Brynjar Åbel Bandlien i Dancing Recurrences ¬– a performative practice within dance and dance-making, Henie Onstad Kunstsenter, Høvikodden, 2019. Foto: Josh Lake

The Imitation Game

Brynjar Åbel Bandlien disputerer med prosjektet Dancing Recurrences ved Kunsthøgskulen i Oslo tysdag 21. april. Disputasen vil skje gjennom streaming-tenesta ZOOM. Dancing Recurrences er ein insisterande praksis-leik som lar dei tydelege oppdagingane utebli, skriv Jonas Øren, på bakgrunn av visninga på Henie Onstad Kunstsenter i desember i fjor.

Publisert Sist oppdatert

Dansekunstnar Brynjar Åbel Bandlien har i løpet av si dansarkarriere gått frå å danse klassisk ballett i Hamburg Balletten og neoklassisk i Nederlands Dans Theater II, til å ha jobba i over tjue år med samtidsdansprosjekt både nasjonalt og internasjonalt med koreografar som Raimund Hoghe, Vera Mantero og Jennifer Lacey. Dei tre siste åra har Bandlien drive kunstnarisk forsking som stipendiat ved Kunsthøgskulen i Oslo, avdeling dans. Som avsluttande del av sitt ph.d.-prosjekt presenterte Bandlien Dancing Recurrences ­– a performative practice within dance and dance-making på Henie Onstad Kunstsenter i månadskiftet november-desember i fjor. I løpet av tre visningar á tre timar vart Studio-salen ved kunstsenteret opna opp som arena for delinga av dansepraksisen Dancing Recurrences.

Delinga skjedde i form av eit danserisk arbeid vist fram av Bandlien saman med dansekunstnarane Ann-Christin Berg Kongsness, Roza Moshtaghi,

Dancing Recurrences – a performative practice within dance and dance-making

Av Brynjar Åbel Bandlien

Medverkande: Brynjar Åbel Bandlien, Ann-Christin Berg Kongsness, Roza Moshtaghi, Magnus Myhr og Marte Reithaug Sterud.

Studio-salen ved Henie Onstad Kunstsenter, Høvikodden,

29. og 30. november og 1. desember 2019

Magnus Myhr og Marte Reithaug Sterud. Forskinga vart også presentert som tekstar og teikningar hengt opp på veggane i Studio-salen. Ved å vise fram det Bandlien beskriv som ulike volum av arbeid, meiner han å få dei ulike delane av ph.d-arbeidet til å snakke saman samtidig.

Lappar der det stod #dancingrecurrences vart delt ut til publikum både før og i løpet av visninga. Instagram-kontoen @dancingreacurrences er ei samling av såkalla mezmerizing-videoar som Bandlien nyttar som motor i praksisen.

Recurrences og mezmerizing

Ordet recurrence oversetjast gjerne til ei gjentakande hending, eit tilbakefall eller ein ny versjon av noko som har skjedd tidlegare. Bandlien bruker begrepet recurrences til å beskrive «situasjoner, hendelser, handlinger, bevegelser og tilstander som er tilbakevendende i en kunstnerisk prosess» (Bandlien, 2019). Denne tolkinga har vore førande i arbeidet og har opna opp for to forskingsspørsmål: «Hvordan kan det å jobbe med recurrences bli en måte å forstå et kunstnerisk arbeid på mens det fortsatt er under utvikling? Hvordan kan det å arbeide med recurrences bli en performativ praksis, og samtidig et kunstnerisk arbeid i seg selv?» (ibid).

«Mezmerizm», eit begrep og ein teori skapt av den tyske fysikaren Franz Mesmer, handlar om idéar om tiltrekking og hypnose. Dette har vore viktig som teoretisk base og utgongspunkt for praksisen som vart vist fram. Bandlien har skapt eit arkiv av «mezmerizing»-videoar på Instagram. Videoane er korte og går i sirkel – repetisjonar utan endring. Instagram-kontoen @dancingrecurrences har vore open for alle gjennom forskingsperioden og under presentasjonen av praksisen.

I arbeidet til Bandlien nyttar han video-arkivet, og slik «mezmerizm»-begrepet, for å skape ein inngong til å finne eit «recurring» (tilbakevendande) dansarisk materiale gjennom prosessarbeid over tid. «Mezmerizing»-videoane nyttast som utgongspunkt for å kunne overføre ein kroppsleg kvalitet eller ein rørslekvalitet til publikum.

I teksten Dancing Recurrances (2019) beskriv Bandlien praksisarbeidet som ein måte å utforske det som varierer i det gjentakande gjennom ei skjerping av sansane. Denne skjerpinga skjer først etter ei mental og dansarisk utmatting. Å improvisere dans og rørsler over tid produserer noko som i følge Bandlien manifestererseg kvar gong den same gruppa med utøvarar praktiserer saman. Slik finn dei fram til det som er tilbakevendande – «recurrences». Gjennom det Bandlien skriv opplev eg at han finn det svært viktig at Dancing Recurrances ikkje skal bli oppfatta som ei forestilling, men som eit arbeid i prosess – og kun det.

Formell uformalitet

Dancing Recurrences av Brynjar Åbel Bandlien. Henie Onstad Kunstsenter. Foto: Josh Lake

Eg besøkte visninga søndag 1. desember i tidsrommet 15:00–16:00. Visningsforma var svært uformell og la opp til at publikum kunne kome og gå som dei sjølv ønska. Dette var signalisert av at dørene til Studio-salen stod opne. Rader med stolar innramma rommet og markerte også slik eit scenegolv. Bak stolane var det nok golvplass til at publikum kunne bevege seg rundt i rommet for å sjå på demonstrasjonen i frå ulike stader, og også sjå på det skriftlege arbeidet som var hengt opp på veggane. Studio vart slik omgjort til eit scenerom, og det uformelle ved arbeidsdemonstrasjonen fekk ei eiga form for formalitet – eit sett uskrivne reglar, som at publikum til dømes ikkje skal røre seg inne på scenegolvet. Det uformelle vart understreka mellom anna av utøvarane sin private dialog med publikum, personlege gestar og trykking på mobiltelefon.

Det kollektive arbeidsblikket

Den enkelte utøvar – tittulert «danseforskar» av Bandlien – kunne sjølv velje når ho ville gå inn og drive «danseforsking» og demonstrasjon av dansepraksisen. Den forskande eller demonstrerande kroppen produserte eit felles arbeidsmodus. Då ho var ferdig med å røre seg gjekk ho tilbake til ytterkantane av rommet. Her skjedde eit skilje mellom den utøvande og private kroppen. Alt dette, i tillegg til publikum sine handlingar og det som skjedde i døropninga til Studio – som til dømes at forbipasserande stakk nasa innom – vart slik innskrive i den totale opplevinga.

Eit felles innovergåande blikk i utøvinga gav illusjonen av at dei gjorde ei form for arbeid. For meg vart dei slik dansearbeidarar, som alle arbeida med individuelle arbeidsoppgåver. Eg opplevde det overraskande at utøvarane gjekk i frå å uttrykke eigen individualitet utanfor senteret av Studio-salen, til å gå inn i ei kollektiv haldning i demonstreringa.

Danseforsking: oppgåveløysing og samspel

Utøvaren rørte seg oftast åleine i korte, repetitive rørslesekvensar. Eit døme var Ann-Christin Berg Kongsnes som snurra om si eiga akse. Med lett svikt i knea, føter som erstatta kvarandre med hurtige, korte trinn og armane ut frå livet i 90 graders vinkel, lot Kongsnes rørsla få utfalde seg over ganske lang tid. Plasseringa av føtene endra seg, det same gjorde svikten i knea og «bouncen» i kroppen. Då Kongsnes forlot rørsla viste ho meg video av ein kontorstol som snurra i vatn. Armane hennar hadde tydelegvis imitert setet til stolen. Stolen slutta aldri å snurre, og det var ingen endringar i måten han rørte seg på. Som tidlegare nemnt viser «mezmerizing»-videoane i Instagram-arkivet repetisjonar utan endring. Hos utøvaren aktiverte derimot repetisjonen noko nytt og det var nettopp variasjonane eg synst var mest interessant å observere.

I ein annan del av rommet arbeidde Bandlien søkande ved å gå gjennom rørsler som minna om det ein i stemme- og sangtrening kallar «tongue twisting». Kroppen rørte seg gjennom ei samansetjing av noko uløyseleg, stagnerande og flytande. Dette vart samankapsla i ei form for kroppsleg oppgåveløysing – eit arbeid som krevde mykje konsentrasjon.

Nokre gonger arbeidde dei såkalla danseforskarane med stillstand eller i svært sakte tempo. Magnus Myhr si utmatting i ein statuesque posisjon produserte små, nesten intime rørsler. Andre gonger var kroppen stor og eksplosiv, som i Roza Moshtaghi sine virtouse stup på olbogane. Også dette vart gjort repetitivt.

Moshtaghi initierte ein sekvens saman med to andre utøvarar. Rørslene minna om linjegymnastikk eller synkronsvømming. Til lyden av 1930-tals cabaretmusikk rørte utøvarane seg inn og ut av eit senter og gjorde lineære rørsler med armane. Ein utøvar kunne legge opp til eit samspel mellom to eller fleire medutøvarar. Rørslene som vart gjort i fellesskap var såpass enkle og repetitive at det virka enkelt å henge seg på. Dei gongane rørslene var meir kompliserte, virka det som at materialet hadde blitt utforska tidlegare.

Sjølv om praksisen stort sett vart utført i stillhet, vart det enkelte gongar satt på musikk; korte, repetitive musikksnuttar som også var henta frå Instagram-videoane. Andre gonger vart det igongsatt klapping, knipsing, plystring og uling av dansarane. Musikken såg ut til å farge og inspirere rørslene til utøvaren som satt han på, som då Magnus Myhr satt på 90-tals klubbmusikk med klare referansar til queer-kulturen. Her rørte Myhr seg på ein måte som var tydeleg inspirert av voguing. Det er kanskje meir korrekt å skrive at dansarane kroppsleggjorde musikken, på same måte som Kongsnes kroppsleggjorde rørslekvaliteten i videoen ho viste til meg.

Då Roza Moshtaghi sette på codaen i frå tredjeakta i Svanesjøen, opplevde eg resultatet som imitasjon av klassisk ballett: «bourrear», «developéar», store, avrunda armar og eit uttrykk som viste noko «larger than life». Eg opplevde at det vart gjort med eit snev av ironi, då tolkinga var såpass upresis at den kroppslege overføringa vart småbanal. Her blir det difor passande å beskrive handlinga som imitasjon.

Kroppsleggjering, imitasjon eller danse-bingo?

Eg forstår at det å avsløre opphavet til rørslene ved å vise fram videoane er ein måte å oppretthalde arbeidsdemonstrasjonsforma på, men det framprovoserer eit anna fokus. Med den tydelege peikinga til Instagram gjennom #dancingrecurrences-lappane, tok eg meg sjølv i å swipe i frå video til video for å dekode rørslene som skjedde framfor meg. Eg var tydelegvis ikkje den einaste: Marte Reithaug Sterud rørte seg repetitivt over tid i ei contraction-aktig rørsle. Rørsla, som starta i mellomgolvet og fekk manifestere seg vidare ut i ytterkantane av overkropp og armar – likt eit ekko, var ein imitasjon av ein dataillustrert manet. Då Sterud viste filmen til ein av publikummarane, kalla han det dei gjorde for «danse-bingo», ei ganske presis beskriving av opplevinga spør du meg.

Tilbakevending(!), men kva med repitisjonen?

Det er altså det tilbakevendande i kunstnararbeidet som har vore interessant for Bandlien å kartlegge: Det som først er noko ubevisst – i det som han beskriv som ein blindsone, men som over tid og gjennom observasjon og fintføling får lov til å manifestere seg organisk. Ein definisjon av kva dette faktisk er, er vanskeleg å begripe. I teksten Dancing Recurrences skriv Bandlien at «recurrences» ikkje er repitisjonar eller vaner, men tilbakevendingar som kjem som ein del av ein kunstpraksis.

Både frå teksten Dancing Recurrences og presentasjonen på Henie Onstad Kunstsenter etterspør eg ei djupare forklaring av begrepet «recurrences», som naturleg nok lenkast til repetisjon. Repetisjon er jo ei stor «greie» i kunsthistoria, men kva Bandlien tilfører med arbeidet og i kva slags grad han legg eit fundament, er for meg framleis usikkert. Eg oppfattar ikkje kor Bandlien plasserer forskinga si i forhold til tradisjon, felt og tenking.

Kva oppdagingane blir brukt til, utover å bli vist fram som ei ukrystallisert samling av enkeltrørsler, rørslesekvensar, inngongar for kroppsleggjeringar og tilstandar, er altså usikkert. Og fordi dette er utydeleg, forblir arbeidet for meg noko som berre er «reaccuring», altså utgåver av noko som er blitt vist tidlegare. (Publisert 20.04.2020)

Powered by Labrador CMS