
(Alt)omfattande mørke
I «Mørke 1-4» er fleire eksperimentelle og smale uttrykk i sving samstundes, både samtidsdans, poesi og samtidsmusikk. Det synest å vere eit poeng for koreograf Janne-Camilla Lyster å gjere dansen tilgjengeleg for publikum – i så måte blir kanskje denne framsyninga i overkant kompleks.
Dei fleste utøvarane er allereie ute på scenegolvet medan publikum finn sine tilnærma like (koronarestriksjons-)spreidde
tribuneseter på hovudscena på Dansens Hus. Musikarane Ellen Ugelvik, Tanja Orning og Per Zanussi Byrjinga og dansarane Louis Schou-Hansen, Cecilie Lindeman Steen, Ingrid Haakstad og Terje Tjøme Mossige er alle kledd i mørkt marineblått. Scenen er bygd opp slik ein potensielt kan tenke seg natta sin (ikkje-)form: Hulter til bulter er dansarar og musikarar, instrument, partiturstativ og nokre få andre sceneobjekt spreidde rundt i rommet og rører seg om kvarandre, oftast på sin eigen veg. Byrjinga er markert ved at ein av dansarane liksom skrur ned lyset eit hakk via ein lysbrytar på veggen synkront med ein lyd frå musikarane. Musikarane spelar på eit ope flygel med alternative objekt (eg ser ikkje kva det er frå avstand), cello og bass.
Black box med gatelysinnslepp
Bortsett frå nokre lysblå klistremerker som markerer strekar, buer og stipla linjer rundt om på golvet er scena ellers strippa for scenografiske element. Det viktigaste scenografiske grepet er at dei svære fabrikkvindauga i bygget ikkje er dekka til. Vindauga både speglar rommet og viser oss glimt utanfrå og frå restauranten over gata. Eit joggande par rett utanfor er eit absurd element, ein nyfiken mann kikkar inn på framsyninga gjennom vindauget. Om ein ser til venstre: Glimt frå Dansens Hus’ bar og vidare ut neste vindauge over på andre sida av Akerselva. Når lyset vert slokt og framsyninga er slutt lyser det frå gatelyset og inn i den vanlegvis bekmørke svarte boksen.
Stort tema
Mørke 1-4 føyer seg inn i rekka av nokre av Lysters framsyningar med titlar som viser til store, klassiske tema i kunsten gjennom tidene, kor desse andre er kalla Beauty 1-4 og Love 1-4. Framsyninga startar idet skumringstimen nettopp er forbi og me trer inn i nattemørkret. Mørkret har uendeleg med konnotasjonar, det er kanskje sjølve definisjonen på uendelegheit der det også representerer både intet og verdsrommet. Estetisk er me gjennom framsyninga vitne til lyder og rørsler som flyttar seg tidvis ut i eit kaotisk uttrykk, tidvis absurd eller undrande og prøvande, og eg tenker stadig på natta og draumen sitt landskap som referanse.
Partitur og prosess
Siste del av tittelen, «1-4», viser til fire poetiske partitur utøvarane tek utgangspunkt i. Bruken av partitur som metode og konsept er gjennomgåande for Lyster, som også er poet og forfattar. Ho skriv poesi som særleg er tenkt å dansast, sjølv om dikta også kan stå aleine. Slik også dansen skal kunne stå aleine utan at me må vite kva slags ord, narrativ, konsept eller bileter dansen eventuelt er motivert av. Mørke 1-4 baserar seg altså på fire poetiske partitur som har titlane «Jordmørke», «Skyer», «Figurer» og «Silkemølle». Det sistnevnte er eit svart/kvitt-bilete av ein silkefabrikk, dei andre har lyrisk form.
Partitura er diskré presentert for publikum i eit monter i foajeen i Dansens hus, saman med ein presentasjon av andre spor frå prosessen: Eit sitat frå Susan Sontags kjente essay «Against Interpretation» (1964) og eit anna av Madame Nielsen, eit bilete frå prøvar i mørkret og ein illustrasjon som kanskje har vore inspirasjon til det sceniske oppsettet. Det er lite føringar om kor vidt ein burde lese partitura før eller etter framsyning, eller i det heile teke.
Overgangane mellom dei fire delane i framsyninga er meir eller mindre markerte, så eg klarar ikkje nødvendigvis skilje dei frå kvarandre. Men eg merker at eg tidvis blir sitjande og forsøke å følge med på når dette skjer. Gjennomgåande i framsyninga vekslast det på kva eller kven som initierer dei ulike lydane og rørslene: I eitt parti følger dansarane først og fremst kvarandre sine signal og i eit anna vert musikken fulgt. I enno eit anna parti les dansarane av kvar sitt partitur på eit notestativ i rommet for deretter å «danse det», før dei repeterer metoden om att.
Det mest poetiske
Den vakraste augneblinken byrjar med at dei fire dansarane og ein av musikarane samlast tett rundt flygelet. Ingenting er synkront i denne framsyninga men her oppstår ei anna form for eining. Ein streng blir drege ut frå det indre av flygelet, og sekvensen endar med at to og to dansarar stryk denne mellom seg via instrumentet, og speler slik på det. Her møtast dans og musikk: Dei dansar to og to for å spele på instrumentet og spelinga definerer dei store rørslene. Klaveret lyder som eit stort og ustemt strykeinstrument, ein lyd av nattleg dimensjon og som høyrer til mørkrets repertoar.
Fri og komplisert koreografering
I arva etter John Cage og miljøet av både musikarar, dansarar og andre kunstnarar han var med på å influere, kan framsyninga beskrivast som eit tid-rom for ikkje-harmoniske lyder og rørsler. Her er det tydeleg eit ikkje-hierarki mellom utøvarane og hendingane på scena her og no, men også når det gjeld forholdet mellom sjangrane musikk, dans og det poetiske partituret. Alle er autonome og kunne stå aleine, ikkje vere der i form av støtte for den andre. Dette kjem til dømes fram gjennom eksperimenteringa med kva som initierer kva. Så når dansarane faktisk dansar tilmusikken, eller lyden, er dette eit tydeleg koreografisk grep. Her reagerer kvar dansar impulsivt til ulike lyder frå musikarane som sit vendt mot dansarane. Dette er eitt eksempel på fleire måtar framsyninga leikar med variantar av kven følger kven følger kva. Ein annan si rørsle, sitt signal, partituret inkarnert, i fri tolkning, i stram tolkning, eller frå ei her og no-lesing. Og så bortover. Når eg veit det fins partitur bak og det samstundes blir eksperimentert med kva som initierer ei rørsle, ein lyd, gjer det at eg heile tida vender tilbake til å sjå etter strukturar og mønster i rommet: Kven triggar kva no?
Eg forstår det slik at musikarane har teke i bruk partitura på linje med dansarane, men eg forstår det også slik at den koreografiske poesien Lyster til vanleg lagar er spesifikt tiltenkt dans. Det her er eit eksempel på kva som for meg resulterer i ei litt kaotisk oppleving – det fins både spesifikke rammer og samstundes er rammene frie til å tolkast fritt. I framsyninga har koreografen vore meir aktivt involvert i prosessen enn til dømes i stykka som var resultat av Lysters doktorgradsprosjekt, kor dansarar tolka heilt fritt sine koreografiske partitur. Ho knyt det uansett saman til eit litt mindre disharmonisk heile enn den mest hardcore cageaner kanskje ville føretrekt – noko som kler denne framsyninga kor det skjer ganske mykje.
Teori versus praksis
Mørkret som konsept er både velbrukt og rikt. I Lysters framsyning speglar mørkret og koreografien kvarandre i dei både samlande og fragmentariske karaktertrekka. Mørke 1-4 er ei poetisk og vakker framstilling av mørkrets kvalitetar, frå det massive kvilande, til konturar på grensa mellom lys og mørke, til det angstfulle og til draumelandskapet. Å sjå Mørke 1-4 er å oppleve ein del av eit utvilsamt interessant og stort prosjekt om partituret som metode. Men framsyninga trekk meg aldri heilt inn, fordi eg stadig vekk byrjar å rasjonalisere over kva som skjer. Opplevinga av den umiddelbare og kroppslege kvaliteten i dansen hamnar slik litt i bakgrunnen i ei framsyning som verkar å ville det motsette. (Publisert 20.10.2020)