Stranger Within, av Mia Habib og Jassem Hindi, Interkulturelt museum, Oslo. Foto: Ingunn Mæhlum

Poltergeist-teater

I eit bokstavelegt tala heimsøkjande kunstprosjekt utforsker Mia Habib og Jassem Hindi grensegangane mellom å vere gjest, vertskap og ein form for kunstnarisk poltargeist som skaper rørsle i våre satte forteljingar om oss sjølv og andre

Publisert Sist oppdatert

Stranger within

Førestilling/Utstilling/dokumentar

Produsent: TraP, Black Box teater og Mia Habib Productions

Visningssted: Interkulturelt museum, Oslo

Tidsrom: 11. – 20. oktober

I løpet av to år har koreograf, danser og performanceartist Mia Habib, og lydkunstner og performanceartist Jassem Hindi gjort førestillingar i heimane til folk, ulike stader i Finnmark, under tittelen Stranger Within.

Ein dokumentarfilm om arbeidet under same tittelen er no å sjå på Interkulturelt museum på Tøyen i Oslo, kor kunstnarane og inviterer til performance, utstilling og middag til dei som kjem. Prosjektet er ei utforskning av gjestfridom, og korleis me møter kvarandre som framande. Samstundes opner Habib og Hindi eit poetisk landskap som siver inn i heimebesøket; kor kunsten er fanga i det verkelege, samstundes som kunsten rører opp i og set denne verkelegheita i rørsle på uventa måter. Det poetiske er og med i konkret forstand med utdrag frå Inger Christensens Alfabet, Arne Garborgs Haugtussa, With Deer av Åse Berg og Une Voi pour l’insubordination av Henri Michaux, som på ulike måtar inngår som inspirasjonskjelder og tekst-element i lydbilete til førestillingane.

Prosjektet har ein dobbeltbunn nettopp i form av kombinasjonen heimebesøk og fokuset på det framande, og det heimsøkjande – her settes norsk historie, identitet og våre blikk på og møter med kvarandre under ei draumeaktig og stundom urovekkjande kunstnarisk lupe. Krigshistorien i Nord-Norge, minoritetsidentitet, tomhet og kulde i landskapet blir likestilt med kvarandre i ei forteljing som ikkje berre stiller spørsmål til kven vi er, men kven me trur me er og dei kollektive sosio-historiske orsakene til dette. Gøymde historiar blir synleggjorte gjennom dei framande kunstnarane sitt opne møte med sine ulike vertskap.

I det skremmande landet av leire

Habib og Jassem forklarer ikkje for mykje til familiane dei skal til, fortel dei sjølv under middagen dei serverer etter performance og filmvisning på Interkulturelt museum. Dei har og medvite unngått å inngå produksjons-samarbeid med etablerte kunst- eller teaterinstitusjonar i Nord-Noreg, for å kunne ta i vare elementet av framandskap. I dokumentarfilmen får me som publikum eit innblikk både i eit utvalg av heimebesøka kunstnarduoen har gjort, og intervjusekvensar kor Habib og Hindi snakker om arbeidsprosessen. Mykje av tematikken handlar og om natur og landskap, både i og utanfor oss sjølv, og dramaturgien i prosjektet blir inneliingsvis i filmen presentert av Hindi som «a dream about the history of Norway».

Foto: Yaniv Cohen

Det er dans, poesi, forteljingar og objekt som er dei drivande elementa, og ikkje minst dei individuelle møtene som oppstår mellom kunstnarane, heim og folka som inviterer dei inn. Strukturen er enkel. Dei møter opp på døra til familien etter å ha gjort ein enkel avtale på telefon. Der står dei med bukser, vinterjakker, fjellstøvlar og nokre masker i lær, halvt realistiske halvt forvrengde. Dei er framande i dobbelt forstand, men maskeringa opner både for eit skremmande element og eit element av invitasjon til leik, og vel inne på kjøkkenet får og borna i familien velge masker før dei blir bedt om å vise Habib rundt i huset. Performancen tek sidan i bruk lydeffektar av Hindi, og Habibs koreografiske signatur av eit sterkt nærvær kor dansen rører ved noko brutalistisk, opprørsk og nedbrytande på same tid. Alltid utforskande, alltid dirrande mellom noko nedbrytbart og noko uovervinneleg – noko som ikkje gir seg.

Det første familiemøtet me får sjå i filmen er hjå ein familie med tre barn som med spørjande og fascinerte blikk lurer på kvifor Habib brått ligg på golvet, medan dei prøver å få folk på stoltoget sitt. Blikka seier meir enn orda, om at dei no er i kontakt med noko framandt som kanskje ikkje er så framandt likevel. Møtet mellom kunstnarane og barna kjem aller sterkast fram i eit anna besøk kor me får sjå rørande scenar med Habib og barnet i huset, ei jente på rundt 6 år (?) som gradvis involverer seg i dansen og aktiverer sjølv ulike objekt inn i den. Her kjem referansen til poltergeist, og Henri Michaux’ bok opp i lyset som ei positiv kraft. Michaux’ tekst presenterer kort fortalt poltergeist som eit opprør mot orden i huset for undertrykte jenter – på wikipedia kan ein lese følgjande forklaring:

«Poltergeist (av tysk poltern, «bråke, støye», og Geist, «ånd»), bråkeånd eller bankeånd, er ifølge folketroen et usynlig, overnaturlig vesen som gjør ugagn i et hus; et slags husspøkelse som ytrer seg ved å banke, lage mystiske lyder og uro og ved å flytte på ting.»

Dette oppsummerer og det strålande inntrykket eg får gjennom filmen av effekten Habib og Hindi sine førestillingar har på vertsfamiliane sine. Gjennom mystiske lydar, banking, skurring, og ei varsam flytting av objekt som familien og deltek i, oppstår det eit mikrounivers av fysiske lover til undersøkjing. Prosjektet blir slik og eit draumeaktig eksperiment som avdekker konstruksjonen av verkelegheit som ligg til grunn for eit kvart verdssyn, historiesyn, kulturelle og individuelle sjølvbiletet og livsnarrativ.

Foto: Yaniv Cohen

Samstundes trer Åse Berg sitt dikt, her i engelsk utgåve, fram som eit sentralt dramaturgisk og koreografisk element, med strofa «There was an evil horse that galloped along the evil river in the horrifying land of clay», frå diktet «In the horrifying land of Clay». Diktet og tittelen peiker på eine sida på korleis krigserfaringane til det nordnorske folk sit igjen i folk og landskap som eit formlaust minne dei deler i form av ein slags tomskap som og er reflektert i det konkrete landskapet som blei offer for «den brente jords taktikk» ved krigens slutt. På andre sida peiker det på Habib og Hindi sitt samarbeid, og ikkje minst Habib sin koreografiske signatur som ofte dreier seg rundt spørsmål om kulturell identitet, og relasjonane mellom kropp, identitet, samfunn og dans. Det skremmande men frigjerande landet av leire – kor det finnes rom både for stivning og omforming av det materialet me er laga av.

Insistering og frigjering

Habib, Hindi og dansaren Rani Nair, har og arbeida saman i ei årrekke med det kunstnariske prosjektet We Insist, som gjennom ein form for samfunnskritisk opprørskoreografi både insisterer på å synleggjere komplekse og ofte vonde tema, men med ei and av frigjerande kraft, inn i ulike settingar i ulike land, frå Norden, til Syria, Marokko og Mexico. Ein kan tolke det som at kunsten blir eit verktøy til å drive ut identitetsdemonar som kan gjere folk til meir eller mindre stivna leirefigurar i ei kulturell ramme av ulike former for strukturell undertrykking. Dokumentarfilmen Stranger Within, regissert av Vibeke Heide (i samarbeid med Astrid Skumsrud Johansen og Janne Lindgren), synleggjer og dette aspektet i det nordnorske landskapet, kor krigs- og minoritetshistorie er demonane.

Habib og Hindi møter familiane, slik eg opplever det gjennom filmen, med ein hårfin balanse mellom det framande og det omsorgsgivande; men med sitt poltergeist-teater opner dei først og fremst for å sette heim og tanker i rørsle, og for eit måltid kor framande blir til utløysarar for å fortelje både gøymde og gløymde historiar om seg sjølv som folk, krigsoffer og nordbuarar. I ein av familiane dei besøker får me møte presten i Kirkenes som fortel om syriske flyktningar som kom over den russiske grensa og fekk husly i kyrkja. Her blei det skapt bånd mellom to folk med kvar si krigshistorie; Kirkenes 1942 og Aleppo 2012. Bombene i Kirkenes ingen snakker om var der, og forholdet til syriske flyktningar blei til meir enn veldedighet, det blei ei solidaritetssak, fortel presten til Habib og Hindi.

Det er det dokumentariske som blir det sterkaste elementet i utstillinga/førestillinga på Interkulturelt museum, co-produsert av TraP og Black Box teater, men Habib og Hindi gjer og ein versjon av performance-materialet for oss i utstillingsrommet som gjer inntrykk. Her bruker dei ulike objekt dei har teke med seg frå reisa. Brosjyrer om krigshistoria frå eigaren av «suvenirsjappa» ved grensa til Russland, ein trebåt av drivved, kart over sameland (med nordkalotten som sentrum), og diverse naturobjekt, som beinrestar og stein. Det er sterke element til stades, men som performance mister materialet den avgjerande spenninga som oppstår mellom dei framande kustnarane og familiane som har opna heimane sine. Som demonstrasjon er den likevel med på å gi oss innblikk i arbeidet og råskapen i tomskapen i det nordnorske kulturlandskapet. I løpet av veka vil og dette rommet utvidast ved å gi rom til inviterte kunstnarar som kjem med eigne bidrag inn i Habib og Hindi sitt rammeprosjekt, kunstnarar som på ulike måtar har vore med på vegen. Det er absolutt å anbefale ein kikk på programmet, som igjen viser til Habib og Hindi sitt gjennomgåande motiv om å bruke kunsten til å åpne rom for nye møter både kulturelt og kunstnarisk – og ikkje minst i forstand av nye møter med våre meir eller mindre unnlatande blikk på oss sjølv. (publisert 13.10.2018)

Foto: Yaniv Cohen
Powered by Labrador CMS