
P.O. Enquist (1934-2020)
Eit langt liv og eit stort forfattarskap er slutt ved meldinga om P.O. Enquists bortgang, skriv Edvard Hoem.
Eit langt liv og eit stort forfattarskap er slutt ved meldinga om P.O. Enquists bortgang. For meg var han ein god kollega, alltid lyttande og reflekterande når vi møttest, men heilt nær han kom eg han ikkje. Kanskje mangla han den sprudlande spontaniteten og evna til å overgi seg til augneblinken som var så karakteristisk for hans samtidige Göran Tunström, som var tre år yngre enn Enquist, men forlét oss tjue år før han?
Enquist var idrettsmann i sine yngre år, og det har gitt gjenklang i forfattarskapet. Han den første som i eit skjønnliterært verk tok opp det problematiske dilemmaet mellom prestasjon og bedrageri som er blitt dominerande i dagens idrettsverd. Som høgdehoppar, fortalte Enquist meg, hadde han eingong hoppa nøyaktig så høgt som han sjølv var: 1, 97 cm. Så høgt er det vel vi alle prøver å nå, om ikkje på idrettsbanen, så i kunsten?
Livets alvor hadde prega Enquist, frå han mista far sin eitt år gammal, og til dei mange åra da han kjempa mot ein alkoholisme som truga med å ta knekken på forfattarskapet hans, noko han kjem inn på fleire gonger, og mest i den sjølvbiografiske Ett annat liv (2009).
Ved hans død tenker eg at Enquist avgjort hadde humor, men av det meir stillferdige slaget, som den gongen eg besøkte han i København i 1994: Nu är det så, Edvard, at jag är alkoholist, men till dig har har jag köpt en mycket god rødvin. Og så sette han to flasker på bordet.
Siste gong eg såg han var på minnesamværet for Henning Mankell i Stockholm i mars 2017. Der var det mange framståande personar frå det svenske og norske kulturlivet som sørgde over at den opprørske Mankell frå no av ville la oss i fred.
P.O. Enquist var ingen opprørar, han var inntil margen sosialdemokrat, noko som ikkje hindra at han var ein støttespelar for Arne Treholt gjennom lange fengselsår, men framfor alt var han ein av dei største romanforfattarane i Norden i det 20. hundreåret. Målt opp mot romanar som Magnetisörens femte vinter, Sekonden, Musikanternas uttåg, Kaptein Nemos bibliotek, og Livläkarens besøk, framstår det dramatiske forfattarskapet i ettertid som uangripeleg og stilsikkert, men kanskje ikkje som grensesprengande. Den høgst reelle trekanthistoria mellom Strindberg, Siri von Essen og Marie David, i Tribadernas natt (1975), saman med det fiktive møtet mellom den danske primadonna Johanne Luise Heiberg og H.C. Andersen i Från regnormernas liv (1981) viser eit framifrå dramatisk handlag, men det står att å sjå om dei vil bli spela på scenen i framtida. Kanskje er den nordiske gullalderen i teateret er i ferd med å bli for fjern for oss, sjølv om konfliktane er tidlause, som den sosiale klatringa og dei tilstivna konvensjonane i det første, og det strindbergske ekteskapshelvetet med den dødelege sjalusien i det andre?
Eit gjensyn med Från regnormernas liv på eit teater i Göteborg i 2010 fall ikkje berre heldig ut, skal ein tru kritikken. I lodjurets timma såg eg på Dramaten i 1988, det gjorde intrykk, men var ikkje formelt spesielt vellykka.
Men noko blir ståande: TV-serien om August Strindberg som Enquist skreiv manuskript til: Ett liv, har eit så klassisk preg og så strålande skodespelarprestasjonar at eg ikkje ser for meg at den nokon gong kan støve ned.
Fred over P.O.s minne!