
Sanning og forsoning i feite bilar
(Tromsø): Fylkeskommunen utfordrar tre teater til å fortelje om Sanning- og forsoningskommisjonens rapport til vgs-elevar. Resultatet er visuelt imponerande, med kvalitet i alle ledd og det er god underhaldning. Men held det når tematikken er såpass kraftig?
F*CK F*CK F*CK er ei forrykande førestilling med imponerande scenografi, spennande musikk og godt
spel. Ho er eit bestillingsverk frå Troms fylkeskommune til dei tre teatra Kvääniteatteri, Sámi Našunálateáhter Beaivváš (Det samiske nasjonalteatret Beaivváš) og Hålogaland Teater, og dette er fyrste gong dei tre teatra lagar førestilling saman. Førespurnaden gjekk ut på å laga ei førestilling for vidaregåande skuleelevar i fylket om rapporten frå Sannings- og forsoningskomisjonen (Dokument 19 2022-2023), som vart lagt fram for Stortinget i fjor. I tillegg til stykkjet skal skulane gjennomføre eit undervisningsopplegg om rapporten.
Rapporten er ei over 700 sider lang kartlegging og drøfting av Den norske stats undertrykking og overgrep mot dei skogfinske, kvenske, norsk-finske og samiske samfunna. I tillegg er rapporten eit oppspel til korleis ein kan arbeide med forsoning. Språket i rapporten er akademisk og byråkratisk. Så fylkeskommunen har gjort smart i å involvere dei tre teatra i arbeidet med å fylgje opp rapporten og undervise om innhaldet. Det vil kunne gjere innhaldet meir tilgjengeleg og relevant for skuleelevane – og andre publikummarar.
Det er då òg henta inn eit stjernelag i produksjonen, med namn som er kjent både frå teater og andre kunst- og kulturuttrykk. Det er fleire medverkande kunstnarar som har eit tydeleg uttrykk innom andre arenaer, som kunstnar- og arkitektduoen Joar Nango og Eystein Talleraas på scenografi, Nils Rune Utsi, kjend under artistnamnet Slincraze, på musikk og klesdisgner og tekstilkunstnar Ramona Salo Myrseth på kostymar. Derfor blir eg med ein gong spent på om uttrykket i førestillinga vil sprike for mykje, eller om dei greier å finne ein samflyt.
Tre stammars møte på skuleplassen
F*CK F*CK F*CK går føre seg utandørs, på skuleplassane i fylket, men eg ser førestillinga utanfor Hålogaland teater der ho har to framsyningar. At førestillinga er lagt fysisk inne på skuleområdet er i seg sjølv symboltungt. Skulen har vore ein sentral institusjon for fornorskinga, og er i dag ein nykjel til sanning og forsoningsarbeidet. Klasseroma og skuleplassane i fylket er daglege tre stammars møte.
Publikum møter tre pimpa pickupar, dei står vendt i kvar sin retning. Bilane er pynta med rik symbolikk: Lakkerte bilete, ein trerigg frå lasteplanet opp på hytta, lysande tekstskilt, med meir. Det er lett å sjå at bilane representerer kvar si stamme. Inni bilen sit skodespelarane Kristoffer Anker, Astrid Serine Hoel og Mikkel Soleng Rundberg i kvart sitt førarsete, og dei vekslar på å dunke ut høg musikk. Musikken har ein umiskjenneleg hiphop beat, med melodilinje ført på trekkspel eller trøorgel og ei bassrøyst som joikar – eg rånar (eller lodar som det heiter her) gjerne til den musikken. På ein effektiv og morosam måte blir publikum ynskt velkomen til teater om Sannings- og forsoningskommisjonens rapport, og dei tre på scena introduserer seg som representant for dei tre teatra. Dei leikar med stereotypiar og fordommar frå fyrste stund – samen, Soleng Rundberg, er sint, den norske nordlendingen (heretter omtala som nordmannen), Anker, er litt overgjeven og sur på søringar, og kvenen, Hoel, er forvirra over eigen identitet. Publikum blir lova at me skal bli forbanna.
«Nordmann til vanleg, same til fest, og kven… kan du vera heime»

Det er høgt driv, og karakterane tar oss med på kor krevjande det er å finne sin identitet ofte med utgangspunkt i (tause) besteforeldres språk og kultur, og korleis det å samanlikne, på grensa til å konkurrere, om kven som har hatt det verst er ei urettvis og umogleg øving. Det vekslar mellom dialogar, monologar, musikk og danseinnslag. Ukvemsorda haglar til tider, på tre språk – men det er ikkje stort verre enn det me kan høyre frå talarstolar i kommunestyra i fylket, eller kan lesa på leiarplass og i lesarinnlegg i regionale aviser. For ikkje å snakke om i sosiale media. Det er òg eit par fornøyelege kommentarar om korleis engelsk på eit vis har vorte eit nøytralt språk, som ei forklaring på tittelen på stykkjet.
På scena får me fortalt korleis konfliktar i ytste konsekvens kan ende i krig, og karakterane tek på munnbind og spring rundt med røykpatronar. Til slutt hamnar det i terapirommet, der den kanskje forslitne metaforen om samliv blir bruka om den norsk-samiske sameksistensen. Det interessante i denne delen er når kvenen, i rolla som terapeut, spør kva som likevel hindrar dei frå å flytte frå kvarandre.
Oppgjer og forsoning, i praksis?
Hittil har eg ledd og smilt attkjennande, eg har kjent på skammen for fornorskinga, men eg kjenner òg på eit utolmod. Eg syns nordmannens perspektiv dominerar, og samen og kvenen blir i mykje til Den andre. Det er til ein viss grad forståeleg, ettersom det er rapporten som legg premissa, og utgangspunktet er urett utførd av nordmannen mot samen og kvenen. Men korleis er det for samiske og kvenske publikummarar og nok ein gong sjå seg sjølv som den andre? Som nordmann syns eg ikkje at eg blir utfordra nok, eller er det min eigen søringskam som kjem til uttrykk her? I alle høve blir det delvis forløyst med rapen «Oppgjøret», som særleg Soleng Rundberg leverar med stor overtyding. Endeleg kjennes sinnet meir konkret og ekte, ikkje berre som leik med ein stereotypi. Etter dette dett dessverre førestillinga litt saman, med av ein for lang sekvens frå «Norge lytter» synt på tre handhaldne skjermar. Samen oppsummerar med at det dei bed om er å bli sett på som jambyrdige, nyte same respekt og rettar i møte majoritetsbefolkninga, og dei tre held opp speglar mot publikum som for å spørje kven dei er oppi alt dette. Eg greier ikkje fri meg frå at det er ei noko enkel avslutning, for kva kan forsoning og likestilling bety i praksis?

F*CK F*CK F*CK lukkast godt i å formidle kva rapporten og konteksten for denne er på ein leiken og underhaldande måte. Dei ulike elementa forsterkar bodskapen på elegant vis (med eit par unntak der det er vanskeleg å henge med på alt som skjer). Men eg saknar at førestillinga i større grad greier å omsetta rapporten til ein kontekst nærare den skuleelevar møter i kvardagen. For når rapporten peikar på at fornorskinga er noko som framleis skjer, er det på måtar som nokså mange i primærmålgruppa kjenner: for dårleg opplæring i (eige) språk og kultur, manglande omsetting av politiske vedtak til praktisk politikk, kunnskapsløyse i sosial- og helsetenester, og hets. Me får liksom overskrifter og kulepunkt, men kjem ikkje djupare. Og rapen «Oppgjøret» vil neppe få same kultstatus som den framleis hardtslåande «Skiltskyttera», frå førestillinga Siste kveld med mamma (Totalteateret 2001). Førestillinga har blitt til på få månadar, så det er mogleg ho hadde hatt godt av litt meir tid for å finjustere bodskapen.
Elevane som får sjå dette er heldige – det er eit kult teater, som syner fram både mangfald og kvalitet i det regionale kunstfeltet. Ein del elevar vil nok lære nye ting, for mange er materialet kjent – det er deira eiga historie og kvardag. Det hadde vore spennande å høyre diskusjonen mellom elevane i etterkant.
Publisert 17.09.2024