
The Ballet Complex
Danseteaterforestillinga «The Hamlet Complex Redux» av Alan Lucien Øyen er ei mørk og heseblesande affære. Nokre lyspunkt er der likevel.
Alan Lucien Øyen har markert seg stort internasjonalt, og med bestillingsverk for mellom anna Pariseroperaen,
Tanzteater Wuppertal, Opera Ballet Vlaanderen og Berlin Staatsballett
på baken stikk han seg fram i norsk samanheng. Den tidlegare Carte Blanche-dansaren, som er huskoreograf ved Nasjonalballetten, markerer seg også med arbeidet for sitt eige kompani, winter guests. Her har han opparbeida eit repertoir som ofte tangerer det alvorlege, dystre og høgemosjonelle med det absurdhumoristiske og sjokkerande. Ein kan kanskje kalle arbeidet ein hybrid mellom noko ala Samuel Beckett, John Waters og Monty Python. Arbeidet er sjeldan minimalistisk og leiast gjerne av filmatisk musikk som har som funksjon å både understreke narrativ og styre publikum sitt emosjonelle engasjement. I vidareutviklinga av forestillinga The Hamlet Complex Redux manglar dryppa av Waters og Monty Python. Det Beckett-mørke er gjort glatt og spektakulært i ein produksjon som byr på litt for mykje av det vante.
A family affair
Forteljinga om den danske kongssonen Hamlet er kanskje meir enn noko anna ei pre-freudiansk historie om korleis vi alle er eit resultat av både arv og miljø; at vi på godt og vondt påverker og blir påverka av alt og alle rundt oss. I Hamlet sitt tilfelle sett Hamlet senior sin død i gong ein serie av tragediar. I The Hamlet Complex Redux fungerer Shakespeare si forteljing som ein raud tråd i floke: Vi går inn og ut av ulike scenario, der vi hoppar mellom det kjende narrativet og historiar om makt og definisjonsmakt gjennom møter med blant andre ei gammal Elizabeth I av England og hennar «styggen på ryggen», ein ung Hamlet som er på innstudering for teaterstykket Hamlet, ein humoristisk klarsynt og Sigmund Freud. Eit anna element som er med på å understreke den maksimalistiske gråtåka er at dei ulike rollene blir spelt av fleire rolleinnehavarar, både unge og gamle. Det er til dømes tre aktørar på scena som speler rolla Ophelia samtidig. I alt det fleirstemmige blir det viktig med eit kompass. Som eit interessant scenisk grep er to kameramenn ein del av heildommen ved at dei filma store delar av forestillinga live. Filmen vart projisert på ein skjerm som hang over scena, noko som gjorde kameramennene til både navigasjonsstjerne og historieforteljarar. Blikket mitt blir stadig trukke mot skjermen. Mitt multitaskande hovud blir nøgd av dette grepet, då det på mange måtar imiterer det å sitje framfor fjernsynet med mobilen i handa. Det gjer i alle fall at det er enklare å fokusere i folkehavet på scena. I tillegg til dansarar frå Nasjonalballetten og ti born er også fire skodespelarar frå winter guests med. Fun fact: Skodespelar Kate Pendry var ein del av to premiærar hos norske institusjonsdansekompani på same dag! Ho hadde nemleg spelt inn stemme til lyddesignet i verket White Noise av koreograf Hege Haagenrud for forestillinga Triple Bill av Nagelhus Schia Productions AMP.
Den uttalte dansaren
I forestillinga får dansarane lov til å nytte stemma og levere tekst – noko som er fint å sjå – og mange av dei gjer dette på ein god og overbevisande måte som funkar både på scena og i live-filmen. Eg synst særleg Emma Lloyd gjer det godt som den snakkande og handlande Ophelia. Kombinasjonen av hennar nyanserte overlevering av teksten og fjærlette kroppsspråk gjer noko med korleis eg forstod karakteren Ophelia og hennar tragiske skjebne. Tragedien vart liksom bagatellisert. Som skilnad til dette var Whitney Jensen i rolla som den dansande Ophelia stort sett taus, forutsigbar og skjør. Hamlet, spelt og dansa av Silas Henriksen, er i største delane av forestillinga i ein slags frustrasjonshysteria. I dialogane hans går ordet fuck igjen tallause gongar. Ordet utmattast og virker for meg som å vere ein litt klønete måte å prøve å gjere uttrykket meir edgy.
Det er likevel teksten eg opplev å vere det mest spanande med produksjonen. Skrivearbeidet til Øyen og Andrew Wale (som er både manusforfattar og skodespelar på scena) tek Hamlet inn i samtida og understrekar viktige og interessante poeng som står stille i historia og som verken definerast av stad eller tid. Teksten og handlinga glir godt saman mellom dei ulike scenarioa, sjølv om det til tider kan vere vanskeleg å henge med. Eg sett difor mest pris på dei delane der teksten får kome i fokus og ein får ro i auga til å verkeleg studere utøvarane på scena. Den lille prologen til 2. akt, der Andrew Wale speler ein queer klarsynt er eit av høgdepunkta.
Seinare i forestillinga, i ei scene som viser korleis Ophelia blir verbalt terrorisert av Hamlet, nyttast ein tekstdel henta i frå eit lydopptak av Mel Gibson i trakasserande telefonsamtalar med ekskona. Uttrykket er hardt og uhyggeleg: « … You look like a fucking bitch in heat, and if you get raped by a pack of n****** it’ll be your fault … You are provocatively dressed all the time, with your fake boobs, you feel you have to show off in tight outfits and tight pants – you can see your pussy from behind. … I don’t like it. I don’t want that woman. I don’t want you!». På scena blir utdrag* frå denne teksten skrike mot den dansande Ophelia. «Dance faster, FASTER!!», skrik Wale mot ballerinaen Jensen fleire gongar i denne scena, noko som gjer at det heile for meg like gjerne kunne ha vore henta frå ein klassisk ballett-klasse. Å bli skrike til på ein hard og aggresiv måte er heilt «normalt» her, noko som gjer alvoret på scena både ambivalent og tvetydig.
One note samba
Trass enkeltscener der dansen har ein viktig og tankevekkande funksjon, så opplever eg, i det sceniske uttrykket til The Hamlet Complex Redux som totalitet, det danseriske som sekundært. Eg opplev dette sjølv om folkehavet på scena stort sett er bygd opp av dansande kroppar. Det spesifikke kroppspråket har eg sett i mang ein neo-klassisk produksjon og danseteater-oppsetjing av Najonalballetten tidlegare, og slik sklir det vekk i frå det eg veljer å aktivt involvere meg i som publikummar. Eit eksempel: Rørslene til Henriksen som Hamlet tangerer med både dansen i rolla som Eilert Løvborg i balletten Hedda Gabler av Marit Moum Aune og dansen i balletten Shoot The Moon av Paul Lighfoot og Sol Leon. Denne frustrerte og semi-hysteriske «pretty-boy-akta» er blitt like typisk som ballerinaen; eksempelvis Giselle si galskapsscene i balletten Giselle og den kvite svanen sin indre kamp i Svanesjøen. Eg sitt og lurer på om Nasjonalballetten har fastsatt eit kroppsleg system som definerer dei dansande handlingane like spesifikt som den klassiske balletten. Blir dansarane utfordra til å utvikle noko som går vidare i frå det trygge, vante og typisk spektakulære? Dansaren Daniel Proietto – sminka kvit som ein japansk butoh-dansar – går i rolla som spøkelset til Hamlet senior gjennom forestillinga, og duellerer det hyper utrykksfulle og pop-samtidsdansaktige med det butoh-minimalistiske og skjøre. Når han mot slutten av forestillinga starter å hoste opp blod blir butoh-appropriasjonen absolutt, då tankane går til lidingane atombombene i Hiroshima og Nagasaki førte til. Det som stikk seg ut i alle danseklisjeane er faktisk dei to kameramennene. Rørslene som kjem av å måtte manipulere og bære på det tunge kamerautstyret står seg fram som noko originalt og høgst iaugefallande på scena. Rørslene er spesifikke, og virker som ein naturleg reaksjon av ei handfast handling.
Spektakulær og usynleg aktivisme
I tillegg til å vise dans og teater er forestillinga i stor grad ei eksponering av kapital. Hovudscena sitt tekniske register er benytta til det fulle og gir spektakulære moglegheiter. Det minner meg litt om sceneshow som MTV sin Music Video Awards eller Superbowl sitt Half Time Show, der sceneteknikken er viktigare enn framføringa på scena. Apropos Hollywood-faktor: I eit intervju med Øyen om forestillinga på operaen.no svarer han følgande på eit spørsmål om filmproduksjonen: « …kamerateknologien som Hollywood bruker er så vidt jeg vet, første gang den brukes i Norge. … Sam Mendes’ skyttergravfilm 1917 – som vant tre Oscar-priser i år – er skutt med den identiske kamerarigg som vi bruker på scenen». Det spektakulære skapast altså ikkje berre gjennom dansarkroppane på Operaen; roboten er vel så viktig. Det tekniske – kall det gjerne umenneskelege – er nesten meir i fokus. I intervjuet er Øyen innom menneskeverd ved å henvende til BLM- og #MeToo-rørsla: «Etter #MeToo og Black Lives Matter er virkeligheten i ferd med å rekkes opp …», sier Øyen og mimer et strikketøy med hendene. Det ble nødt til å påvirke arbeidet hans, forteller han. Den krittkvite utøvargruppa seier imidlertid ingenting om aktivisme i praksis, ei heller om vilja til å faktisk gjere noko handfast. (Publisert 15.09.2020. OPpdatert 20.09.2020)
Fotnote:
* Her er utdraget frå transkriptet av telefonsamtalen mellom Mel Gibson og ekskona som Alan Lucien Øyen tok med i manuset til The Hamlet Complex Redux: «You fucking lied to me. You look like some Vegas bitch. And you go
around, sashaying around in your tight clothes and stuff. You can see your pussy from behind.»