Carina Furseth i «Jenta med fyrstikkene», regi: Miriam Prestøy Lie. Teater vestland 2021. Foto: Espen Nyttingnes

Jenta som nekta å døy

(Førde): «Jenta med fyrstikkene» rekker fram handa, leier barnet inn i den magiske teaterverda og skaper ei storarta kunstoppleving, der pedagogiske og oppdragande siktemål spelar ei svakare bi-rolle.

Publisert Sist oppdatert

– Eg kan vere jenta! Slik Carina Furseth rekker opp handa for å insistere på at ho kan vere Jenta med fyrstikkene, rekker teater Vestland opp handa for å insistere på kunsten si oppgåve i samfunnet. Med godteripose i den eine handa, rekker Carina Furseth den andre ivrig i veret. Borna i blackboxen har alt fått fleire oppgåver. Det har kome eit

jenta med fyrstikkene

Av H.C. Andersen
Omsetjar Terje Lyngstad

Regi: Miriam Prestøy Lie
Dramaturgi: Cecilie Grydeland Lundsholt
Visuelt uttrykk: Synnøve Ringdal
Komponist, musikkproduksjon og lyddesign: Thea Hjelmeland
Lysdesignar: Krystian Myska

teater Vestland,

brev, brevet må lesast. Der står det kva for ei forteljing vi skal få høyre. – Kan nokon lese brevet? Mange rekker opp handa. – Snikkar Andersen, les ei lita jente som sit langs den eine rekka med små gjester på puter ved scena midt i rommet.

– Ja! Idun Losnegård er letta og glad, men Kyrre Eikaas Ottesen er meir skeptisk. – Teatret har sagt at vi skal fortelje om Jenta med fyrstikkene, innvender han. Fram og tilbake over golvet dansar dei to faste skodespelarane ved teatret i ein slags symbiotisk og balansert diskusjon der Idun vil beskytte publikum mot alt trist og vondt, medan Kyrre vil seie det som det er og snakke om det vanskelege.

– Eg kan vere jenta! Langs den andre rekka sit Carina Furseth med boblejakke, lue og øyrevarmarar. Den 29 år gamle skodespelaren passerer som barn mellom barna, vi trur på henne som ein av oss i publikum. Kyrre og Idun må vise henne korleis ein lagar teater. Det gjer ein med lys, kostymer og snømaskin! No snøar det i byen, og så får alle vere med å lage gata med hus i. Raude hus på raude kryss, grøne hus på grøne kryss. Synnøve Ringdal sitt visuelle uttrykk er smart og eggande for fantasien.

Brot og forhandling

Litt etter litt sveiper teateret sin magi seg kring oss. Snart dreg Thea Hjelmeland sin suggerande, vedunderlege musikk oss innover og bakover i tida. Vi slår fylgje i valsetakt, til den iskalde nyttårsnatta for lenge, lenge sidan.

Med varme tøflar på beina ser dei små gjestene i publikum korleis Jenta med fyrstikkene må gå berrføtt over snøen. Snart kjem Idun Losnegård på scena i rolla som den rike dama. Vil ho kjøpe fyrstikker? Ja, det vil ho. Då slår Kyrre Eikås Ottesen bestemt opp eit av vindauga inn til teaterverda vi er inne i, utanfrå: – Idun, kva er det du driv med? Ingen må kjøpe fyrstikker!

Slik held framsyninga fram med å veksle mellom illusjon og fiksjon, brot og forhandling. I Miriam Prestøy Lie sin regi har ensemblet brukt devised teater som metode for å forme eit manus. Forma utløyser energi og vitalitet i samspelet mellom dei to faste skodespelarane. Dialogen boblar av tull, tøys og småkrangling, slik berre to gamle kjenningar kan leike fram. Som ei mamma og ein pappa i teaterfamilien tar dei til seg Carina som sitt barn. Dei lærer henne alt om kva teatret er, kan vere og gjere. Heilt til barnet, på barns vis, gjer opprør og nektar: – Er det dèt som er slutten? At ho skal dø?

Høgdepunkt og vendepunkt

Så vert rollene snudde på hovudet. No er det barnet som har noko å lære bort. Her, ved sitt høgdepunkt og vendepunkt, er Jenta med fyrstikkene både på sitt sterkaste og sitt svakaste.

Carina Furseth glitrar gjennom tårene over det djupt urettferdige i historia. Å sjå korleis jenta tek grep om og endrar eit etablert narrativ, er ei myndig-gjerande kunstoppleving av beste merke. Her vender historia seg til styrken som bur i oss alle, liten og stor, og fortel oss at vi held vår eiga forteljing i våre eigne hender.

På sitt svakaste snublar teatret i si eiga tese ved å sløre til den strålande bodskapen med pedagogiske og velmeinte, men hektiske og lite integrerte formuleringar om FN-konvensjon og klimakrise. Her er ikkje Jenta med fyrstikkene lenger i augehøgde med barna, her vil teatret for mykje og stolar for lite på kunstopplevinga i seg sjølv.

Når teater Vestland legg ut på turnè med denne framsyninga, spelar det nynorske turnéteateret på Sunnfjord-dialekt. Den munnlege forma kler framsyninga godt og bidrar til at skodespelarane kan kommunisere med barna i publikum på ein måte som gjer at ungane let seg involvere og engasjere. Likevel er det eit dilemma for eit framtidig senter for nynorsk scenespråk at dialektane er så nærliggande å ty til, i så stor del av repertoaret.

Barnelitteraturen har ingen Nobelpris, men derimot ein HC Andersen-pris. Verdas mest prestisjefylte pris for barnebøker vert delt ut anna kvart år på den internasjonale barnebokmessa i Bologna. Prisen ber forfattaren av det klassiske kunst-eventyret «Piken med svovelstikkene» sitt namn. Lista over prisvinnarar viser korleis forfattarane har bore barneboka vidare, og streva mot at barnelitteraturen skal bli lest som litteratur for litteraturen sin eigen del.

(Publisert 10.11.2021)

Powered by Labrador CMS