Ved Collages 5-årsjubileum, i studioet i Storgata, 1979. Frå venstre: Aase With, Lise Eger, Mette Rønning, Anne Hellum, MOna Walderhaug, Tude Stokke, Hege Gabrielsen, Inger Buresund og Sølvi Edvardsen.

ANMELDELSE

Vegvisar i eit kroppsleg minne

Danseinformasjonens Ærespris for 2025 går til Collage Dansekompani, eit av dei mest aktive og innverknadsrike frie dansegruppene i Noreg. Bokutgjevinga Collage Dansekompani: Filo d´Erba or Frail Creation av Cecilie Lindeman Steen i Black Box sin serie Scenekunstklassikere er eit verdifullt tilskot til historia om internasjonaliseringa av norsk samtidsdans. Prisen blir delt ut under eit jubileumsarrangement på Dansens hus 31. januar.

Publisert Sist oppdatert

Collage Dansekompani: Filo d´Erba or Frail Creation

Av Cecilie Lindeman Steen

«Scenekunstklassikere» #4 Black Box teater

 

Gjennom 20 års drift laga Collage Dansekompani 64 produksjonar og turnerte i både inn- og utland. Pionerverksemda deira la grunnlaget for strukturar og støtteordningar slik vi kjenner dei i dag og arbeidet deira var med på å spreie internasjonal dansekunst til Noreg. Koreografar frå utlandet vart invitert til å skape verk for kompaniet, og slik bana dei veg for nye strøymingar i samtidsdansen. For korleis omsetjast nye idear om dans når dei landar på ein spesifikk stad, tid og miljø? Det høver ypparleg å plukke opp bok nr. 4 i serien Scenekunstklassikere frå Black Box teater, skriven av dansekunstnar Cecilie Lindeman Steen, for verkeleg å få innblikk i avtrykket kompaniet har etterlate seg. 

Boka tek føre seg skapinga av verket Filo d´Erba or Frail Creation av den italienske koreografen Giorgio Rossi frå 1989, der Lindeman Steen sjølv medverka som dansar.

 

Vegvisar i eit kroppsleg minne

Boka er smal i formatet, nesten som ein reiseguide. Og kanskje er det nettopp det den er? Ein vegvisar i eit kroppsleg minne, der anekdotar, intervju, dagbok-aktige notat og analysar blir eit kart å orientere seg i. Boka er rikt illustrert med bilete frå arkivet i god kvalitet. Særleg set eg pris på dei sceniske skildringane av Filo d´Erba i manusfont som liknar sceneanvisningar og er episodisk inndelte, desse tekstane har eit eige tempo og driv som fylgjer dansens vekslande tempo og dynamikk. Lindeman Steen er både dansar, koreograf og kritikar og ser ut til å skrive frå alle desse rollane i denne mangefasetterte utgjevinga. Ho skriv vart og grundig både frå innsida og utsida, vekslar språket frå det informative til det meir undrande, lyse og poetiske. Bokas form verkar inspirert av strykekvartetten av John Cage, ein Quodlibet: blanding av mange forskjellige formar i ein, der melodiar som opphaveleg ikkje høyrer saman framførast samtidig. Til tider fargast særleg samtalane av for mange superlativ og utropsteikn som gir dei ein intern karakter. Slike parti kunne trengt meir redaksjonell støtte for lesaropplevinga sin del. Men det gjennomgåande nyfikne til Lindeman Steen er smittande, og ho dekkjer svært mange aktuelle tema gjennom å reflektere vidare frå samtalane.

 

Dansaren som koreograf

Lindeman Steen tek oss med tilbake til seint 1980-tal, til den fyrste testprøven med koreograf Rossi i Collage sitt dansestudio i Storgata, som låg rett over ein bingo. Veggane var tynne og difor kunne det høyrast monotone bingo-opplesingar som blanda seg inn med tellingar. For prøvane byrja med noko dei var vande med: å lære trinn, i form av «Little Dance», som dei terpa på igjen og igjen. Men gradvis utvikla prosessen seg til noko anna, der Rossi med «mjuk autoritet», fekk fram nye sider i dansarane, utfordra dei snille og milde på å bli sinte, fekk dei virtuose til å bli mjuke. Lindeman Steen reflekterer omkring rolla til ein koreograf som posisjonerte seg både utanfor og innanfor ved aktivt å danse sjølv under prøvane, noko som var uvanleg på den tida. Ho er oppteken av utøvarens koreografiske kompetanse: «Jeg mener at gode dansere besitter en kroppslig forankret kunnskap, som har betydning for alt de gjør; hvordan de forholder seg til rommet , forstår relasjonen til andre dansere, hvordan man frå innsiden forstår eller erfarer tid – sanselig koreografisk kunnskap.» Eg hugsar at eg som ung dansestudent trudde det låg ein automatikk i forholdet god dansar – god koreograf. Seinare la eg frå meg denne haldninga. Lenge har det rådd ein annan førestilling om kva som utgjer ein dyktig koreograf – at ein kan kontekstualisere, identifisere tendensar og kome med motsvar. Men Steen lyfter igjen verdien i at den gode dansaren kan koreografere godt, nettopp fordi hen kan danse, at det finst ein eigen sensitivitet for dynamikkar og skifte. Dette var ein haldning som allereie eksisterte i Collage, då dei ofte bytte på å vere dansarar og koreografar. Ved å skifte rollar på denne måten skapa dei rom for både individet og kollektivet og det var ein banebrytande måte å jobbe på som har påverka feltet fram til i dag.

 

Estetiske overgangar

Prøve på Filo d'Erba or Frail Creation, TRAFO, 1989. F.v.: Victor Trutt, Aase With, Mona Walderhaug, Cathrine Smiith, Giorgio Rossi, Odd Johan Fridzøe, Nina Ly og Cecilie Lindeman Steen. Foto: Erik Berg

Det er heilt klart at Rossi sin måte å arbeide på, som var kraftig inspirert av amerikanske koreografar som Carolyn Carlson, var ny i Noreg på denne tida – her til lands var det i stor grad framleis det analytisk-tekniske som hadde komen med Graham-teknikken som var dominerande – modernistisk, funksjonelt og presist, fødd i ein alder av maskiner. Rossi fortel i intervju at han nytta «instinkt», og jobba nærare det «naturlege». Sidan den gong har slike kategoriar igjen blitt reforhandla, i dag vil ein peike på at kva som definerast som «naturleg» også er menneskekonstruert og i så måte kunstig. Men i denne samanhangen var nok timingen for ein slik tenkemåte heilt riktig og kom som respons på dei føregåande tendensane.

Ein kan også seie at samtidsdansen dei siste 20 åra ofte har hatt ein meir eksplisitt politisk eller aktivistisk rolle enn den hadde på den tida. I Noreg har påtroppande Carte Blanche-sjef og koreograf Mia Habib vore ein tydeleg profil for ein slik arbeidsmåte: ho insisterer på dansens kraft til forandring og går eksplisitt inn med politisk engasjement. Men Lindeman Steen er i eit parti inne på det eg tenkjer på som ein mogleg tendens: ein dreiing av fokuset vekk frå dansen som politisk middel og over i dans som noko som fasiliterer tilstandar. Ho siterer Magdalene Solli sitt masterprosjekt i dans: Solli har liten tru på scenekunst som substitutt for politisk arbeid og meiner at den heller kan vere med på å skifte perspektiv ved å til dømes legge til rette for ei anna tidsoppfatning. Eg oppfattar at fleire unge koreografar arbeider på denne måten. Lindeman Steen skriv: «Jeg trekker linjer forbindelser 35 år tilbake i tid, til den gang Giorgio vektlegging av å la ting ta tid, det enkle, å vente, å lytte, å være stille – som han fortsatt holder på med.» Kanskje går det i bølger, dette med å tenkje på scenekunst som eksplisitt eller indirekte middel for å skape endring i verda. I Collage verkar det til at handverket, dans og musikk stod i sentrum for skapinga av kunsten, dei engasjerte også til dømes ein heil mengde komponistar i gjennom sin aktivitet. Deira politiske slagkraft låg kanskje fyrst og fremst i måten dei jobba på, heller enn i innhaldet – også i grunngjevinga for prisen blir det vektlagt at dei gjennom solidaritet, nytenking og kollektive samarbeidsmåtar skapa eit grunnlag for det mangfaldige dansefeltet me har i dag. Det er ein måte å legge ned innsats på som er førebiletleg også ut over dansefeltet.

 

Det frie feltet i frammarsj

I lesinga oppstår det tankesprang i både personlege, kunstnariske og kulturpolitiske retningar. Til dømes denne praksisen med å invitere koreografar frå utlandet til å skape verk for seg – den høyrer i dag stort sett berre heime i institusjonane, truleg av økonomiske grunnar. Men handlar det også om ein form for kollektiv motivasjon, ei kjensle av eit oppdrag, der dansen er ein grunnleggande nødvendig, ja livsviktig del av samfunnet? Eg les om 3 månadars lange prøveperiodar og omfattande turnear, oppslag og meldingar i frå dei største avisene til dei lokale – å lese denne boka er ei historie om den gong det frie feltet var i frammarsj og ein påminnar om kva som er i ferd med å byggast ned. Eg les med ei kjensle av sakn, nesten vemod, sjølv om eg ikkje var der. Eg blir riven med av det visjonære, trua på at me har makta til å skape forandring, og er ved lesingas slutt ikkje reint lite romantisk og nok prega av ei tidstypisk avmaktskjensle. Å lese boka har likevel nørt opp under noko som ligg og slumrar – kanskje kan det vekkast til live og omsetjast til handling?

Frå venstre: Cecilie Lindeman Steen, Aase With, Nina Ly, Cristina Gjems (delvis skjul), Cathrine Smith og Mona Walderhaug.

Sidan avviklinga av dans i Riksteateret sitt program og trass innføringa av Dansenett Norge ser altfor mange produksjonar berre dagens lys ein handfull gonger før dei går inn arkivet, opplevd av nokre få publikummarar. Lindeman Steen siterer meldingar, forhandsomtalar og intervju frå Aftenposten, Morgenbladet, Dagbladet og VG[i], aviser som sjeldan melder frå det frie scenekunstfeltet i dag og som vitnar om ein heilt annan aktivitet innan kritikk og kulturjournalistikk, noko me veit er så viktig for spreiing av kunstformer. Til og med engasjementet og arbeidslysta til dansarane verkar sterkare – kunne eit dansekompani som dette ha blitt heldt i drift i 20 år om det ikkje var for desse driftige kvinnene, som arrangerte allmannamøte og hengte opp plakatar, troppa opp på politikarar sitt kontor for å få meir støtte? Kunne det ha skjedd i 2026? Dei la grunnlaget for oss, i 1982 kom den fyrste støtteordninga for frie sceniske grupper. I 2026 er utsiktene faretruande nær at me om kort tid kan kome til å måtte kjempe for at det framleis skal eksistere. Eg håpar me kan finne saman og late oss inspirere av dei som kom før oss.

Boka Collage Dansekompani: Filo d'Erba or Frail Creation har både form og innhald som gjer den relevant som bok, men den viktigaste rolla slike utgjevingar har er likevel å løfte historier frå arkivet og dermed kaste lys over opphavet til dansefeltet slik me kjenner det i dag. I dette spesifikke tilfellet er det også ei historie om internasjonalisering av norsk samtidsdans, eit kapittel om reisa dansen tek og korleis den utviklar seg på ein spesifikk stad. Godt er det at det finst slike reisebøker å orientere seg i.

 

 Fotnotar:

[i] Lissi Caren og Hege Duckert i Dagbladet, Fernanda Sparre Smith og Elisabeth Frich i Morgenbladet, Eva Krøvel i Aftenposten.

Powered by Labrador CMS