
Fest og alvor
(Fjaler): Årets festival syner breidda i både samfunnet og scenekunsten, og har ikkje vore redd for å ta fatt på dei tunge problemstillingane. Gjennomgåande for dei fleste framsyningane var inkluderinga av dei som ikkje alltid passar inn, og i sentrum sto den gode forteljinga.
Når vi snakkar om Teaterfestivalen i Fjaler, blir det fort ein samtale om møteplassen og menneska som sett sitt preg på festivalen. Når vi så går over til å prate om scenekunsten, er det ofte for å snakke om korleis ein nøye planlagt dramaturgi og rammene rundt sett sitt preg på dei ulike hendingane. Dette vil alltid vere kjernen i den vesle store festivalen i Sunnfjord, og festivalskaparane Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund legg stor vekt på heilskap og møte mellom menneske når dei sett saman programmet for fem septemberdagar fylt med scenekunst og samtalar. Årets festival syner breidda i både samfunnet og scenekunsten, og har ikkje vore redd for å ta fatt på dei tunge problemstillingane.
Menneske vs. natur
Det har blitt ein viktig merkevare for festivalen å ha eit tema, også i år. Temaet skapar ein dramaturgi som knyter folk og kunst saman, og legg stor vekt på å ta dei lokale på alvor. I år handla festivalen om utanforskap, med utgangspunkt i det lokale kommunemottoet «Fjaler – eit ope samfunn».
I fjor var det menneskets innverknad på naturen (antroposcen) som var i fokus, i år fekk vi kjenne på korleis naturen trass alt rår over mennesket. Med haustjamdøgn og ein måne i perfekt posisjon, låg alt til rette for strålande festivalvær og store arrangement utandørs. Slik gjekk det på ingen måte, og skaparivrig hybris vart møtt med store dosar regn. Det lunefulle vestlandsværet sette unekteleg sitt særpreg på årets festival: Opningsframsyninga med Det Foldalske teater vart utsett, og Tormod Carlsens båtinstallasjon og framsyning sail away with me kom seg aldri forbi Lindesnes. Mange arrangement vart flytta inn på kort varsel, og presenningar beskytta den store fredagsfesten på Øyra. Likevel stilte publikum villig opp, og igjen vart det tydeleg kor arbeidssame og omstillingsvillige festivalteamet og dei frivillige er.
«Jeg vil være meg»
Dei fire framsyningane med barn som målgruppe, gjekk på kvar sin måte rett inn i festivaltematikken. Her vart både utanforskap og identitet tatt opp gjennom Katja Lindeberg sine produksjonar Om bare Lyseblå kunne bli superhelt og Om bare Rosa kunne trylle, og i Ringeren i Notre-Dame av Sanzén Produktioner & Akershus Teater. Personleg merka vi oss spesielt Goodbye Kitty av Rebekka/Huy, som kom til Fjaler med bodskapen om å vere seg sjølv uavhengig av klede, kjønnsidentifikasjon og interesser. Det var likevel det kunstnariske uttrykket og korleis det let publikum reflektere over temaet, som var det interessante ved framsyninga. Dette var godt gjennomført, og produksjonen syner korleis samtidskunst kan gje unge umiddelbare og fine opplevingar. Barna i Fjaler var ikkje like opptatt av bodskapen «Jeg vil være meg» som dei var av det ambiente scenerommet, med ballongar, kule diskolys og scenerøyk (eller steikeos, som ein av ungane begeistra beskreiv det som).

Sterkt om utanforskap
Da lokalavisa Firda skreiv at festivalen viser «sterke stykke om dei svakaste», gjekk festivalleiinga tydeleg ut (på facebook) for å understreke at dei ikkje stilte likskapsteikn mellom ‘utanfor’ og ‘svak’. Jamt over syner framsyningane i årets festival breidda i samfunnet og kva slags mennesker eit samfunn består av. Dei var ikkje redd for å ta tak i alvoret og dei meir vanskelege sidene av inkludering vart løfta fram.
I Fire begravelser og et bryllup fortalde Morten Joachim om narkotikamisbruk blant familiemedlem og korleis han taklar dødsfalla deira, medan Kristin Grue gav festivalgjengarane eit innblikk i korleis det er å vakse opp med eit søsken som har funksjonsedsetting i 72% Normal. Publikum fekk oppleve ein velfungerande leseversjon av Goksøyr/Martens’ 11 år, der foreldre og lærarar forsøker å takle at ei ung jente har tatt sitt eiget liv. Riksteateret besøkte festivalen med Tung tids tale, forteljinga om korleis ei mor taklar tilværet med ein son som har autisme og trekk seg stadig lenger inn i si eiga verd.
Festivalen i Fjaler inneheld alltid element av både moro og alvor, men med utanforskap som tema, fekk festivalen synt seg fram frå ei anna side. Gjennom desse framsyningane fekk høve til å kjenne ekstra på alv
oret: årets festival vart tårevåt i tillegg til regnvåt.

Lokale bidrag
Teaterfestivalen i Fjaler har ein unik evne til å få med seg lokalbefolkninga, og innbyggarane i Fjaler står heller ikkje utanfor når det skal lagast festival i bygda. Det lokale bidraget toppa seg fredagskvelden, da karakteren Wilhelm Foldal i Harald Kolaas’ skikkelse framførte orda til Dales store son, Jakob Sande, i ny tonesetting. Brått ringte det i kyrkeklokkene på andre sida av elva, og ut av kyrkja kom eit froskekor for å lokke til seg Foldal med utdrag frå Aristofanes’ antikke komedie Froskene. Storelva vart rett nok for stri til at den vesle båten og Foldal kunne ta seg over til den andre sida, men innsatsen til det lokale koret var det ingen ting å seie på.
Framsyninga Dei Fjaleristiske tok òg i bruk lokale aktørar, og var ein førehandsfavoritt hjå mange. Eit sirkusshow skapt av dei tilsette i den lokale verna bedrifta vakte interesse hjå både presse og publikum, og da produksjonen få dagar før premiere annonserte at dei trengte ein musikar til eit av nummera på kort varsel, endta det med at om lag heile korpset stilte. Nokon av aktørane vart nok litt nervøse da lokalet på premieren var fylt til randen av folk som klappa og lo, men det vart like fullt gjennomført med stor sjarm og stil. Det vart loppesirkus, klovning og ballettdans, leia med trygg hand av Teater Prospero. Denne gjengen kan vi gjerne få attersyn med neste år.
Forteljartradisjon
Noko av det finaste på festivalen i år fann stad under det faste Bylaurdag-arrangementet. Fjaler fortel er eit forteljarprosjekt leia av med Thomas Storm og Camilla Jensen frå kompaniet Fortellerkraft, denne gongen gjennomført i samarbeid vaksenopplæringa i Fjaler. Der stilte folk frå heile distriktet opp for å dele sine små eller store historier ein-til-ein med alle som ville høyre. Nokon hadde gått gjennom krig og ei lang og vanskeleg flukt, andre fortalde om ugagn i unge år. Andre igjen delte personlege openbaringar. Det er så enkelt, og stilte seg så fint i rekke med dei andre hendingane på årets festival – som alt i alt ofte krinsa attende til den gode forteljinga.

Den sunnfjordske forteljartradisjonen fekk i det heile tatt stor plass innanfor festivaltematikkens rammer. Under konseptet forteljarkafé trakk dei lokale dramatikarane Norvald Tveit og Rolf Losnegård fullt hus til sin samtale om splinten på Vestlandet. Her vart det lagt vekt på Fjaler si eiga historie med det skandinaviske romanifolket. Fleire i salen hadde eigne anekdotar å dele, og ein fekk tatt tak i ei mindre stolt side av historia. Enkelte element vart likevel ståande usagt, og berøringsangsten for korleis Noreg behandla romanifolket hindra det heilt store alvoret. Men det strukturelle perspektivet fann sin plass i Frå landevegen, kor Gjertrud Jynge tok eit oppgjer med sin tippoldefar og hans behandling av taterfolket, eller dei omreisande. Kombinasjonen av den nære, anekdotiske forteljartimen og den meir kunstnariske og dramatiske forteljinga til Jynge fungerte godt.
Urpremierar i idrettshallen
I år kunne Fjaler by på to urpremierar utanom dei prosjekta som vart skapt spesifikt i samband med festivalen: Yogakrigen og Tyngde

Det har utvikla seg eit tydeleg stolt gjensidig samarbeid mellom festivalen og Sogn og Fjordane teater, og det var derfor ikkje overraskande at sistnemnte la premieren på Yogakrigen av Ingrid Jørgensen Dragland til Fjaler. Regissør Audny Chris Holsen og resten av teamet har klart å skape ei delvis vellukka framsyninga, og fann openbart si målgruppe i salen. Mange lo godt gjennom heile teaterhendinga, og Yogakrigen hadde mange humoristiske augneblink ein kunne kjenne seg att i – som når to av karakterane stilte i identisk treningsbukse.
I eit yogastudio forsøker fire ulike kvinner å gjere det beste ut av dei ulike yoga-øvingane dei får servert av instruktøren, som òg er litt distrahert akkurat denne timen. I tur og orden lærer publikum kvinnene å kjenne i form av indre monologar der eigne problem, med også fordommar mot og kjennskap til kvarandre, kjem tydeleg fram. Sjølv om alle pratar høgt, er det ikkje vanskeleg å forstå at det er dei personlege tankane ein høyrer, og når dei ulike replikkane blir fletta inn i kvarandre og vekslar mellom å tale mot og for kvarandre, blir det eit interessant sosialt spel i yogastudioet. Likevel blir det tidvis litt forvirrande, kanskje fordi aktørane har litt ulik tilnærming: enkelte snakka til seg sjølv, medan andre vendte seg til publikum.
Å lage ei framsyning med berre indre monologar er ein gode idé, men vi sitt att med inntrykket av at det manglar ein dimensjon. Karakterane vart litt einfaldig framstilt, noko som gav låg grad av identifikasjon; vi fekk aldri heilt sympati eller medkjensle med dei. Yogakrigen er nok den som står mest på sida av årets festivaltema, men der igjen: vi får absolutt innblikk i korleis det er å kjenne seg utanfor i kjende omgivnadar.
Før produksjonen skulle kjøre over fjellet om natta for å spele på Ibsenfestivalen, hadde Tyngde av Demian Vitanza urpremiere i idrettshallen. Dette var ein av tungvektarane på årets festival, og samstundes eit høgdepunkt. Alt spelte på lag i denne framsyninga: den dystopiske og postapokalyptiske scenografien, musikken som vart framført live av to elektronika-artistar og den stemningsskapande lyssettinga. Den unge (Oline Flæte Modalsli) og den vaksne (Terje Strømdahl) skodespelaren er på kvar sin måte modige og sårbare, kontrasten i alder ga teksten dei framførte ei djupare betyding – ein tekst så god at uansett kva ein skriv, så vil ingen ord yte den rettferd.
Tematikken driv konseptet

Noko av det som fungerer i Fjaler, er at dei ikkje berre fokuserer på det nyskapande. Prestøy Lie og Sandsund samlar saman framsyningar av høg kvalitet som passar saman, og som samstundes når fram til sunnfjordingane. Ofte kan tema verke litt påtvinga for ein festival, men her er det ein styrke. Tanken Prestøy Lie og Sandsund har om at ulike kunstnariske uttrykk skal kaste nytt lys over kvarandre, fungerer. Og det er sant at festivalstemninga og samhaldet gjer noko med framsyningane. Ei visning i Dale skapar noko anna enn i storbyen, og verka får ofte ny tyding og djupne gjennom eit nøye samansydd program.
Etter årets festival sitt vi likevel att med kjensla av at vi skulle gjerne hatt litt meir tid til å dvele. Teaterfestivalen i Fjaler løftar og utviklar seg stadig, og med ei halv veke til disposisjon, er den snart for innhaldsrik til at ein kan få med seg alt. Det er både fint og synd, for når samansettinga av framsyningar er så viktig, hadde vi òg trengt meir refleksjonsrom. Rom vi kunne fylle med fleire møteplassar med både lokale og bransjefolk, men også ein tur innom dei lokale butikkane og kafeane for å kjenne på stemninga i Dale. For dette er verkelege ein magisk stad å vere – i år som i fjor og åra før det og forhåpentlegvis i mange år framover.