Detektimen, regi: Mads Bones. Hjorten teater/ Riksteatret/ Nationaltheatret 2023. Foto: Erik Berg

Elementært, min kjære Watson

Ein kriminalmusikal som byr deg inn på ei aftan med familiære drapsmotiv og nostalgiske løysingar.

Publisert Sist oppdatert

Det er duka for show på den eksklusive klubben «Unter den Wellen» på M/S Kronprins Harald, òg kjend som Kielferga. Her

Detektimen – en kriminalmusikal

av Mads Bones, Kyrre Havdal og Olve Løseth

etter ein idé av Øystein Røger

Regi: Mads Bones

Scenografi: Katja Ebbel

Kostymedesign: Christina Lovery

Lysdesign: Clement Irbil

Lyddesign: Morten Haug Serigstad

Koreografi: Martha Standal

Dramaturgi: Siri Løkholm Ramberg

Produsent: Anita Basmo Bjørnstad

Riksteatret i samarbeid med Nye Hjorten Teater og Nationaltheatret

Urpremiere 24. august 2023, Oslo / Nydalen

er det berre dei rike og/eller dei flotte som blir invitert. I førebuinga går derimot køyreplanen i stå når den musikalske stjerna Nora der Liebe (Silje Lundblad) faller død om. Mysteriet må løysast når det kjem fram at stjerna var forgifta!

På forhand veit eg at handlinga i Detektimen – en kriminalmusikal skjer på M/S Kronprins Harald på 80-talet, og scenograf Katja Ebbel skuffar ikkje i arbeidet med å få dette fram. Med lysekroner i taket, scenerommet ramma inn av glitterforheng og golvet med ulike platå får eg eit tydeleg bilete av eit showrom passande Kielferga (som på mange måtar aldri har forlate 80-talet). Det djupe, blå lyset styrkar inntrykket av å vere til havs.

Detektiven

Frå første stund legg kriminalmusikalen fram til å vere ein lett parodi på detektivarbeidet mange er kjende med gjennom blant anna Agatha Christie sine mange verker, med ekstra fokus på hennar karakter, Hercule Poirot, den belgiske detektiven med eit hovud for dei mest kompliserte krimgåter. Dette inntrykket får eg gjennom musikken (sjå vidare forklaring sidan) og detektiven ombord, Stephan Reckyll, ein pensjonert detektiv med ein tung tysk aksent spela av Øystein Røger. I den pensjonerte detektiven – som til informasjon har ein stor bart – får vi allereie her ei godt brukt trope i framsyninga, og det er så absolutt ikkje den siste i verket.

Motivet

Her har vi ein kriminalmusikal som verkeleg drar fram dei viktigaste elementa vi i Noreg har blitt så kjende med gjennom detektimen, med alt frå den pensjonerte detektiven til den eine mistenkte som skjønnar kven mordaren er, men blir drepen før dei får sagt det dei veit. Motiv blir diskutert, som sjalusi, kjærleik, ja, til og med valkamp. Desse kjem fram gjennom detektiven sitt kjæraste våpen: tilbakeblikk. Eg skal sjølvsagt ikkje avsløre kva for ein trope som visar til løysinga av krimgåta, så de får tru meg når eg skriv at det blir mykje humring i løpet av dei siste minuttane grunna det vi no kan kalle klisjéar i krimsjangeren.

Affæren

Øystein Røger. Foto: Erik Berg

Detektimen – en kriminalmusikal slår på stortromma når den set i gong med musikalske notar frå den filmatiserte versjonen av Agatha Christie sin Poirot. Eg tykkjer òg eg kjenn att nokre andre kjenningsmelodiar, potensielt notar frå Midsomer Murders – eller Mord og Mysterier som vi kjenner den på norsk. Musikken set tonen for det artige vi kan forvente av framsyninga. Instrumenta er i hovudsak fokusert på tangentar, rytme og bass. Med handlinga satt som eit musikalsk show på Kielferga er det eit ekstra fint val at musikken blir spela av karakterane i framsyninga. Dette skapar ein god flyt i overgang mellom song og replikk. I tillegg skapar det morosame sekvensar til dømes når pianisten Wolfgang (Kyrre Havdal) byrjar å klimpre på tangentane då han blir forhøyrt av Reckyll. Denne interaksjonen gir inntrykk av ei nervøs spasme og gjer musikken om til Wolfgang sitt kroppsspråk.

Løysinga

Humoren i musikalen er det viktigaste verktøyet i framsyninga og spelar veldig på nostalgien til publikummet. Den er lett og ledig, og plassert på riktige tidspunkt som gjer det enkle i humoren smartare og artigare enn den er når ein tenkjer over den. Dette er ein kunst i seg sjølv som produksjonen meistrar. Vi får til dømes ein kjapp kommentar frå Reckyll der han introduserer seg som politimeister Bastian, vi får ein forteljing frå pianisten Wolfgang om han og hans problematiske forhold til sin bror, Ludwig, og vi får sjå skipet sin maskot: eit fyrtårn.

Sjølv med den lettsindige tonen i musikalen er musikknummera fengande og velskrivne for atmosfæren. Dei har heller ikkje spart på krutet med tanke på koreografi – her får vi nokre artige og godt kjende musikalsteg av Martha Standal. Det er òg viktig å poengtere at skodespelarane har sterke songstemmer og det er ein fryd å lytte til dei. Dette er med på å påverke korleis framsyninga blir tolka. Grunna dei gode songprestasjonane, samt at den komiske timinga er velbalansert og nostalgisk gjer dette at framsyninga ikkje berre er ein parodi, men òg ei kjærleikserklæring til krimsjangeren.

Dommen

Ein ting eg ønskjer å gjere klart: Detektimen – en kriminalmusikal er ikkje skapt for å klø seg i hovudet over whodunit, men for å nyte alt ein elskar ved klassiske krimforteljingar. Som nemnd spelar musikalen veldig på nostalgi, og det blir på denne måten ei veldig trygg framsyning. Ein kan lure på kva den store tanken bak er, men at teater skal vere underhaldande er vanskeleg å kome seg unna. Vi vil ofte ha meir tyngde og drivkraft bak, men jammen er det godt å kunne lene seg tilbake og la nostalgien overta. Det betyr ikkje naudsynt at du må ha fulgt med på detektimen i alle år for å le med denne framsyninga. Det er nok av frekke vitsar, velforma musikalske innslag og absurde handlingar å kose seg med. Men, om du som meg har vakse opp med å samle kjernefamilien rundt TV-en for å sjå på detektimen, så er denne kriminalmusikalen noko du absolutt bør få med deg.

(Publisert 01.09.2023)

Powered by Labrador CMS