«Reloaded: Bitch Where the F@@k is my manifesto?! 2.0», skrive, regissert og framført av: Duduzile L. S Mathonsi. Vårscenefest 2024. Foto: Sebastian Wilches

Vårscenefest helsar våren med leven og leik

(Tromsø): Overgangen mellom april og mai er eit særs uføreseieleg rom i Tromsø. Kor mykje snø ligg framleis på bakken, halvannan meter eller flekkar med fem centimeter? Kva fuglar skvakkar utanfor soveromsvindauget ditt, og er det brøytebilen eller kostebilen som held spektakkel i gata? Men nettene ljosnar, og det blir Vårscenefest.

Publisert Sist oppdatert

Vårscenefest i Tromsø er i sitt fjortande år, og står fram som ein tydeleg aktør i å tilby eit variert scenekunstprogram for primært eit lokalt og regionalt

vårscenefest

Festival, Tromsø 1. til 4. mai 2024

Nordting, medverkande gjester: Niko Valkeapää, Lisa Pedersen, Arctic Sustain, Geir Davidsen, Johan Egdentveit, Erik Stifjell, Amund Sjølie Sveen, m.fl. 1. mai, Verdensteatret

A Worm’s Eye View from A Bird’s Beak, Raven Chacon. 2. mai, Davvi Norga Dáiddamusea/Nordnorsk kunstmuseum

Transitions/Distortions, idé og utøvar: Nikolay Shchetnev. Produsert av Samovarteateret. 3. mai, Lillescenen, Tromsø Kulturhus.

Pyssyjoki, Kristine Hansen og Eili Bråstad. 2. mai, Torgcentret

Reloaded: Bitch Where the F@@k is my manifesto?! 2.0, skrive, regissert og framført av: Duduzile L. S Mathonsi. Opphaveleg scenografi utvikla av: Duduzile Mathonsi og Liam Alzafari. 3. mai, Provisoriet, Rådstua teaterhus.

Å LEVE VIDERE, på scena: Christina Sleipnes. Regissør: Nina Wester. Scenograf og kostymedesigner: Mari Lotherington. Komponist og lydprodusent: Andreas Wangsbro. 4. mai, Provisoriet, Rådstua teaterhus.

Baqorban, regi: Pia Maria Roll. Tekst: Pia Maria Roll, Sara Baban, Rozerin Alguenerhan.

Soul’O, konsept, utøving, musikk, tekst og bevegelsar: Liv Hanne Haugen. Elektronikk og komposisjonar: Louisa Palmi. 4. mai, Lillescenen, Tromsø kulturhus.

publikum. Og festivalen er ein god arena for lokale, nasjonale og internasjonale scenekunstnarar å treffast. I år gjekk Vårscenefest av stabelen 1.- 4. mai i Tromsø, med 21 førestillingar, samtalar og arrangement på, og i, meir og mindre etablert scener og scenerom. Tema for årets festival var ljod og stad. Opne og overordna tema det skal godt gjerast å koma vekk frå i scenekunst, og som kan romme uendeleg mykje.

Visjonen bak festivalen, som òg spelgar seg i årets program, gjev meg assosiasjonar om den russiske litteraturvitaren Mikhail Bakhtins utgreiingar om det karnevaleske og den folkelege latterkulturen. Det ligg noko urgamalt i å helse våren og det nye livet med fest, skråblikk på autoritetar og scenisk mediering av tilværet.

Ljoden av tørrfisk, høtt og oljefat

Foto: Sebastian Wilches

Nordting hadde æra å opne årets festival, og det på sjølvaste 1. mai. Gratis inngang. I den freskepynta kinosalen på Verdensteatret. Nokre minutt før

programstart er salen stappa. Lufta byrjar alt å tette seg av forventningar og tørrfisklukt. Det er tydeleg at mange har delteke på Nordting før, og dei som er på sitt fyrste ting har likevel ei viss formeining om kva dei skal vere med på i det dei får utdelt røystesetelen ved inngangen. Ordstyrar Amund Sjølie Sveen ynskjer oss velkomen, og gjev oss dagens agenda – det blir opprop, talar, oppsummeringar, reklameinnslag, dans, allsong og avrøystingar. Alt i kjent stil med Sjølie Sveen i stram dress, og opp mot 15 musikarar og dansarar på scena. Fyrste tale ut er leiar for Vårscenefest Ida Løken Valkeapää: ljod og stad, ho gjev oss spørsmålet om kven det er me vel å lytte til. Det er eit godt oppspel til Nordting.

Nordting. Foto: Sebastian Wilches

Ifylgje dei sjølve er Nordting «en nomadisk folkeforsamling for Nord, en fest for periferien, en separatistbevegelse for den arktiske kolonien», og dette var det 83. Nordting sidan oppstarten 21. juni 2014. Det har vore halde Nordting rundt om i Noreg, i Finland, Island, Grønland, Færøyene, USA og Canada. Gjennom ulike format, monologar med og utan ljosbilete og grafikkpresentasjonar, song og musikkinnslag, førehandsinnspelte videosnuttar, dans, bingo og voteringar leikar Nordting med identitetsmarkørar, genrekonvensjonar og nord-norsk kulturarv for å fremje ein politisk bodskap om pengemakt, definisjonsmakt, utbytting og motstandskamp. Nett som ljosbileta blir lagt oppå kvarandre lag på lag når Sjølie Sveen illustrerar historieframstillinga om opphavet til Nord-Noreg og søringanes attrå til ressursane våre, så legg dei ulike elementa i førestillinga seg oppå kvarandre i rotete stablar av intertekstualitet som det skal godt gjerast å ikkje bli riven med av.

Eg var spent på om konseptet Nordting etter ti år framleis skulle kjennast relevant: korkje den politiske agendaen, kraftig språkbruk eller servering av gratis vodka sjokkerar eller overraskar lenger. Og det er etablert ein slags meinigheit: det var sju-åtte i publikum som mottok ein Nordting-pin for å ha delteke på fem Nordting. Men det kjennest relevant, med innslag om Finnmarkfiskarars blokkade i samband med Stortingets handsaming av Kvotemeldinga dagen i førevegen, analysar av Tromsøs bustadpolitikk, og maktbingo med bilete og presentasjon av maktpersonar med mektige relasjonar i regionen.

Det er for enkelt å skildre humoren og latteren på Nordting som ironi eller latterleggjering. Humor er eit verkemiddel for sanning, og sanning er eit verkemiddel for humor på Nordting. Eg dristar meg til å kople det saman med nemnde Bakhtins konsept om karnevalet og latterens kraftfulle og sameinande potensiale.

Lytting til landskapet

Av programpunkta som ikkje kunne seiast å vera eit scenekunstinnslag var ei omvisning på utstillinga A Worm’s Eye View from a Bird’s Beak av Raven Chacon på Davvi Norga Dáiddamusea/Nordnorsk kunstmuseum. Omvisaren i utstillinga til kunstnar og komponist Chacon frå Navajo-nasjonen i USA, utfordra oss som deltok til å aktivt utforske konsepta og teoriane presentert i utstillinga. Det gav meg nye perspektiv på samankoplinga mellom ljod og stad, mellom anna gjennom fantasifulle landskapspartitur i verket …the sky ladder (2024), og dei relasjonelle aspekta ved lytting som var interessant å ta med seg inn i resten av programmet.

Performance-førestillinga Pyssyjoki hadde verdspremiere på Vårscenefest, og det er komponist Kristine Hansen og biletkunstnar Eili Bråstad som står bak. Pyssyjoki er det kvenske namnet på Børselv, ei av bygdene med særleg sterk kvensk historie. Pyssyjoki er lagt til eit litt bortgøymt, tomt butikklokale i eit av dei eldste kjøpesentra i byen. I seg sjølv ein interessant kommentar på korleis kvensk kultur har vore gøymt midt imellom oss. Sjølve førestillinga er ein invitasjon til meditasjon over tid og stad med

utgangspunkt i ljod og bilete frå Pyssyjoki. På veggen bak og i taket kring podiet Hansen sit på vert det vist ein videoinstallasjon, men ulike meir og mindre abstrakte element som eg reknar med er ein visjon av Pyssyjoki. Hansen trakterer ulike perkusjonsinstrument og strengeinstrument, ispedd song, i ei form for leidd meditasjon, medan Bråstad sit ved ein pult lenger bak i lokalet og styrer videoinstallasjonen. Eg let meg leie. Eg forsvinn ned i golvet, og opp i taket, og trass i at det alt er seint på kvelden kjenner eg meg årvak og roleg.

Krevjande rom og insisterande ljod

Transitions/ Distortions. Foto: Sebastian Wilches

Ei anna premiere var Samovarteaterets nye førestilling Transitions/Distortions. I førestillinga blir publikum, ifylgje Samovarteaterets eiga omtale, invitert «til å oppleve et nytt og annerledes miljø av informasjonsflyt». Dei fyrste minutta av førestillinga er prega av ein knitrande, pulserande ljod. Eg kjenner eit ubehag, og vil helst koma meg vekk derifrå. Etterkvart innser eg at ljoden minnar meg om det elektriske sauegjerdet frå min oppvekst, og det eg prøvar å koma vekk frå er støtet som fylgjer den ljoden. Førestillinga borar vidare djupt i ubehag om samtidas geopolitiske og nasjonalpolitiske status slik det vert formidla gjennom nyheiter, med aktør Nikolay Shchetnev som hovudformidlar. Men eg tykkjer verkemidla og metaforbruken, med vatn, gjørme/olje og blod, er for føreseieleg og eindimensjonal. Etterpå sit eg att med eit spørsmål om kvifor eg skal bry meg. Eg kan berre skru av straumen på det gjerdet.

Å leve videre. Foto: Jamie Michael Bivard

Likefullt snakkar Transitions/Distortions godt med fleire av dei etterfylgjande førestillingane på Vårscenefest, som Reloaded: Bitch Where the F@@k is my manifesto?! 2.0, Å leve videre og Baqorban. Alle tre førestillingane er av meir dokumentarisk art, som fortel historiene til personar som på ulikt vis lever med konsekvensar av vald, overgrep, undertrykking, terror og krig. Duduzile Mathoni i Reloaded: Bitch Where the F@@k is my manifesto?! 2.0 nyttar ein call and respons-sekvens frå sin eigen barndom i det ho inviterar oss inn i eit rom og gjennom ljodar som gjev meg nye perspektiv på mine eigne rom og ljodar. Call and respons-øvinga stadfestar òg rollene vår i rommet – det er Mathonis rom for å fortelje og vårt rom for å lytte. Denne førestillinga og dei to andre nemnt over er portrett av kvinner som er langt meir enn offer trass i valden, terroren, rasismen og motstanden dei har erfart, og eg let meg imponere over korleis eg blir losa trygt gjennom sorg, sinne og latter i desse førestillingane. Alle saman inspirerer meg til nye tankar om kva det er å leva og overleva.

Sjelerom

Avslutningsførestillinga Soul’O kan vera ei slags skapingsforteljing og ei forteljing om nysgjerrigheit, liv, død og attføding.

Liv Hanne Haugen. Foto: Sebastian Wilches

Det er den tromsøbaserte

dansaren Liv Hanne Haugen som står bak konseptet, og med seg på scena har ho musikarane Louisa Palmi og Alain Kawczak. Det er ei sterk førestilling som ser ut til å fange publikum med sin intensitet og kroppslege virtuositet. Og med slutten, der Haugen til slutt kler på seg eit vanleg, pent antrekk og høghæla sko, før ho går ut av scenerommet, får meg nok ein gong til å smile (og le inni meg). Det blir eit bilete på at me alle har i oss den forteljinga om skaping ho nett har spela ut, og samstundes tek ho oss ut av Vårscenefesten for i år, stengjer rommet for denne gong. Det byrja med det konkrete og dagsaktuelle på Nordting, og vart avslutta med det evige i Soul’O.

(Publisert 10.05.2024)

Powered by Labrador CMS