Tre søstre av Anton Tsjekhov i et stykke av den bergensbaserte kunstneren Nicola Gunn. En samproduksjon mellom Festspillene i Bergen, og BIT, Carte Blanche og Rosendal Teater 2026.

ANMELDELSE

Provinsen som hengemyr

(Bergen): I The Chekhov er det lov å vere gretten. Dei tre systrenes klaging over tilværet i ein provins er blitt til eit underhaldande samtidsteater, der det mørke og det lyse treffest i punk, dans og eksplosjonar. Og Bergen får svi.

The Chekhov

Konsept, tekst og regi: Nicola Gunn

Koreografi og dansarar/utøvarar: Nicola Gunn, Caroline Eckly og Ida Wigdel

Musikk/komposisjon: Ådne Meisfjord

Kostymedesign: Sofia Sotolongo

Billedkunstnar: Emily Parsons-Lord

Lysdesign: Silje Grimstad

Bergen Internasjonale teater/Festspillene i Bergen

Bergen Kjøtt, 07. juni 2026

Synast også under Heddadagane 12-14. juni på Dansens Hus.

Dagslyset strøymer inn vindauga på det industrielle Bergen Kjøtt, og det er som om me gløttar inn på ein prøvedag, ein kvardag av produksjonen The Chekhov av Nicola Gunn. På bordet i midten av rommet ligg det post-it lappar, som i eit idéstadium, her rådar ein rotete estetikk, eg ser ei badmintonkølle, ein megafon, nokre pappkrus og bøker. Tre utøvarar – Nicola Gunn sjølv som Irina, Caroline Eckly som Masja og Ida Wigdel som Olga – er på scena i slappe positurar, pirkar borti papir med ein søppelplukkar eller vandrar omkring ute av balanse. Dei tre systrene i Chekhovs stykke er kraftig understimulerte i den provinsen dei har hamna i og er ganske sure, dei lengtar tilbake til Moskva. Provinsen i denne varianten er Bergen, som ikkje har Ramen-restaurant, og lengten etter ein større by går i retning Oslo, so klart sagt med ironi. Kvar skal dei tre gjere av alle evnene og kunnskapane sine? «Å kunne tre sprog når man bor i en slik avkrok, det er overflødig luksus. Ikke luksus en gang, snarere et unødvendig tillegg, som å ha en finger for mye,[1]» seier karakteren Masja i Tsjekhovs stykke frå 1900.

 

Miserable liv til inspirasjon

Det byrjar som ein performance lecture av Gunn om Tsjekhov og hans betydning for det moderne teateret, det er interessant og lett å lytte til, som ein podcast, fakta kjem porsjonert ut blant semi-biografiske og humoristiske detaljar frå Gunn sitt eige liv i hennar særeigne stil, som at ho mellom anna er oppkalla etter tsar Nicolai II. Gunn er busett i Bergen og jobbar i sjiktet mellom samtidsteater, koreografi, skriving og pedagogikk. Ho underviser oss i det enkle kvardagsspråket til Tsjekhov, her er ingen heltar – «no theatrical pyrotechnics». Stykka hans mangla stor handling eller dramatikk – dei var kjedelege av ein grunn, for gjennom å syne kor miserable liv me lever ville han inspirere publikum til å endre på dette. Dette dogmet latar til å ha inspirert denne førestillinga og det lukkast dei delvis med.

 

Muggen mumling

Eckly, mangeårig utøvande dansar og no prøveleiar i Carte Blanche, vandrar omkring i bakgrunnen med ei bomberjakke som ein litt ulydig elev. «Don’t worry about her – she’s in a bad mood,» seier Gunn. Ho dansar ein slags karikatur av klassisk ballett, liksom spottande og smått aggressiv i sine rørsler. Og kranglete er det fleire som er – dansar og koreograf Wigdel som Olga er ein hangry avdelingsleiar på ein skule, har hovudpine og ligg med teposar føre auga, slukast av byråkratiet og mumlar klagande med ein komisk norsk aksent og skarre-r at ho aldri ønskte å bli Acting head of department. Det er uro i rommet, DJ-en og komponisten Ådne Meisfjord driv også og snakkar borte i eit hjørne, på eit tidspunkt strener to statistar forbi, forstyrringar overalt, akkurat som i den ekte verda. Det metta uttrykket, som er ein av førestillinga sine styrker, gjer samtidig sitt til at opplevinga i enkelte parti fell – eg skulle til dømes gjerne fått med meg teksten i dialogane, men her blir det tidvis snakka for lågt, og heile førestillinga kjennest i overkant for lang. Her er mange svært gode scener, og ein kunne tolt å kutte ut nokre av dei som ligg i mellom.

 

Kven bryr seg om framtida

The Chekovs.

Ei av dei sentrale og mest velfungerande scenene er når Gunn og Eckly skal dekke på bordet, dei går baklengs i taktfast marsj til Ravels Bolero medan dei på klumsete vis forsøker å plassere tallerkar, bestikk og duk i aldeles feil rekkefølgje, det rasar, blåmuggost og Jarlsberg blir spidda av ein gaffel, poteter og gulrøter blir strødd utover og det ser direkte farleg ut når Eckly skjer opp ein kalkun med ein svær kjøkenkniv medan Gunn vaklande held brettet. Den ustø og krøka overkroppen kjem i kontrast med den taktfaste gangen og det umoglege oppdraget om å dekke pent på. Dette stykket handlar om misnøye, skuffelse over livet og dermed også om håpet for ei betre framtid. Difor er det eit finurleg og godt grep at dei går baklengs – det er som om fortida hentar dei inn, uansett kor mykje dei prøver å sjå framover. På Gunn si t-skjorta står det «The future will be glorious – ah who cares». Vekslinga mellom at noko har avgjerande verdi eller er rivnande likegyldig skiftar like hyppig som publikum sine hovud på ei tennisbane.

Pyroteknikk som ville fått Tsjekhov til å snu seg i grava dukkar opp her og der, eit nøste som blir surra over golvet viser seg å vere tenneleg, det eksploderer i lyspærer og eit stjerneskot finn vegen til ein plass der stjerneskot aldri burde vere. Brannen utanfor i byen blir oppdaga ved at dei spring ut ei dør, scena er forlenga heilt ut i det fri. For det meste av dramatikk hos Tsjekhov skjer utanfor scena. Den ekte verda, den er kjedeleg, her redusert til dei mest grå av motgangar: «In the real world you will eat an avocado and it will be brown and stringy».

 

Kunst når det brenner?

Essensielt her er også spørsmålet om arbeid. Korleis arbeider ein, og gir det meining å arbeide kunstnarisk når det brenn utanfor? Når Olga forsøker å avtale eit tidspunkt for å ta ein drink etter jobben, seier Irina «I don’t work». Med det meiner ho kanskje at ho som kunstnar ikkje har spesifikke tider å halde seg til, og for ålmenta betyr det i praksis at ein ikkje arbeider. I eit musikalsk nummer som er eit høgdepunkt, der Olga syng sin lærartale som punklåt à la Sex Pistols og DJ-en spelar gitarsolo, blir festen avbroten av Gunn, som spør om det kanskje ikkje er «the right time – with everything going on out there», og peikar mot brannen utanfor. Timinga hennar i seg sjølv er eit svar på spørsmålet – jo, me ville gjerne høyre ferdig denne punkekonserten – lat kunsten spele. No future!

 

Provinsens hengemyr

Forfattar og fråflytta bergensar Thomas Espedal terga på seg bergensarar for nokre veker sidan då han skreiv eit innlegg i Bergens Tidende om det middelmåtige i Bergen – ifylgje Espedal er det ikkje mogleg å tenke kritisk her, fordi ein kvar form for innvendig om byen blir møtt med avvising og hylling i staden for[2]. Og han har eit poeng. Det fører til at ein kan bli blind for forfallet som er i ferd med å finne stad. I The Chekhov er det lov til å vere sur, klage og sutre, og det blir, som hos Tsjekhov, eit opprør og eit grunnlag for å tenkje over om ein kunne ha levd annleis. Når buekorpset tromlar forbi utanfor og lyden når heilt inn hit, er det som om beskjeden blir hamra inn – hugs at du er i provinsen og her er det fantastisk å bu.

 Det opnar ikkje nokon Ramen-restaurant til slutt. Det blir enno ein pizzarestaurant i staden for. Olga ramsar opp hovudstadar i verda, hjerneråten kurert for no. Som Versjinin seier: «det finst vel ingen by som er så grå og trøstesløs at der ikke er plass for et klokt og dannet menneske.» Nicola Gunn vidarefører med denne oppsettinga forvirringa som oppstod då stykket vart skriven i 1901 – er dette ein komedie eller ein tragedie? Det mørke og det lyse treffest i punk, dans og eksplosjonar med ein velskriven tekst som på sitt beste er svært underhaldande, klok og opprørsk. Gir den håp? Absolutt ikkje. Men den er ein realitetsorientering som kan inspirere. Denne veka spelar The Chekhov i hovudstaden. Undrast korleis metropolens danna menneske tek den imot.

 

Fotnoter:

[1] Sitert i frå omsettinga av Kjell Helgheim (1980)

[2] https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/vrkmw4/tomas-espedal-hvorfor-skryter-man-uavlatelig-av-bergen-kan-man-ikke-si-noe-kritisk


Powered by Labrador CMS