Lost in the Horizon av og med Samovarteatret, Kirkenes 2023. Foto: Sergej Zhigaltsov

Demokrati og samfunn - Heddadagene 2023

Eit år med krig, valdelege demonstrasjonar og sosial urett ligg som fokus i fleire av årets framsyningar under Heddadagene.

Publisert Sist oppdatert

I løpet av dei siste ti dagane har Heddadagane vist fram scenekunst frå heile Noreg. Med tanke på både mengda av framsyningar og dei ulike teatera

heddadagane

Heddadagene, 9.-18. juni 2023

Lost in the Horizon

av Samovarteatret

Regi: Bente S. Andersen

Vega Scene, 9. juni kl. 19:00

ele Luvlede – Stemmer fra Øst

av Camilla Drege Arntsen, Ekaterina Bespalova, Ole-Henrik Lifjell

Åarjelhsaemien Teatere

Det Norske Teatret, Scene 3, 11. juni kl. 16:30

Systemfeil

av Jo Strømgren

Produsert av Teater Manu og Jo Strømgren kompani

Teater Manu, 11. juni kl. 19:00

Shadows of the Light

av Mahsa Mousavian

Nordic Black Theatre

Caféteatret, 12. juni kl. 20:00

Utvik Senior

av Nina Wester og Rimfrost Produksjoner

Nordland Teater

Vega Scene, 13. juni kl. 19:00

IDIOT

av Nina Wester

Turnéteatret i Trøndelag

Det Norske Teatret, scene 2, 15. juni kl. 17:00

Bin Laden: the One Man Show

av Tyrrell Jones og Sam Redway

Haugesund Teater

Det Norske Teatret, Scene 3, 17. juni kl. 13:00

dei kjem frå, er det forventa at desse framsyningane varierer i scenekunstuttrykk. Det har vore innslag av alt frå kontemporær dans til klassiske teaterstykke.

Men i året som har gått tykkjer eg det er tydeleg at scenekunsten tar for seg eit par sentrale tema. Det eg beit meg merke i gjennom framsyningane eg har sett er fokuset på demokrati og samfunn. Vi legg bak oss eit kulturår påverka av krig i Europa, dødsstraff og tortur av demonstrantar i Iran, og menneske som av ulike grunnar fell igjennom systemet og ikkje blir ivaretatt.

Hierarkiet

Den fyrste framsyninga eg såg var Samovarteatret sin produksjon Lost in the Horizon. Samovarteatret ligg i Kirkenes, rett i nærleiken av den russiske grensa. Produksjonen har blitt omarbeidd sidan den stod klar rett før koronapandemien tok til, og igjen når Russland gjekk til krig mot Ukraina, då den var eit samarbeid mellom Russland, Finland og Noreg. Denne visinga er den fyrste som gjer meg merksam på eit demokratisk samfunn, og er grunnen til at eg legg vekt på demokrati som eit gjennomgåande tema gjennom Heddadagane. Framsyninga fokuserer handlinga på hierarki gjennom scenar med feststemning som blir avbrotne av monologar om urett og mangel på likestilling i samfunn.

Med bakgrunnen for omarbeiding av produksjonen er det ikkje overraskande at temaet omhandlar styresmakter. Sjølv om eg tykkjer framsyninga hadde hatt godt av å vere endå meir ubehageleg og trykke urettferd tydelegare over hovudet til oss i publikum, gjer denne visinga oss merksam på hierarki. Gjennom subtil, men godt gjennomført koreografi i nokre av festscenane, ser vi godt kva det vil seie å vere på toppen og botnen av pyramiden. Her blei det viktig for meg å sjå på dette gjennom det norske hierarkiet, for sjølv om denne framsyninga godt mogleg var mynta på land styrt av diktatur, tok eg produksjonen som eit varsel om at vi ikkje må oversjå feila i vårt eige demokratiske hierarki.

Dyr og natur

Barneframsyninga Gïele Luvlede – Stemmer fra Øst er flott og interaktiv, og det einaste den mangla då eg såg den var målgruppa, nemleg born. Dette er utruleg synd, for her er det så mykje kjekt som skjer på scena som born får sjansen til å vere med på, blant anna å imitere dyr. Heldigvis var det modige, vaksne sjeler i publikum som tok tak i denne sjansen og gav seg med på scena.

Sjølve framsyninga har eit forløp som følger scenekunstnar Camilla Therese Karlsen frå morgon til kveld. Gjennom ein skjerm på scena dukkar det opp ulike teikningar av dyr, og Karlsen endrar sin oppførsel og rørsle til å imitere dyret på skjermen. Musikken endrar seg òg i møte med dei forskjellege dyra. Ein herleg framsyning som både store og små kan få glede av!

Digital kulde

I den digitale verda vi lev i kan det fort oppstå komplikasjonar. Dette viser framsyninga Systemfeil av Jo Strømgren godt fram. I ein ikkje så fjern framtid, i det som kan bli kalla eit smarthus, har ei kvinne (Ipek D. Mehlum) invitert ein mann (Ronny Patrick Jacobsen) på eit fyrste stemnemøte. Denne framsyninga er lett og ledig, og set komplikasjonar på spissen. Men fokuset er òg på den digitale verda og korleis ein skal rette seg etter den for å få mest mogleg sjåarar.

Alt ved denne verda blir framstilt som falsk, frå falske plantar til sjåarar som ikkje eksisterer. Publikum blir vist til som eit «ekte» publikum for stemnemøtet, noko som gjer at Jacobsen sin karakter kjenner på eit ubehag når han ser oss sitje i salen. Men dette blir seinare avkrefta då den kunstlege intelligensen i huset forklarer at vi i publikum berre er plast. Framsyninga legg fram ønskje om å bli høyrt og sett i ei verd der ein opplev at det berre kan oppnåast ved å handle skandaløst. Men underliggande er eit ønskje om å kjenne på noko ekte.

Trugande skuggar

Shadows of the Light drar oss lenger inn i tematikken rundt demokrati. Med ei handling fokusert på demonstrasjonane i Iran som blei utløyst av drapet på ei 22 år gamal jente får vi vere augnevitne til ein estetisk flott framsyning med fokus på rørsle og musikk. Scena er dekken av ein projektorduk. Gjennom heile forlaupet ser vi ein silhuett av ei kvinne danse. Lyset kastar ein miks av skuggar på lerretet, nokre gongar med fleire fargar. Dramatiske effektar blir til nydelege scenebilete i samspel med musikk som endrar seg i augneblinken. Det går frå raudt og vondt, til ein fredeleg sekvens der alt som står i fokus er at dansaren børstar håret sitt, heilt til det blir klipt vekk av animerte krabber. Dette er ein kort framsyning som viser vakre og tunge bilete på korleis det kan vere å vere kvinne i Iran i dag.

Shadows of Light, Nordic Black Theatre

Årets Hedda 2022

Vinnaren av Årets Hedda 2022 returnerte til Heddadagane, og det er eg takksam for. Eg fekk ikkje sett Utvik Senior i fjor. Med handling rundt forliset av fiskebåten Utvik Senior vest for Senja blir eg betre informert om ei hending som ikkje burde vore så motarbeida av forsvaret og politiet. Igjen har vi eit stykke som vektlegg at demokratiet er sårbart og noko vi aldri må ta for gitt.

Utvik Senior poengterer at demokratiet vårt i Noreg er ikkje vassfast. Vi har det godt, men denne retten er noko vi må kjempe for. For miljøet på Senja og familiane til dei som forsvann har denne kampen vore spesielt hard. Å måtte kjempe for at politi ikkje skal ta partiske val på bakgrunn av å dekke over feil dei kan ha gjort høyrer ikkje heime i vårt demokrati.

Falle gjennom sprekkane

Nina Wester kjem sterkt tilbake etter fjorårets «Årets Hedda». IDIOT viser fram den dårlege behandlinga av menneske med funksjonsvariasjonar som Noreg på 50-talet ikkje evna å ta vare på som medmenneske og likestilte. Men det Wester viser så vakkert her er ein familie i vår tid som òg opplev at Noreg ikkje tar vare på blant anna retten til ei god utdanning til born med funksjonsvariasjonar på måten dei bør. Elevar fell framleis under radaren og blir ikkje ivaretatt av samfunnet. Dette er ikkje berre eit historisk problem, dette er eit notidsproblem.

Idiot, Turnéteatret I Trøndelag

IDIOT set fingeren på problema som vi framleis har i samfunnet. Stykket handlar ikkje berre om korleis menneske blei behandla på 1950-talet, men om at vi ikkje har jobba hardt nok for å forstå og tilrettelegge samfunnet for alle som eksisterer i det. Noreg er eit demokrati, og då skulle det berre mangle at alle skal få lov til å føle at deira meining er viktig.

Demokrati i uvisse?

Så rundar vi det heile av med ei framsyning som målar eit bilete på kven Osama Bin Laden var i Midtausten. I Bin Laden: the One Man Show får vi informasjon om ein mann – ein krigar – som kjemper i fleire tiår mot stormakter som Sovjet og, etterkvart, USA. Framsyninga tar oss med på reisa av Bin Laden sitt liv og viser oss personen bak symbolet på rein vondskap som Vesten skapte han til å bli.

Thomas Bye i The Bin Laden One Man Show, Haugesund Teater

Framsyninga oppfordrar til å sjå hendingane frå slutten av 70-talet fram til 2001 frå eit annleis perspektiv. Dette tydar ikkje at framsyninga framstiller Bin Laden som ein tilgiveleg person. Men, som Thomas Bye spør publikum: ville du blitt med i ei motstandsrørsle om landet ditt blei invadert av eit anna? I dag er dette eit relevant spørsmål med tanke på krigen på vårt eige kontinent. Vi får eit tydeleg bilete på korleis det var å leve i ein del av verda som måtte lide under sovjetisk invasjon. Kvinner og born blei fengsla, torturert og valdtekne. Uskuldige menneskeliv gjekk tapt over ti år. Dette er forteljinga om menneske og samfunn vi ikkje får nok informasjon om, og korleis kan vi forme reflekterte meiningar når vi berre har høyrt halve historia?

I samtale med Tyrrell Jones og Thomas Bye i etterkant av stykket fortel Jones om kvar ønskje om å representere denne personen kom frå. Her refererer Jones til medskapar Sam Redway, og korleis nyhende om Osama Bin Laden sitt dødsfall hadde fått dei til å undre på om representasjonen av terroristen stemte. Jones spør: «What if we could give an audience a moment of empathy for Osama Bin Laden? What kind of conversation might we have about international politics, about narrative, about perspective?” Eg meiner at denne framsyninga lukkast i å skape eit annleis perspektiv og oppfordrar til å ha samtalar om dei narrativa som blir representert i det vestlege samfunnet.

Heddadagane oppsummert

Eg skal ikkje påstå at Gïele Luvlede – Stemmer fra Øst hadde ein baktanke om demokrati som noko born skulle lære i laupet av framsyninga, men det tenkjer eg at den heller ikkje treng. Ikkje var det ei trong for born heller, som Karlsen sa: «store rein kan også være med.» Men det er eit viktig poeng at fem av dei andre framsyningane eg såg har eit såpass påfallande fokus på demokrati og samfunn. Til og med Systemfeil har eit fokus på eit framtidig samfunn som ikkje fungerer optimalt, der ønskje er å føle at noko er ekte og ærleg.

Eg vil spesielt dra fram Lost in the Horizon, Utvik Senior, IDIOT, Shadows of the Light og Bin Laden: the One Man show her. Sjølv om desse fire framsyningane har ulike bodskapar, fokuserer dei alle saman så tydeleg på det mange ikkje ser. Men berre fordi vi ikkje ser det, betyr det ikkje at vi har rett til å ignorere det.

Desse framsyningane eg har lagt fram kjem i all hovudsak frå teater utafor Oslo, med unntak av Systemfeil og Shadows of the Light. Det er ikkje slik at alt som har vore vist under Heddadagane fell under ein tanke om det politiske samfunnet. Det er derimot interessant at dei vitjande produksjonane har blitt nettopp desse framsyningane med tanke på dagens samfunn.

Se også anmeldelser av forestillinger som ble vist på festivalen her på nettstedet. Red. anm.

(Publisert 18.06.2023)

Powered by Labrador CMS