Kattane i Ungarn

Ein tekst om Olav Myrtvedt i Dunaújváros, Ungarn, 1997, av Jon Fosse.

Publisert Sist oppdatert

I Dunaújváros, ein by ein times kjøring frå Budapest, seinhaustes 1997, går Olav Myrtvedt og eg langs dei breie lange gatene der berre ein og annan bil kjører og når ein butikk dukkar opp ser vi etter kattefigurar, for den vesle dotter mi samlar på slike og på mine ulike reiser prøver eg gjerne å få kjøpt ein eller fleire med heim til henne, og vi går og går, Olav og eg, og same kvar vi ser er det ikkje ein kattefigur å sjå, og vi går lenge, begynner kanskje til og med å bli litt trøytte og enno har vi ikkje sett snurten av ein einaste kattefigur og så kjem vi til ein marknad der dei sel likt og ulikt småtteri, billige plastleiker, brukte klede, nyare strømper, ballongar, og også det vi er på leiting etter, kattefigurar. Vi finn ein kattefigur. Den kjøper vi. I den kalde føremiddagen, men med stigande morgonsol, går vi vidare rundt i gatene i Dunaújváros, ein by bygd opp rundt eit stålverk og som til for ikkje lenge sidan heitte Stalinváros, Den nye Stalin-byen, og som var den første sosialistiske byen i Ungarn og som så, på grunn av historias gang, fekk sitt namn endra til Dunaújváros, Den nye byen ved Donau, og der det i kveld, i byens teater, skal vere premiere på A gyermek, Barnet, som Olav har laga scenografi til og eg har skrive. Vi går gjennom dei rette gatene i byen der, og over dei rette plassane. Eit par år tidlegare samarbeidde vi også om ein forestilling, det var i Bergen, eit stykke som heitte Namnet og som blei sett opp på Den Nationale Scene, men då, der i Bergen, var det vår og forestillingen skulle vere til Festspela. Og så tidlegare denne hausten var vi i Stavanger, der Rogaland Teater sette opp stykket Natta syng sine songar, då var det tidleg haust, nesten sommar og no går vi rundt i Dunaújváros og det nærmar seg jul og vi kjem til enno ein marknad, ein kjøtmarknad der dei fleste varene er utselde, ser det ut til å vere, likevel finst der ei bu med nips og andre figurar, deriblant ein katt utstyrt med plastblomar på ryggen og skarpt men mildt blå i fargen. Den plukkar Olav opp og meiner at eg må kjøpe, den også. Eg kjøper også den. Og så går vi vidare, og i eit butikkvindauge ser vi enno ein katt, i plast denne gongen, og den òg må kjøpast, det meiner i alle fall Olav. Og så kjem vi til enno ein marknad, og også der er ein kattefigur som må kjøpast. Og vi går vidare, til enno ein marknad, til enno ein kattefigur. Til sist er der kattar over alt. Eg har aldri før sett så mange kattefigurar i mitt liv som der i Dunajúváros, først var ingen å sjå og så kryr det av dei og då vi kjem attende til det ganske forfalne før dette sosialistiske innlosjerings-huset der ein bur kjenner eg meg langt rolegare enn då eg gjekk ut derifrå endå det no berre er nokre timar att til premieren og eg no går og ber på ein pose i plast med ei rad kattefigurar oppi, deriblant ein skarpt men mjukt blå med plastblomar sette som i ei utgraven blomsterpotte på ryggen og rundt halsen hennar heng det som eit lite smykke av ganske så små raude julekuler.

 

Tekst til Olav Myrtvedt, 1998

 

 

 

Powered by Labrador CMS