
ANMELDELSE
Kulturkrig då og no
Ubehageleg aktuelt lærestykke om storstilt teatersatsing i tredveåras USA.

Den amerikanske Shakespeare-eksperten James Shapiros nye utgjeving The Playbook er ein spennande oppfølgar til Shakespeare in a Divided America (sjå intervju med forfattaren i NST nr. 2 2020.) I den nye boka skildrar Shapiro korleis eit nyskapande føderalt teaterprosjekt som var ein del av New Deal-satsinga, i stort omfang gav jobb til arbeidslause teaterarbeidarar. Dette resulterte i ei rekke spennande teaterproduksjonar over heile landet. The Playbook er også ei nærgåande skildring av dei dramatiske hendingane i kongressen som førte til at heile dette prosjektet vart karakterisert som «uamerikansk verksemd» og avslutta.
Sjølve tittelen, The Playbook, er tvetydig. Ordboka som Shapiro viser til, oppgir at «playbook» både kan peike på ei bok som inneheld teksten til skodespel og «(a) set of tactics frequently emplyed by one engaged in competetive activity». I boka som har undertittelen «A Story of Theater, Democracy, and the Making of a Culture War» fungerer det taktiske politiske spelet som førte til nedlegging av dette nyskapande demokratiske teatereksperimentet, som ei rammeforteljing for dei fem spennande kapitla som skildrar nokre av dei nyskapande oppsetjingane «the Federal Theatre Project» stod bak. Som undertittelen antyder, er Shapiro tydeleg på at det konservative politiske spelet rundt dette teaterprosjektet, i seg sjølv var med på å skape effektive måtar å føre kulturkamp på, noko som er påtrengande tydeleg, i dagens politiske klima, meir enn ein mannsalder seinare. (Trump er jo født i 1946, sju år etter at Kongressen stengte ned det føderale teaterprosjektet.) På den måten blir boka eit lærestykke i fleire meiningar av ordet: Lesaren kan lære nytt om teater og politikk i trettiåra, samtidig som ho blir minna om at denne «kulturkampen» er ubehageleg aktuell i dag.
«Er Marlowe ein kommunist?»
Dei fleste lesarar forbind Senatskomiteen som skulle nedkjempe uamerikansk verksemd med McCarthy sin dramatiske kamp mot kommunistar etter verdskrigen. Framståande forfattarar, teaterfolk og andre kulturarbeidarar, så ulike som Charlie Chaplin, Arthur Miller, Dashiell Hammet, Pete Seeger, Dorothy Parker, Orson Welles, Leonard Bernstein, Bertolt Brecht og mange andre, vart forhøyrt av McCarthys komité, klaga for å vere kommunistar involvert i «anti-amerikansk verksemd.» Shapiro dokumenterer at denne komiteen har sitt opphav i 1938. Den vart godkjent fordi den skulle arbeide med både nazistisk og kommunistisk påverknad av det kulturelle livet. Tidleg kom komiteen under leiing av Martin Dies til å konsentrere arbeidet sitt om ulike delar av det som vart oppfatta som venstreside-aktivitet. Og i praksis, kom det heile til å dreie seg om kampen mot ein av president Roosevelts New Deal-satsingar, nemleg det føderale teatret.
«Du siterer frå Marlowe. Er han en kommunist?»
Shapiro skildrar i det første kapitlet korleis det leiaren for det føderale teatret, teatervitaren og dramatikaren Hallie Flanagan i desember 1938, blir kryssforhøyrt og ikkje får kome til orde med den grundige utgreiinga ho hadde førebudd. Komitémedlemene som står for utspørjinga er på same tid brutalt uhøflege og påfallande kunnskapslause. Då Flanagan viser at prosjektet, nettopp ved skape å nye modellar for sosialt og politisk liv i USA utan pengehjelp, har noko av ein marlowsk galskap («a certain Marlowesque madness») i seg, vart ho raskt spurt: «Du siterer frå Marlowe. Er han en kommunist?» Dette ordskiftet, som ei avis karakteriserte som «the high comedy relief of the day», avdekkar på same tid sider ved den konservative kulturkampen som stadig er nærgåande aktuelle. Shapiro, som jo starta si vitskapelege karriere ved å skrive om dei rivaliserande dramatikarane Marlowe, Jonson og Shakespeare, skriv i boka om Shakespeares verknadshistorie i USA, at den førtifemte presidenten, Trump, nok var den første i rekka som ikkje hadde lese Shakespeare.
Nyskapande teater om rasisme og sosiale forhold
I dei fire åra, frå 1935 til 1939, det føderale teaterprosjektet fekk leve, stod det bak ikkje mindre enn tusen produksjonar i tjueni statar. Publikumstilstrøyminga i ei tid der teatret hadde tapt terreng til kinoane, var ikkje mindre imponerande: Opp mot tretti millionar omtrent ein av fire) amerikanarar og to tredjedelar av dei hadde i tillegg aldri sett eit skodespel før.
Teatervitaren Flanagan hadde gjennom omfattande reiseverksemd til Europa, inkludert Skandinavia, og også gjennom opphald i Sovjetunionen, erverva seg stor kunnskap om det nye som gjekk føre seg på teatera der. Ho fekk på desse reisene høve til å samtale med og lære av framståande teaterfolk som William Butler Yeats, Luigi Pirandello, Konstantin Stanislavskij og Vsevolod Meyerhold. Eit fellestrekk ved det store mangfaldet av teaterproduksjonar det føderale teatret stod bak, var at dei, enten ved bruk av eldre eller nyskrivne teatertekstar, sette fokus på samtidige utfordringar som rasisme, sosial urettferd og trugsmålet frå den framveksande fascismen. Nokre av skodespela vart kalla «Living Newpaper». Det var ein slags dokumentarteater som eg ser for meg som noko som har fellestrekk med det til dømes Milo Rau driv på med i dag, der presseklipp og nyheiter, tilmed referat frå ordskifte i Kongressen, vart dramatisert og spelt ut. Nokre av dei viktige oppsetjingane handla om dei katastrofale buforholda mange amerikanarar levde under, som det suksessrike stykket «One Third of a Nation», som vart sett opp på ulikt vis i store delar av landet, og dessutan rasisme, som det spennande stykket «Liberty Deferred, som til slutt etter mange dramatiske forviklingar vart avlyst før premieren. Historia til den radikale danseførestillinga How Long, Brethren, basert på den progressive jødiske musikkforskaren Lawrence Gellerts opptak frå afroamerikansk sangtradisjon, utgitt som «Negro Songs of Protest», viser også kor kompleks forsøk på å tematisere rasisme var og stadig er. Den jødiske dansaren Tamaris i spissen for eit ensemble av kvite dansarar dansa fram erfaringar av å vere svart i USA, mens eit kor som bestod av afro-amerikanske stemmer framførte protestsongane frå bak sceneteppet.

Den første store suksessen til det føderale teatret, var oppsetjinga av Macbeth i Harlem i 1936. Stykket gjorde bruk av musikarar frå Haiti og skodespelarane som alle var afro-amerikanske (altså eit «all-Black cast») framførte eit stykke som fann stad nettopp i Haiti og der voodoo erstatta det skotske hekseriet. Oppsetjinga i Harlem vart sett av 120 tusen tilskodarar, og den etterfølgande turneen rundt om i USA vekte stor merksemd også i samanhengar der ingen hadde sett svarte skodespelarar før. Oppføringa av Macbeth i Harlem var i tillegg eit gjennombrot for regissøren, den tjueein år gamle kvite skodespelaren Orson Welles, som seinare skulle bli verdskjent som nyskapande filmregissør og som, som nemnd, også vart kalla inn til McCarthys komité skulde for antiamerikansk verksemd mange år seinare.
Ein av historiene om dramatiske produksjonar, som er mest ubehageleg nærgåande å lese i dag, i trygg (?) avstand over åtti år etter, er den komplekse historia om dramatiseringa av Sinclair Lewis sin roman It Can’t Happen Here, ein framtidsvisjon om ei fascistisk maktovertaking i USA. Ein filmversjon av romanen, vart utruleg nok kansellert pga. av påtrykk frå Nazi-Tyskland og også frå jødiske røyster som ikkje ønska meir merksemd om «det jødiske spørsmålet». (Sjå omsetjing s. 12) Etter mykje styr, vart dei ulike teaterversjonane som vart vist, store publikumssuksessar og spennande eksempel på teatrets evne til å praktisere og motivere til motstand mot ein trugande fascisme.
Eit lærestykke for vår tid?
Dei siste kapitla dokumenterer korleis Martin Dies og dei andre medlemene i komiteen mot uamerikansk verksemd målmedvite brukte radio og presse i kampen sin. Ved hjelp av strategiske løgner og omfattande bruk av fake news, greidde desse konservative kulturkjemparane å mobilisere mot det nyskapande teaterprosjektet og lukkast å stenge det heile ned.
Det er, som allereie antyda, umogleg å lese Shapiros siste bok utan å reflektere over kva som skjer i USA etter at Trump har blitt landets førtisjuande president. I boka som vart utgitt ei god stund før valet, startar Shapiro med å forklare ordet «føderal» ved å vise til ulike statlege tiltak som skal sikre amerikanske innbyggarar økonomisk ved sjukdom og bankkollaps, altså nokre av dei offentlege tiltaka som har overlevd frå trettiåras New Deal. I dag, relativt kort etter at Trump har festa grepet, er heller ikkje desse føderale støtteordningane eller noko med namnet «føderalt» i seg, noko ein lenger kan ta for gitt.
Shapiros bok viser korleis godt teater kan påverke det som skjer i samfunnet. The Playbook ber også bod om at nyskapande teater stadig kan fungere som motstand mot politiske maktovergrep, rasisme og høgre-ekstremisme.