PRESSEMELDING
Får 85 millionar til etablering av Fosse-senter
Fosse-stiftinga får eit samla løft på til etableringa av eit nasjonalt senter for nobelprisvinnaren Jon Fosse i Strandebarm. Bak gåva står Sparebanken Norge, Sparebankstiftelsen Sparebanken Norge, Vest, Hardangerstiftinga og næringslivsleiaren Trond Mohn.
– Dette er ein historisk dag for Fosse-stiftinga og alle som har arbeidd for å løfte fram forfattarskapen til Jon Fosse, seier styreleiar Valgerd Svarstad Haugland i Fosse-stiftinga.
Forfattar og dramatikar Jon Fosse (f. 1959) blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 2023. Han er ein av dei mest spela nolevande dramatikarne i verda, og verka hans er oversett frå nynorsk til meir enn 50 språk. Det planlagde senteret skal byggjast i heimbygda til forfattaren, Strandebarm i Kvam.
– Vi er heilt avhengige av støtte frå andre bidragsytarar enn staten, fylket og kommunen for å realisere planane for Fosse-senteret. Denne gåva inspirerer oss og gir oss frimod til å utfordre andre som kanskje kan tenkje seg å støtte oss, seier Svarstad Haugland.
Eit levande senter til ein levande forfattar
Sparebankstiftelsen Sparebanken Norge, Vest og Hardangerstiftinga bidreg med 25 millionar kroner kvar, medan Sparebanken Norge bidreg med 10 millionar kroner. Til saman utgjer dette 60 millionar kroner frå sparebankmiljøet. I tillegg bidreg næringslivsleiaren Trond Mohn med 25 millionar kroner og stiller tomt til disposisjon for prosjektet.
Tildelinga vart offentleggjord under eit arrangement i Strandebarm tysdag føremiddag, der representantar frå Fosse-stiftinga, gjevarane og lokalsamfunnet var til stades.
– Pengane vil gå til å byggje eit Fosse-senter slik vi drøymer at det skal vere; ikkje kjempestort, men det skal kunne romme ein internasjonal storleik som Fosse, seier Svarstad Haugland.
Planane omfattar mellom anna bibliotek, scene og formidlingsarenaer vigde til livet og forfattarskapen til Fosse. Ambisjonen er å ta imot både nasjonale og internasjonale gjester, og å leggje til rette for litterære arrangement, teateroppsetjingar og samarbeid med aktørar innan litteratur og scenekunst.
– Vi har ikkje mange nobelprisvinnarar her i landet. Det er 100 år sidan førre gong ein nordmann fekk prisen. No får vi høve til å skape eit levande senter der fleire kan oppdage og oppleve litteraturen til Fosse. Andre nobelprisvinnarar har fått sine sentre, men det er ekstra spesielt at nobelprisvinnaren lever medan senteret blir bygd og er ein aktiv og skapande forfattar i kulturen vår i dag, seier Svarstad Haugland.
Betydning langt inn i framtida
Den samla prislappen for prosjektet er estimert til om lag 365 millionar kroner.
– Sparebankmodellen gjer at vi kan gi delar av overskotet til banken tilbake til samfunnet, og då er det ekstra meiningsfullt å kunne støtte kunst- og kulturprosjekt som vil få betydning langt inn i framtida, seier dagleg leiar i Sparebankstiftelsen Sparebanken Norge, Vest, Frank Johannesen.
– Fosse-senteret er eit prosjekt med sterk lokal forankring, samstundes som det har stor nasjonal betydning. Det skal ta vare på og formidle ein av dei viktigaste forfattarskapane vi har, og gjere han tilgjengeleg for endå fleire. Dette er akkurat den typen prosjekt banken og stiftingane, som eg representerer, ønskjer å støtte, seier Johannesen.
Sjølv om finansieringa no har fått eit betydeleg løft, står det framleis att arbeid før prosjektet er fullfinansiert.
– Vi har søkt om statlege midlar og er spente på handsaminga til regjeringa. Vi får ikkje svar før statsbudsjettet blir lagt fram i oktober, seier Svarstad Haugland.
Om Fossestiftinga:
Fosse-stiftinga skal ha til føremål å formidla kultur i Strandebarm og nærliggjande område ved å fremja interessa for scenekunst og litteratur generelt, og særleg Jon Fosse sin forfattarskap. Stiftinga vart etablert i 2013.
Frida Fluge, Kommunikasjonsrådgiver, Sparebanken Norge