Selome Emnutu i «Vi er fem», regi: Ole Johan Skjelbred. Nationaltheatret, Torshov 2024. Foto: Erika Hebbert

Det raknar aldri fullstendig

«Vi er fem» på Nationaltheatret er engasjerande og humoristisk når det står noko på spel. Men altfor ofte dett eg av lasset i eit mylder av ustabile verkemiddel, grep og triks. Og som publikummarar er me aldri i risiko.

Publisert Sist oppdatert

Det er som vanleg varmt inne på Torshovteatret, perfekt for ein gjæreprosess som kan få ein deig, ein knete, ein leirklump til å ese ut. Eit stort grovt

vi er fem

Av Matias Faldbakken

Bearbeida av Ole Johan Skjelbred

Regissør og scenograf: Ole Johan Skjelbred

Scenografi og kostymedesign: Ane Ledang Aasheim

Lysdesignar: Mathias Lundgren

Lyddesignar: Bendik Toming

Maskør: Iselin Natalie Garcia Fredriksen

Dramaturg: Hege Randi Tørressen

Nationaltheatret, 17. februar 2024

teppe er drapert frå balkongen og ned på golvet og rammer inn scenerommet. I taket heng det ein sliten brun Ekornes-lenestol, i bakgrunnen står nokre ready-mades eller krimskrams – eit fotografi av ein mann med bar rumpe, nokre spel (ishockey der ein kan flytte på spelarane i baner), ein utstoppa vaskebjørn. Dei fire skodespelarane dukkar opp på rekke i kvar sin litt bøygde stilling. Ordet som opnar førestillinga er «Mamma?». Språket blir dregen ut og ord repetert, alt ein smule deformert. Dei to barna, spela av Selome Emnetu og Madalena Sousa Helly-Hansen, ynskjer seg eit sysken til, men for mor Siv, spela av Stine Fevik, kjem ikkje det på tale, magen heng enno «over bukselinningen som en leiv» etter sistemann. Ho meiner at om far Tormod, spela av Håkon Ramstad, òg ynskjer seg dette, kan han ver så god føde barnet sjølv – eit frampeik på det som er gjennomgangsmotivet i romanen og førestillinga: kva vil det seie å skape noko og kva skjer når me mister kontrollen over eigne kreasjonar? Når går stoltheit over i avsky? Eit kjæledyr kjem etter kvart på plass – elghunden Snusken – og då er dei fem.

Frå jord til luft

Madalena Sousa Helly-Hansen og Håkon Ramstad. Foto: Erika Hebbert

Dei fire er kledd i hillbilly-glitter-metal-punk kostymer (kostymedesign og scenografi Ane Ledang Aasheim) og eg tek stor glede i å oppdage detaljar og Metallica og Simpsons-logoar, cowboyboots og slarkne glitterbukser. Dei snakkar i kor, masar, i blant skapar det god komikk, i blant er det plagsamt, som om det fiskast etter latter frå fyrste stund. Eg ser klovneteknikkar, miming og fysisk teater og det er i eit interessant og overraskande grep å jobbe med luft når utgangspunktet er ein roman som er so taktil, handfast og, ja, ekkel. Men det sit ikkje heilt som det skal, når det knipsast og hamrast til lydeffektar er det ofte off. Slikt kan kome til å køyre seg inn etter nokre førestillingar, men grepet er sopass dominerande at det blir vanskeleg å sjå mellom fingrane på at det er upresist. Det hender likevel at dei imaginære omgivnadane fungerer veldig godt, som når Siv og Tormod i sitt skrantande ekteskap søv ståande i ei usynleg seng og han forsiktig tek ei hand bortpå skuldra til kona: «sover du, Siv?» og berre får eit obskønt snork til svar bak ei raudglødande sovemaske.

Snakketøyet er i orden

Ein dag forsvinn hunden Snusken sporlaust. Sorgen er stor og medan Siv gjer det ho kan for dei trøystesløyse ungane mellom eigne helseproblem som prolaps og søvnmangel, er Tormod stadig meir nede i verkstaden sin med eltemaskina og obskure jordblandingar. Snart får ungane lage hestar, hattar og flyndrer av leira, stemninga er på veg opp igjen. I romanane til Faldbakken finst det stor humor i det arkaiske språket, det har noko særleg avleggs over seg ved at ord som ofte høyrer til berre ein generasjon tilbake hentast fram att i eit rikt vokabular. Gensar er «jumper», tale er «snakketøy» og så bortetter. Skodespelar Fevik i rolla som Siv inkarnerer dette språket best, ho held oss fast når ho fortel førhistoria til Tormod, den gong dei møttest på ungdomsskulen var han ein «fremragande elev» men ramla nesten utpå då han kom i kontakt med Espen Heggelund, «en kvikk faen». Nettopp denne destruktive figuren dukkar oppatt som ein katalysator i forteljinga, i Emnetu sin skikkelse, med hockeysveis og bomberjakke med Opel-logo, og overkroppen pakka inn i plast som den skulle vore stoffet han representerer. Entreane er makelause, berre synd at akkurat den same entreen blir brukt for mange gonger – å tenne lighter og suge inn ein glødande luftsigarett til sonisk fylgje er storveges men mistar piffen etter tredje gong.

Utan risiko

Foto: Erika Hebbert

Alkohol og stoff forvandlar Tormod frå kjærleg familiefar til gal vitskapsmann og i rusens hete blir eit monster skapa: deigen eser ut og kan etter kvart lære seg ting, føyer seg inn i familien som ein blanding av kjæledyr, søsken og hushjelp, ein våt draum for moderne foreldre i tidsklemma. Men då sonen Alf legg kneten oppå ruteren for ei natt, tek den til seg sjølve internettet og alt tek til å rakne fullstendig. Den før seg på kreatin, og snart forsvinn både håret til Siv, klovar og negler og rykta byrjar å gå på bygda. «Nå må vi ta tak i dette,» seier ein stadig meir fortvila og hjelpelaus Tormod, no kledd i ein glinsande svart kjole med skulderputer og rakna bakside, som ein pasient på rømmen. Familieidyllen kollapsar, kaoset eskalerer og ein augneblink trur eg faktisk at nokon i publikum skal bli nøydt til å ofre nokre hårstrå i innsamlingsaksjonen for å kunne sette ut skåler med hår i og lokke knulten – det blir eit antiklimaks då eg innser at me ikkje er i fare. Det hadde vel ikkje skada å samla inn eit hårstrå eller to for kvar førestilling?

Forfattarskapet til Faldbakken har nådd eit breiare publikum etter dei siste braksuksessane The Hills, Vi er fem og Stakkar, enn dei tidlegare kultromanane Macht und Rebel og Skandinavisk Misantropi (under pseudonym Abo Rasul). Med sitt kontroversielle og tabuoverskridande innhald sto det nok meir på spel å dramatisere desse (Macht und Rebel vart til dømes dramatisert i Tyskland, på Münchner Kammerspiele og Volksbühne si biscene Prater i Berlin i 2006 og 2007, les melding i Norsk Shakespearetidsskrift Nr. 2-3 2007 her). Vi er fem blir kanskje tam til samanlikning, men nokre av dei groteske motiva er der framleis, berre i ein annan og kanskje enno meir effektiv innpakking. Førestillinga på Nationaltheatret er likevel prega av å vere tam og risikofri i omgang med tabuoverskridande tematikkar. Urscenene for romanen er mange: Adam og Eva, Frankenstein, Space Odyssey, Prometheus og Golem for å nemne nokon, der kreasjonane vender seg i mot skaparen. Når ein skapar noko, det vere seg eit menneske, eit kunstverk, ein robot eller eit vesen ut av leirdeig, er kontrollbehovet til stades allereie frå idéstadiet. For dette er òg ein historie om ein familie og den sine mørke sider, eller gørra og den seige massen som bitt medlemmane saman i all sin destruktivitet. Det blir hinta til eit slikt mørke i avslutninga, til Aqueda, forteljinga frå Det gamle testamentet der Abraham i siste liten blir stoppa frå å ofre sin son på Moria-fjellet.

Det mest engasjerande og relaterbare er å vere vitne til rollefigurane sin iherdige innsats i å halde saman og å hindre fullstendig kollaps. Men altfor ofte dett eg av lasset i mylderet av ustabile verkemiddel, grep og triks som kjem og går utan å få riktig fotfeste.

(Publisert 19.02.2024)

Powered by Labrador CMS