane i konfirmasjonen etter kvart kjem, vert det antyda at det er publikum som er gjestane. Her hadde tilskodarane trengd ei tydelegare invitasjon, for å tore å tre inn i rolla. Det er eit lurt grep, som eg mistenker det allereie taktklappande publikummet ikkje hadde takka nei til, men eg forstår sjølv ikkje om det er skodespelarane som er ueinige om det er ein fjerde vegg, eller om dei ikkje har turt å ta ideen heilt ut.
Jakob Stabell i rolla som Lars flørtar til dømes skamlaust med publikum, og er ein keitete og sjarmerande bestevenn for Stine. Stabell serverar vitsar i fortrulegheit med publikum, og har eit «Spel Johnny spel»-nummer kor den virtuose Lars nærmast vert teke over av ein ung Aslag Haugen.
I konflikt med kvarandre
Handlinga i stykket er travel, og manuset er ofte unødvendig eksposisjonstungt, sjølv når karakterane går igjennom store, tydelege livskriser.
Det er antydning til eit drama som kunne minna om ei bygde-tolking av Lars Von Trier sin Festen, men karakterane her får aldri tid til å ta inn over seg alvoret.
Dei mange konfliktlinjene kjem i konflikt med kvarandre, og tek lufta ut av klimaksa, i staden for å bygge kvarandre opp. Sjølv om omstenda er enkle, vert ingen av trådane berande.
Det manglar ei tillit til at Hellbillies sin kvardagslege visdom kan vere nok, i staden verkar det som dei er redd for at skodespelarane ikkje skal få like mykje scenetid.
Det verkelege overgangen
Framsyninga skal på turné rundt om i Buskerud. Når det vert laga teater for eit distriktspublikum er det ofte det maskuline som vert heva som sjølve bygdekulturen.

Her tykkjer eg dramatikar og regissør Toril Solvang-Kayiambakis har gjort ein god jobb med å synleggjere den moderne kvinna si plass på bygda. Ho fortel om ei gammal gommo som trekk i trådane, ei mor som kjeder vettet av seg i dei små omgivnadene, og om Stine som har funne sitt eige verdigrunnlag.
Den mest forseggjorde historia i stykket er reisa til mora Eva, som er midt i verste overgangsalderen, og kjenner seg utilpass i eigen kropp.
Eg trur hennar monolog om korleis ho opplever hetetokter og tørre slimhinner er noko kvinnene som kjøper billettar til denne framsyninga er langt frå mette på.
Stadig vekk er ho midt i ein røyksky, som at det dampar ut av øyra på ho.
Det skal også vise seg at rastløysa hennar har ført til ein aldri så liten affære med sløydlæraren.
Kva vil folk seie?
Far er derimot ein meir generell representant for dei milde, treige bygdekara. Deretter ein representant for dei ulvehatande, by-skeptikarane, og til slutt dei mørkaste sidene ved dei mest inngrodde tussene.
I etableringa verker det som eit poeng at fasaden må bli opprettheldt for å innfri forventingane frå bygdesamfunnet. Men utover stykket har karakterane rett og slett for mange trådar å halde i til at dei klarer å ta stilling til verda utanfor.
Den nyklekte hanreien får til dømes knapt ta innover seg nyheita før bror hans (Iver Innset) kjem med forferdelege skuldingar frå fortida.
Innset skal likevel ha kudos for at han tør å sprekke den joviale bobla, og verkeleg gjere noko stort og vondt ut av lidinga til karakteren Ulf-Magnus.
Aproposmusikk
Musikken er både rørande og full av humor. Men dei kjem iblant farleg nærme å bli meir «aproposmusikk» enn å drive stemningar og handlingar vidare.
Songane er understrekande, gjerne til den grad at dei tek ting på kornet, men eg saknar at dei er ein del av historia og gir oss noko meir. Trass eit godt Hellbillies-repertoar, når ein aldri heilt potensialet til å gå i dialog med tekstane.
Eg må understreke at songane er sterke augeblikk. Eit høgdepunkt er «Røta» som vert sunge av Lars (Jakob Stabell). Etter å ha fortald Stine om ein heim med vald og rus, set Lars i å synge med mild, nesten brestande røyst. Ein ung gutestemme som lengtar vekk, men som er klok nok til å forstå kva han forlèt. Det gir tyngde til karakteren og styrkar historielinja hans, slik musikalsjangeren kan gjere når den treff som best.
Catharina Vu held musikknummera oppe på eit høgt nivå, trass eit litt ujamt ensemble med songarar. Sjølv om ho slit litt med Ål-dialekten, spelar ho godt i rolla som trass og litt naiv ungdom i opposisjon til familien.
Fanga på samfunnshuset

Karakterane forlèt aldri rommet, som blir kunstig når scenografien er så geografisk spesifikk og dei ikkje har metafysisk grunn til å ikkje gjere sortiar. Dei prøver å gøyme seg, men ryggen til, og gi fokus, men heller vert eg usikker på kva dei gjer. Nokre gongar er det nemleg eit poeng at dei tekstar folk i hemmelegheit med ryggen til.
Sjølv om handlinga går føre seg gjennom éin konfirmasjonsfest, og karakterane er «fanga» i rommet, er ikkje tida einskapleg. Nokre gongar er publikum ein del av festmiddagen og lyttar til talar, andre gongar er det private, nesten filmatiske samtalar i eit hjørne som dei andre ikkje ser.
Når det kjem til spelestil har dei haldt seg i realismen og omegn, med eit litt naivt preg over karakterane. Det tykkjer eg styrker overraskinga over kor dryg forteljinga etter kvart blir.
Dei få store utbrota verker som dynamiske verkemiddel, men er dessverre ikkje heilt emosjonelt forankra i karakterane.
Krasafarne hjarter
«Sjølv når hjarta er krasafarne, kan ein ny song alltid begynne», skriv teateret. Det er ein fin tanke at ikkje alt treng å løyse seg for at ein skal kome seg vidare i livet.
Men Den finast’ e veit klarer ikkje å få meg på å tru at desse nedbrotne desperate menneska berre kan synge seg vidare. Dei fortener rett og slett meir plass til å fortelje historiene sine.
Her er det nok å ta av til ein heil sesong med såpeopera.
Den finast’ e veit har gapa over ei for generell tese når dei vil prate om krasafarne hjarter frå bygda.
Det er fullt av gode idear og problemstillingar. Dei når sitt publikum utan å bli for interne, men tør ikkje ta tak i dei vanskelege temaa dei sjølv tek opp.