«Aske av stein», regi: Simon Boberg. Fjaler turnéteater 2022. Foto: Jan Tjønneland

Utkant er utkant?

Fjaler turnéteater debuterer med ei medrivande og opprørande dramatisering av Daniel Danis' klassikar «Aske av stein». Men kvifor reise til bygdene med ei forteljing om kor dødeleg meiningslaust tilveret er, der?

Publisert Sist oppdatert

Aske av stein

Tekst: Daniel Danis

Oversettelse: Demian Vitanza

Regi: Simon Boberg

Skodespelarar: Gina Lindås Theodorsen, Sebastian Warholm, Håkon Mathias Vassvik og Marie Longva Danielsen

Komponist: Gaute Tønder

Lys: Yasin Gyltepe

Forlag: Colombine

Produsentar: Torkil Sandsund og Maja Bergebakken Sundt

Produksjon: Fjaler Turnéteater i samarbeid med Preform AS og Cornerstone.

Balestrand bygdehus, 26. mai 2022

På veg til Balestrand bygdehus er fjellet høgt og vegen smal. Regnbogen spenner seg opp som ein vegvisar, lysande mot bygda inst i Sognefjorden. Ein maikveld i fruktbløinga kan vegen til teatret knapt vere stort vakrare.

Nystarta Fjaler turnèteater vil reise langs slike ruter for å presentere ny scenekunst som kan turnere i småbygder og grendehus, like mykje som i byar. Slik omtalar dei satsinga si. Siktemålet er tiltalande, nærast edelt.

Bygdehuset skulle hatt ny kitt i glaskarmane, kraftvask og måling. Vel innanfor dørstokken omsluttar likevel fordums stas og storheit publikum. Langs den breie, velforma trappeoppgangen og under den høge tak-kvelvinga inne i salen finst ein aura av tider som var. Folkeakademia har med si historie heilt tilbake til 1885 sytt for kultur av høg kvalitet til slike møteplassar i distrikta i generasjonar. Fjaler turnèteater går i dialog med denne tradisjonen ved å invitere Sogn og Fjordane folkeakademi inn som med-arrangør for framsyninga. Det er medlemmer i lokallaget i Balestrand som tek i mot publikum til teatret, både i billettbua og i baren Småbord med tende lys og munter musikk over høgtalarane skaper ei triveleg og upretensiøs stemning.

I Daniel Danis sin dramatikk er nærheita til naturen vesentleg. Skjebnane som vert skildra prøver gjerne å reparere noko i ei fortid. Naturen kan ha ei heilande kraft. Språket er reinskore, friskt og fritt for klisjèar, som frå ei kjelde. Slik er det også i Demian Vitanza si vitale og råsterke omsetting av «Aske av stein». Dei fire karakterane vekslar mellom dialogar og reflekterande monologar, der naturskildringane kan vere like overveldande vakre som fruktbløminga langs fjorden, skildringane av kjærleik og sorg til likes. Vakre og vonde, men i kvar einaste replikk og vending på nye og uventa måtar. Ein blir sittande langt framme på stolen og med øyrene frydefullt på stilk. Formidlinga er også reinskoren og råsterk, frå alle dei fire skodespelarane på scena.

Frå kvar sin stol, side om side på ei rekke, dreg dei oss inn i historia. Ein far og ei dotter, Kolbjørn og Elise, flyttar til bygda. Mora er død. Dei sørgjer, men vil vidare. Kolbjørn skriv år null i dagboka si. Ei tragedie må alt ha skjedd; Det er eit lik mellom dei fire på scena. Kalken står som ei sky rundt han når han ivrig gestikulerer mot Camilla, den siste av dei fire. Han elska ho, men fekk ho ikkje medan han levde. Camilla ville berre ha Kolbjørn.

I den enkle scenografien er lys-settinga vesentleg, med fire, flyttbare lamper i spel i rommet. At scenografien er sparsam, gir større rom til musikken som understrekar og forsterkar vekslinga mellom livshåp og dødslengt.

Stadig friare frå plassane sine på dei fire stolane går skodespelarane inn i historia som viklar seg ut i all si gru. Gravskjending og dyreofring er tidtrøyte i det meiningslause tilveret på bygda. Karakterteikningane er jamne, alle tar sin plass på kraftfullt vis, som om dei hentar styrke frå ei form for urkraft. Håkon Mathias Vassvik gjer ei særleg overtydande framstilling av korleis Kolbjørn opnar seg for kjærleiken, berre for å få alt håp knust på verste måte.

– Dette var ikkje relevant! Den umiddelbare og opprørte kommentaren frå ein sidemann i publikum, kom då den venlege, men avventande applausen hadde stilna. Innvendinga hans er derimot relevant. At «Aske av stein» får vere første framsyning ut for det nystarta teatret er eit val prega av god vilje, men også av generalisering. Ein utkant er ikkje ein annan utkant lik, like lite som ost er ost. Om Fjaler turnèteater skal finne seg ein produktiv plass på skuldrane av kulturarven som finst i bygder og bygdehus, må repertoaret ha relevans. Elles kan ein komme til å skjende det ein eigentleg ynskjer å opp-skatte.

Bygdehusa i grendene er tufta på eit rikt lags- og organisasjonsliv, der folk har helde seg lesande, skrivande og orienterte på måtar som gjerne skil seg frå dei urbane og akademiske. I Bergsveinn Birgisson sin roman «Svar på brev frå Helga» skriv sauebonden Bjarne eit forsvars-skrift for livet han valde: «Her i bygda har eg vore viktig. Og om eg ikkje har vore viktig, då har eg tykt at eg var viktig. Det er tungtvegande skilnad på dette.» Slik skriv den aldrande bonden til si kjære Helga som drog til Reykjavik. Dit kunne han ikkje fylgje henne. I bygda har han vore leiar i leselaget, i innkjøpslaget og i avlslaget. Han har vore viktig. Det har vore bruk for han. Bygda har denne kvaliteten som levestad og bygdehusa finst som ein konsekvens av denne kvaliteten.

Å vere vertskap for kulturformidling av høg kvalitet i ulike sjangrar, er verken nytt eller framandt i bygdehusa. Fjaler turnèteater skriv seg inn i tradisjonen på ein overtydande og nyskapande måte. Etter denne teateropplevinga vert likevel spørsmålet om bodskap presserande, og dertil spørsmålet om relevans. Korleis har ein kome til at Daniel Danis sine framstillingar av ulukke og van-skjebnar i eit generalisert utkant-tilvere på veg mot undergangen var eit høveleg repertoar for dette konseptet? I ei blømande kulturbygd som Balestrand kjennest det i beste fall lite relevant.

(Publisert 06.06.2022)

Powered by Labrador CMS