
Du all verda for ei scene
(Førde): «Translyria» er ein overveldande og underfull stad, der menn og kvinner er menneske.
Assosiasjonane går først til barnet i snopebutikken. Det aller beste skal i posen. Heile Shakespeare-katalogen finst i hyllene. Frode
Gjerløw har med friskt blikk sett saman kjende scener og berømte replikkar til ei ny forteljing, der han til liks med William Shakespeare ser ut til å ha vore mest interessert i mulegheitene som finst menneskesinnet. I utvalet har regissøren sett etter perspektiv på kjønnsidentitetar i dei klassiske skodespela. Stykket avgrensar seg likevel ikkje til å drøfte kategoriane «mann» og «kvinne», sjølv om dette ligg til grunn som kunstnarleg idè.
Vakkert og burleskt
To tvillingar vert fødde som jenter, men den eine er gut. Familien avviser Sebastian når han syner dei kven han er, og han reiser frå dei. Søstera Viola fylgjer etter han, og etter ein storm på havet blir ho skyld i land i Illyria. Her vert hertugen spelt av ei kvinne og dronninga vert spelt av ein mann. Julie er jente, det er kanskje Romeo også? Kvinnelege og mannlege kjønnsmarkørar er eksplisitte i dei vakre, leikne og dels burleske kostymane som pregar estetikken i framsyninga. Også kroppsspråk, gestikulering og mimikk er kjønns-spesifikt inntil til det komiske.
Narren opphevar dette skiljet. I Preben Lillebø Rongve si frydefulle tolking ser han ut til å vere råka av full forvirring, snart er han råtøff, snart er han både søt og feminin. Etter kvart er det som om spelet om kjønnsidentitetar vert ein del vilkåret for at ei viktigare historie kan forteljast. Storheita i Shakespeare sine tekstar gjer at framsyninga veks ut av tolkingsrammene og snakkar til publikum om våre mulegheiter som menneske til det gode og det vonde, om det korte livet vi får leve og den evige døden som ventar. Mot desse innsiktene finst ein bodskap om at «mann» og «kvinne» er ubrukelege storleikar å byggje ein identitet og eit tilvere utifrå.
Scenespråk
Ensemblet omfamnar prosjektet på heilhjarta vis, alle skodespelarane er overtydande i rolletolkingane sine og energiske i den fysisk krevjande koreografien. Likevel er det somme tider vanskeleg å fylgje handlinga og historia. To utfordringar verkar uheldig på kvarandre: Det eine er avstanden til det nynorske scenespråket og det andre er dei narrative brota denne kollasjen av scener nødvendigvis medfører. Eg oppfattar ikkje alle replikkane og det hender eg mistar tråden.
På ei anna side er det både fornyande og forfriskande å høyre Hoem sine vakre omsettingar bli farga av ein annan munnleg melodi, enn vår vestnorske. Dei mest kjende linjene er alt anna enn daude klisjèar i tolkingane på scena.
Overveldande
Translyria er ei overveldande og underfull oppleving. Lydbildet skaper ei kjensle av draum og tidløyse, det same gjer dei organiske installasjonane og det effektfulle spegelkabinettet som er sentralt i scenografien. Sogn og Fjordane teater har skapt ei sanseleg Shakespeare-tolking som på nye måtar løftar fram dei djupt felles-menneskelege innsiktene i dramatikken hans.