ANMELDELSE
Helvetesgap med nye sansar
Helvetesgapet opnar seg ikkje til full skode i Sweet Spot, og det kollektive ritualet står fram som mindre suggererande enn i tidlegare verk av Harald Beharie. Men gjennom transformasjon og leik med kulturelle referansar, lukkast framsyninga i å få meg til å førestille meg nye realitetar for makt og samhald.
Amfiet på hovudscena er heilt fullt opplyst og det ligg eit tjukt lag av høge forventingar i lufta. Me skal snart få sjå Sweet Spot, som er den siste framsyninga i koreograf Harald Beharie sin trilogi. I følgje programteksten dykkar den ned i «hvordan nytelse, overflod og monstrøsitet kan bli krefter for egenmakt og transformasjon samtidig som kroppen anvendes som et sted for ambivalens»[1]. Dei to føregåande verka har hausta stor merksemd og fått ei rekkje prisar, Bwatty boy (2022) tok imot Heddaprisen for beste danseframsyning medan Undersang (2024) fekk Kritikerprisen for dans. Sentralt i Beharie sitt kunstnarskap ligg det arbeid omkring identitet og makt, førestillingar om den skeive kroppen og kollektive ritual som ein åstad for å sjå føre seg nye formar for fellesskap. Arbeida samanstiller ofte mytologi frå ulike kulturelle tradisjonar og røskar både frekt og leikent tak i etablerte konvensjonar omkring desse.
Eit usmurd maskineri
Eg får tid til å ta inn elementa på scena før utøvarane dukkar opp. Nær samarbeidspartnar og scenograf Karoline Bakken Lund har skapa ein større stålstruktur som heng frå taket, fire røyr snor og buktar seg organisk mot bakken. Rundt omkring heng kyr- og sauebjøller frå taket, som malar opp kjensla av norsk natur i meg og sender tankane mine til sauesank. Bakarst heng eit lite instrument som eg ikkje kan sette fingeren på kva er.
Fremst til høgre heng ei stor klynge av lyskastarar berre eit par meter frå bakken, satt saman til ein asymmetrisk klump. Dansar Amie Mbye kjem til syne ut frå vengja og stiller seg ved denne. Ho ser på oss med eit mildt, men fast utrykk. Resten av dansarane stiller seg etter tur ved sidan av ho, dei fleste utan andre klede enn eit par knevernarar og sko. Publikum er like mykje opplyst som utøvarane, og det er noko bestemt og leikent i uttrykka deira som fortel meg at dei har eigarskap til situasjonen: sjølv om dei er nakne og ikkje me, ser dei like mykje på oss som me ser på dei, dette etablerer ein slags kontrakt om likeverd. Dei er ikkje her for å gjere catering for publikum, for å sitere Beharie sjølv i kunstnarsamtalen i samband med Undersang under Oktoberdans (Bergen, den 24.10.24).
Gradvis veks det ein lys, knirkande lyd ut frå strupen til dansarane, samstundes som andletet vrir seg i eit grotesk smil som blottlegg heile tanngarden. Handlinga er tvitydig, for sjølv om lyden er svært sped ser det ut som det tek mykje krefter reint fysisk å lage den, eller snarare undertrykke den. Det høyrest ut som både eit gråte- og fnisekor på same tid. Dei beveg seg rundt i rommet med forsøk på gruppeløft, og ei humring spreier seg i salen idet nokon av løfta fell saman, dei ser ikkje ut til å bry seg nemneverdig om ei rumpe hamnar midt i eit ansikt. Kvar gong dei ramler får stemma lov å sleppe meir fri. Stålstrukturen har byrja å rotere, og slepp frå seg nokre kvin ikkje ulike dansarane sine. Ein hyllest til det usmurde maskineri, tenkjer eg.
Sterkt lydleg fundament
Plutseleg bryt det ut nokre kraftfulle, vakre tonar frå ei klassisk songstemme, kvar kjem dei ifrå? Etter ei tid med knirkelydar kjennes dette augneblikket frigjerande. Dansarane dreg til seg ein støvelkledd fot frå under sceneteppet, den høyrer til syngjande Ester Thunander. I sine raude strømpebukser og flapsete støvlettar har ho ei sterk nærvær på scena gjennom heile framsyninga, ho integrerast saman med utøvarane samstundes som ho får vere noko heilt eige, og eg sluttar ikkje å fascinerast over den rytmiske gangen hennar. I alt opplev eg lydbiletet som noko av det sterkaste i framsyninga: frå dansarane sitt vokalarbeid til Thunander si suggererande speling på hardingfele. Carlisle Sienes framfører ein vakker song tett på eit publikum på fyste rad, ei slags intim bånsull som maktar å skape ei varsam stemning på hovudscena, noko nakenskapen er med på å styrke. Ein lengre sekvens av tradisjonelle slåttar på fela følgjer, der fleire soloar avløyser kvarandre. Irene Theisen ristar energisk med skiftande ansiktsuttrykk og det ser ut som ho vekslar mellom å mane ut djupe krefter, for so å la seg overmanne av dei same kreftene ho har sloppe laus. Helvetesgapet opnar seg i eit lite glimt. Eg tenkjer på at fela i gamal tid var uglesett av presteskapet i Noreg, då det var rekna for å vere djevelens instrument.
Slagkraftig samanstilling av referansar
Eit anna augneblink eg må løfte fram er då Mbye slenger hovudet hardt bakover slik at det treff ei av bjøllene i taket. Gesten er enkel, men formidlar eit sterkt politisk bodskap. Fletta svart hår og ei bjølle inneheld begge kulturelle referansar som konvensjonar vil ha til å vere ulike. Med denne enkle rørsla forhandlast det om makt og tilhøyr: slaget er frekt, leikent og fullt av agens.
Slåttane frå fela er verkeleg medrivande, og eg er i ferd med å kome inn i den suggererande stemninga av råskap og framdrift som eg sette stor pris på i Undersang. Dessverre avsluttast melodien altfor fort, og sjølv om dansarane held fram med intensiteten og delar av rytmen etter at lyden er vekke, blir eg ikkje heilt med på reisa deira i min eigen kropp. Framsyninga rundast av med ein lengre duett mellom Mbye og Sienes, der dei jobbar med komplekse rytmar og isolasjonar i hoftepartiet i samspel med melodiar frå fela. Det er ei tydeleg sambinding og gjensidig lytting på eit kroppsleg nivå mellom dansarane sjølv om dei nesten ikkje rører ved kvarandre.
Framsyninga overtyder meg om transformasjon som eit kraftfullt koreografisk grep. Tradisjonsutrykk som ein ikkje er van med å sjå ved sidan av kvarandre får vekse ut i nye og komplekse former: sjølvsagt skal ein riste på rumpa til lyden av Hardingfele! Eit tankekors er at sjølv om framsyninga nyttar tradisjonsmusikk, kan det ikkje seiast at den tek stilling til tradisjonsdansen i Noreg på same måte. Burde den det? Nokon vil kanskje finne dette frustrerande, ettersom folkedans allereie har liten plass i programmet til fleire store scener. Den diskusjonen må nok løftast opp eit strukturelt nivå, og kanskje er det då meir interessant å sjå på kva som samlar, framfor kva som skil. I Sweet Spot kan ein tydeleg sjå at det finst utøvande ekspertise innan House og Streetdans, som jo ogso har lange historiske røter og kompleks rytmeforståing, på same måte som den norske tradisjonsdansen.
Fleire fasettar
Eg opplevde at dramaturgien i Undersang utfolda seg som ein direkte konsekvens av det kraftfulle kollektive ritualet, dette hadde ein medrivande effekt i tilskodaren sin kropp gjennom heile stykket. Ein kunne verkeleg ta og kjenne på ein urgency, eit ord Mia Habib nyttar for å skildre det som særpregar Beharie som kunstnar.[2] I Sweet Spot opplevast dramaturgien meir oppstykka og utprøvande, dei ulike delane skil seg frå kvarandre og det er meir plass til soloarbeid. Helvetesgapet opnar seg kanskje ikkje til full skode, men dukkar opp punktvis, noko kanskje tittelen på stykket underbygger.
Gjennom stykket har Beharie gitt størst plass til dei andre utøvarane, og lukkast med den vanskelege oppgåva det er å skape ein interessant koreografi når ein er med som utøvar sjølv. Frå ein som har følgd kunstnarskapet til Beharie sidan hen si studietid, lurer eg på om Sweet Spot markerer ei vidareutvikling av kunstnaren sine interesser. Materialet er framleis rått og svært fysisk krevjande med mykje humor, og når Beharie kastar kroppen repetitivt i bakken med stor kraft, kan ein nesten seie at rørsla er blitt ein ikonisk markør for kunstnarskapet. Men det er ei mengd av augneblikk i førestillinga som tilbyr ei anna form for sanseleg ro og sårbarheit som skil seg frå dei føregåande verka. Viktigheita av augneblikket, the urgency, tek kanskje nye former.
Notar:
[1] https://www.dansenshus.com/forestillinger/harald-beharie-sweet-spot
[2] https://www.dansenshus.com/artikkel/bak-ryggen-pa-harald-beharie
Kjelder:
Dansens Hus program: https://www.dansenshus.com/forestillinger/harald-beharie-sweet-spot
Intervju: https://www.dansenshus.com/artikkel/bak-ryggen-pa-harald-beharie
Bilettekst:
1: Gruppearbeid som hyllest til det usmurde maskineri. F.v: Carlisle Sienes, Amie Mbye, Irene Theisen, Harald Beharie, Loan Ha. Foto: Tale Hendnes/Dansens hus.
2: Uregjerleg kraft i stadig rørsle er eit gjennomgåande særpreg i Beharie sine verk. Ill.: Karoline Bakken Lund