«Torn og Rose i eventyrland», regi: Cecilie Grydeland Lundsholt. Samproduksjon: Nordland Teater, Teater Vestland, Teatret Vårt 2023. Foto: Jan Von Holleben

Litt av alt og alt i eitt

(Førde): Samproduksjon heilgarderer med ellevill sjangerblanding i moderne teatereventyr for dei minste.

Publisert Sist oppdatert

Eventyret ein tilpassingsdyktig og slitesterk sjanger, kanskje fordi lovene er hogde så godt som i

Torn og Rose i Eventyrland

Tekst og regi: Cecilie Grydeland Lundsholt
Scenografi og kostyme: Birgitte Strid
Dramaturg: Kristian Lykkeslet Strømskag
Komponist: Johann Prell
Lyddesignar/Foley artist: Yvonne Stenberg
Prosjektleiar, Storyline Studios: Vidar Grande
Lysdesignar: Vegar Angel Andreassen
Videodesignar: David Lejard-Ruffet
Animatør: Cenk Koksal
AR-utviklarar Onat Döker, Hasan Ulaş Sarikaya
Nordland Teater/ Teater Vestland/ Teatret Vårt

stein. Episke lover, sceniske lover, narrative lover. Reglar om tal, reglar om rekkefølge, reglar om byrjing og reglar om slutt. Innanfor desse rammene har vi fortalt, vore forferda og fryda oss over oppdikta historier i magiske univers til alle tider og stadar. No er magien i ferd med å forsvinne, fordi folk har slutta å fortelje. Slik lyder plottet når Nordland teater, Teatret Vårt i Molde og Teater Vestland går saman om ein moderne adaptasjon av sjangeren i Torn og Rose i eventyrland, der små teatergjester blir oppmoda om å gå ut att i den verkelege verda og fortelje alle folk at eventyrland finst, på ekte.

Eventyr som barnelitteratur og fantasy

I Cecilie Grydeland Lundsholt sin regi ser det ut som at eventyret blir forstått like mykje som barnelitteratur og fantasy, sjølv om både artefaktar og scenografi stadfestar eventyret som kulturarv og forteljetradisjon. I slottet i eventyrland manglar det ikkje på noko: Den magiske spegelen, det gifitige eplet, senga for den lange søvnen, steinen frå månen og kjærleikens ring. Alt har sin plass. Her bur tvillingane Torn og Rose og no inviterer dei publikum til omvising i Torneroseslottet.

Berre Torn har møtt opp og dermed byrjar moroa. Rose er for sein, som vanleg. Som ein Jakob og ein Neikob frå samtidslitteraturen ungane i målgruppa kanskje kjenner minst like godt som eventyret om Tornerose, er dei komisk ulike desse to. Samspelet er klokkereint, kvikt og gøyalt. Små kroppar akar seg fram på stolkantane, lyden av frydefull barnelatter fyller salen. I Peder Lauvås si energiske tolking er arveprinsen Torn slapstick-aktig klomsete, i sitt krampaktige, bakstreverske arbeid med å halde orden i sakene og kontroll på situasjonen. Carina Furseth si Rose er derimot uredd og ustoppeleg som ei Pippi i eventyrdrakt.

Frå benkeradene heiar vi på henne og på oss sjølve. Vi må nemleg vere med på redningsaksjonen: På med brillene!

Dragen var berre data

Eit par store, svarte AR-briller ventar i stolen der vi skal sitje. Vi blir instruert i å halde brillene i fanget til vi får beskjed om å ta dei på. – Hald kvarandre i hendene!På med brillene! ropar Rose ut i salen. Inne i brille-landet er røynda annleis. Som gjennom ein portal reiser vi til havsens botn og til foten av einsemda sitt fjell. Her finst skumle dragar og vonde dronningar, turnert med vittig overskot av Idun Losnegård.

Foto: Jan Von Holleben

– Dragen var berre data! – seier ein liten gut opprørt på veg ut frå salen etter framsyninga. Innvendinga er verdt å merke seg. Evna til fantasi og innbilling er ei superkraft i barnesinnet. I ei god forteljing ser vi etter tomme rom. Stadar der innbillingskrafta kan få verke, stadar der ikkje alt er fortalt. I denne teaterforteljinga er det fullt. Her er ikkje plass og her er heller ikkje tid til undring og innbilling.

Alle eventyr i eitt

Det er ikkje berre elementa av auka røynd som fyller dei tomme romma i fantasien sin stad, men også eit overlass av referansar til all verdas eventyr, segner og myter. I replikkar og dramaturgi gir interteksten ein kaotisk effekt, medan kostymer, musikk og scenografi er til storarta støtte for illusjonen. Torn og Rose i eventyrland gir ei kjensle av å få fortalt alle eventyr i eitt, i supersonisk fart. I denne heilgarderinga er det ikkje rom for verken siger eller tap i kampen for kjærleiken til eventyra.

Den kampen må kjempast utanfor teatersalen, og der ute ventar teatervertar med pins til jakkeslaget for alle nyslåtte forvararar av eventyrland. Magisk kan Torn og Rose i eventyrland først bli i minna om det vi fekk oppleve. Minna er den verkelege prøvesteinen: Kor lenge lever Torn og Rose i eventyrland i hukommelsen? Eventyra er mellom mykje anna også påminninga sin sjanger. I seg sjølv er dei ei påminning om å hugse å fortelje. Denne innovative og ambisiøse samproduksjonen er kanskje mest vellukka som påminning og oppmoding om å lese og fortelje eventyr for ungane til dei verkelege forsvararane av eventyrland: Vi som kan lese og fortelje og som må hugse å gjere det.

(Publisert 27.10.23)

Powered by Labrador CMS