5 dagar med digital dans - Eit forsøk på orientering i dei digitale romma

Ein workshop, ein dansefilm, eit stykkje dansehistorie frå arkivet, ein festival og stoveballett skal opplevast i løpet av fem dagar. Digitale rom skal besøkast og innhaldet skal reflekterast over frå fleire ståstadar. 5 dagar med digital dans er eit forsøk på å gjere seg kjend med dei midlertidige løysingane for scenekunsten og spørje seg om dei blir ein del av framtida.

Publisert Sist oppdatert

På kort tid har mange aktørar også innan dansekunsten komen på bana med digitale tilbod, framføre alt med strømming: Göteborgoperan har lansert sin «HemmaOperan» (https://sv.opera.se/hemmaoperan/), Berliner Festspiele syner tre filmar med arbeida til Anne Teresa de Keersmaeker (https://www.berlinerfestspiele.de/de/berliner-festspiele/programm/on-demand/rosas-filme.html) og samtidsdanskompani som til dømes cie. Toula Limnaios (https://toula.de/online-programm/)og zero visibility corp. (https://www.facebook.com/zerovisibilitycorp/) strømmer førestillingar frå sine arkiv. Her i Norsk Shakespearetidsskrift har ein tidlegare omtalt utviklinga av den digitale scena, der Therese Bjørneboe i dialog med mellom anna regissør Tore Vagn Lid drøfter strømming som visningsformat og faren for at dei blir passive formidlingsformar (sjå Digitale scener – kommet for å bli. Publisert 29.03.2020). Ein veit ikkje kor lenge denne pandemi-tida vil vare. I The Atlantic-artikkelen How the Pandemic will end (https://www.theatlantic.com/health/archive/2020/03/how-will-coronavirus-end/608719/) skisserar journalist Ed Yong tre ulike scenario for korleis pandemien vil utarta seg dei neste to åra – og skriv mellom anna at Covid-19 potensielt kan bli ein langvarig affære då viruset kan blusse opp att og det må gjennomførast periodar med sosial distanse og stengingar på ny. Er det ikkje derfor uhyre viktig at scenekunsten allereie i denne runden etablerer plattformar som kan legge til rette for djupare opplevingar for både utøvarar og publikum?

Måndag 30. 03.Choreographic poetry – workshop med Cecilie Lindeman Steen om å tolke Janne-Camilla Lysters partitur. Del I

På den nest siste dagen i mars bestemmer vêrgudane seg for at det er på tide å la årets fyste snø dale ned over Berlin, ein av fleire ting som står på hovudet om dagen. Eg held meg inne og skal vere med på workshop frå Oslo arrangert av Brakkesnakk (https://www.facebook.com/Brakkesnakk-110155040616513/), ein digital plattform for dans, koreografi og tenking i ei tid prega av sosial isolasjon, initiert av Inés Belli og Louis Schou-Hansen. Workshopen, som er fordelt over to dagar, skal gå føre seg via Zoom, eit av dei største og mest etablerte verktøya for videokonferansar og nettmøter. På grunn av eigen teknisk inkompetanse kjem eg 6 minuttar for seint – i det digitale rommet ventar ein ikkje på forseintkommarar, men ein stengjer heller ikkje døra og eg kan snika meg umerka inn, der dansekunstnar Cecilie Lindeman Steen, som har jobba med Janne-Camilla Lyster over fleire produksjonar, er i gang med ei historisk innføring i danse-partituret: Ho er mellom anna innom det første dansepartituret frå barokk tid, andre skrivne former for dans som til dømes «laban notation» og scores til eksperimentelle komponistar som John Cage, David Tudor og Morton Feldman. Førstehandserfaringar og moglege arbeidsmetodar for å tolke Janne-Camilla Lyster sin koreografiske poesi fylgjer, med konkrete eksempel som bærebjelke heile vegen i gjennom. Ein kan til dømes gå systematisk til verks med noko som kallast «akkumulativ respons» ein metode i sju trinn som går ut på å dele inn og nummerere teksten i seksjonar, eller ta ein meir eksperimentell utforsking ved eit «sømnarbeid», der ein vaknar gjer ein interpretasjon midt på natta. Partitur frå tidlegare produksjonar, (som ein for anledninga kan finne som PDF via google docs https://drive.google.com/open?id=1R_6t6yO0h9zVIy3iKefgTF4F5r3v9jEl) står deltakaren fritt til å nytte etter samtalen for å teste metodar for tolking i eigen heim. På eit tidspunkt syner Cecilie Lindeman Steen partitura i fysisk form i webkameraet, og det kjem fram at partituret som heiter Transparens faktisk er trykka på eit transparent papir, medan eit anna som heiter Ett hundre feiltrinn er trykka på eit smalare ark enn eit standard A4-format. Det understreker at skapinga av partitura ikkje er av tilfeldig karakter, men eit detaljorientert arbeid der alt frå ordval, oppsett, papirkvalitet og format er nøye komponert. Men det har òg mykje å seie for ein tolking og eg kjenner sterkt at eg har lyst til å ha papiret framføre meg, sjå og kjenne på det.

Prøvinga i stova gir verkeleg drivstoff til ein underernært dansehjerne: Oppfinnsame bileter og assosiasjonar får fritt utløp i ein dans som er overraskande presis og konsis. Partituret avgrensar og opnar opp akkurat so mykje at ein som dansar kan bevege seg på ein uventa måte med – som Cecilie Lindeman Steen sa det – «ein ryggrad ny fantasi». Til tross for at eg ikkje får jobba so lenge som eg kanskje skulle ynskje (ettersom eg blir avbroten av huslege plikter og distraksjonar) og at eg har litt for liten plass til å utforske romlege kvalitetar, er det eit verdifullt stykkje tid som setter i gang ein god del aktivitet i kropp og tanke. Manøvreringa gjennom møblane tilfører faktisk noko og dansen blir kanskje meir «slangete» og risikabel enn den ville ha vorte i eit opent dansestudio. Ein ting som òg blir tydeleg er den temporale kvaliteten ved dette arbeidet. Ved å oppsøkje den beinveges responsen til teksten vil det over tid oppstå gjentakingar som akkumulerast og til slutt manifesterast til å bli ein del av verket. Det er eit arbeid som er tidkrevjande og i so måte u-digitalt i positiv forstand, nemlig at det er verdiskapande på eit djupt menneskeleg plan.

Tysdag 31.03.Choreographic poetry workshop del II / Clowns av Hofesch Schechter på cinedans.nl

I del II av workshopen med Cecilie Lindeman Steen skal deltakarane sjølv dele erfaringar dei gjorde seg ved tolking av partituret i eit diskusjonsrom. Oppmøtet er til samanlikning frå i går heller beskjedent, noko som kanskje heng saman med at ein i dag skal bruke webkamera og dermed vere synleg og høyrast for resten av gruppa og det blir nok ein liten kneik for mange å komme over i desse dagar. Men den vetle gruppa gir ein fin mogligheit til å gå djupare inn og dele personlege erfaringar. Me snakkar til dømes konkret om skilnaden på å «sette» materialet (bestemme kvar rørsle) mot å jobbe meir praksisbasert. Me går òg djupare inn på romleg komposisjon i relasjon til korleis teksten ser ut og snakkar om korleis arbeidet kan utvikle seg på lang sikt og når ein er i sluttfasen.

Workshopen Choreographic poetry og Brakkesnakk stikk seg ut i mengda av digitale tilbod og er eit godt døme på det som vart nemnt i innleiinga av denne teksten, nemleg at scenekunsten må legge til rette for djupare opplevingar for publikum og utøvarar. Sjølv om det er ein plattform som fyst og fremst rettar seg mot utøvarar, skapar den eit rom, om enn eit digitalt, der individuelle tankar og refleksjonar rundt ein kunstnarleg aktivitet kan kome opp i dagen og få respons frå andre menneske. Det er ein veldig god start og syner at dei digitale verktøya kan ta oss eit godt stykkje på veg og til ein viss grad mogleggjere dei djupe opplevingane. Men eit viktig aspekt er at dette ikkje aleine er ein digital oppleving. Den overlappast med det u-digitale. Det trur eg er ein stor styrke, også når ein ser på mogligheitene for ulike formidlingsformar retta mot publikum.

Clowns

Det er ikkje dermed sagt at «passive visningsformat» som strømming av forestillingar er heilt forkastelege. Det er eit privilegium å kunne dykke ned i ulike stilartar i både nye og historiske verk på tvers av geografisk spreiing – men då alltid med ein bevisstheit om at det ikkje bør vere den einaste måten å oppleve kunsten på. Dansefilmfestivalen Cinedans skulle gått av stabelen 25.-30. mars i år, og som alternativ til den fysiske festivalen var filmane på programmet tilgjengelege på nettsida deira i ei veke (http://cinedans.nl/). Ein av dei var Hofesh Schechters Clowns, ein filmversjon av det sceniske verket med same namn laga for Nederlands Dans Theater i 2016. Det er ikkje uvanleg for den israelske koreografen Schechter å ha mange hattar i same prosjekt og denne gongen var ikkje eit unntak: han står for regi, koreografi og komposisjon av musikken, eit rytmisk lydspor som speglar hans musikalske bakgrunn i perkusjon. Filmen Clowns er filma på Rivoli Ballroom i London og er dansa av dansarane frå hans eige London-baserte kompani. Det er ein kraftig, eksplosiv og rytmisk utføring av ein koreografi der mord og attrå rår i ein makaber 1700-talls-estetikk. Dei 10 utøvarane dreper og blir drepne opptil fleire gonger i løpet av den 30 minuttar lange filmen, med imaginære mordvåpen som pistolar, sverd, piler, gevær og knivar. Det tikkande voldsmaskineriet som er driven framover av rytmen i musikken kan minne om populære tv-seriar som Westworld, der livaktige robotar i ein fornøyelsespark blir repetitivt drepne på dei mest spektakulære måtar. Det er tydeleg at filmen, som er eit verk på oppdrag frå BBC er laga for eit breitt publikum. Den er fengande, virtuos og gir til tider hakeslepp. Kameraarbeidet ved Sebastian Cort er spesielt godt og det er mellom anna brukt steadycam som manøvrerer seg elegant gjennom den komplekse dansen og slik fangar opp nærbileter av enkeltindivida i gruppa. Eg undrar meg likevel når det midt i filmen oppstår ei scene der heile ensemblet dansar ballett. Er det for å minne oss på at det faktisk er dans me sit og ser på? For å vere komisk? Det blir værande uklart, men ein ting er i alle fall sikkert: Med sine referansar til filmhistorias årelange perfeksjon av menneskeleg brutalitet er samansmeltinga mellom dans og film som medium komplett.

Onsdag 01.04. Palermo Palermo frå 1989 av Pina Bausch på pinabausch.org

Ein nyleg restaurert versjon av arkivopptaket av det historiske verket Palermo Palermo er tilgjengeleg på Pina Bausch Foundation sine nettsider (http://www.pinabausch.org/en/home). Restaureringa er eit prosjekt som var i gang før koronakrisa inntraff, men filmen får kanskje meir sjåarar no enn den ville hatt elles, då Tanztheater Wuppertal Pina Bausch sin turne med denne førestillinga i vår blei avlyst.

Palermo Palermo vart skapa etter eit lengre opphald med kompaniet i hovudstaden Palermo i Sicilia, i koproduksjon med Teatro Biondo og Andreas Neumann International. Eg brukar ein ettermiddag med fleire pausar for å sjå igjennom det nesten to og ein halv time lange opptaket, som til tross for at filmen nyleg er restaurert må sjåast i lys av dei teknologiske forholda frå denne tida og med ein dose sjølvdisiplin. Til gjengjeld er den ein verdifull arkivskatt frå dansehistoria som det (for ein som høyrer til ein generasjon som ikkje eingong var fødd på denne tida) gir stor gevinst å oppleve.

Palermo Palermo. Screenshot

Det er desember 1989. Ein massiv mur av betong kollapsar på scena. Like etter ein audmjukande seanse som ender i at dansar Julie Shanahan blir kasta tomatar på av to mannlige meddansarar, styrtar dei 1940-tallskledde dansarane ut på scena og alt ligg til rette for eit meir enn to timars kaos som balanserar mellom det leikne, det erotiske og det groteske. I Pina Bausch sitt danseteater er det gjennomgåande kvinna som står i fokus. I Palermo Palermo vaklar dei rundt på høghæla sko i florlette kjolar, dei klatrar opp langs veggar, og virvlar seg inn i dei mannlige dansarane sitt mekaniske samlebands-løftesystem. Likevel har kvar og ein av kvinnene ein indre rebell som med jamne mellomrom tek styringa og det er skuggesida av mennesket, ikkje berre mannen, som kjem fram i ein førestilling med mykje humor, spetakkel og kroppslege påfunn. Heile førestillinga er bygd opp episodevis med solohistoriar utan eit klart narrativ: Ikonisk Pina Bausch-koreografi der hender, gestar og detaljar inngår i ein svindel der dei utgjer seg for å vere tilfeldige når dei i røynda er langt derifrå, blir jamleg avløyst av teatralske element med absurde oppgåver som til dømes å gripe ei seilande fjør med eit sett spisepinnar, eller koste opp støv med sitt eiget hår. Dei vakraste augneblinka kjem når det absurde, det poetiske og det fysiske kjem saman, til dømes når ein av dansarane formar hendene som ei skål og forsøker å redde vatnet frå å sildre gjennom fingrane, ein annan dansar strøymer til og samlar opp vatnet, så ein ny ein under henne, og so vidare til det berre er nokre dråpar att.

Det blir humoristisk leikt med italienske klisjear (eit ord: Spagetti) på ein måte som det kanskje ikkje ville blitt gjort i dag. I tillegg er sjølve utgangspunktet, ein førestilling inspirert av ein by, som i tillegg er eit bestillingsverk, ein måte å jobbe på som heller ikkje er like aktuell no til dags. Når førestillinga griper tak i stereotypiar og lokale problematikkar (som til dømes mafiaen og handteringa av søppel på Sicilia, eit problem som enno ikkje er løyst) på denne måten, er det sett frå dagens perspektiv noko upassande. Palermo Palermo høyrer derfor kanskje ikkje til Pina Bausch sine sterkaste verk. Den er i overkant for lang med ein ikkje heilt botnsolid dramaturgi. Men den er likevel fylt med så sterke augneblink at ein ikkje kan ignorere dette verkets dansehistoriske verdi. Den kjende sluttscena, når dansarane former to rader mot publikum, alle med kvar sitt eple på hovudet, er og blir eit ikonisk symbol på danseteaterets gulltid.

Palemo palermo. Screenshot

Torsdag 02.04.Spy on Me #2 – Artistic Manouvres for the digital present. Online-programm for festival på Hebbel am Ufer Berlin, 19-29.3.

Kva skjer når ein festival om det digitale ser seg nøydt til å gjennomførast hundre prosent digitalt? Festivalen Spy on me #2 arrangerast for andre gong sidan 2018 av HAU og omhandlar kunstnariske manøvrar for den digitale samtida, denne gongen på sin YouTube-kanal. Det handlar om ei samtid der skjermar, appar og algoritmar omgir og påverkar oss på eit slikt nivå at den digitale forvandlinga allereie er ein realitet og ikkje lenger berre eit futuristisk perspektiv. Blant dei 14 videoane frå Berlin-baserte og internasjonale kunstnarar kan eg mellom anna sjå ein videoinstallasjon der ein delfin snakkar om korleis sensuren til instagram påverkar ein kunstnarportefolio (Tabitha Swanson), eg kan lære meg å lage face-filters i ein tutorial (Alla Popp) eller danse til DJ-sets (happy new tears og Tadleeh). Nokre av videoane blir meir som eit plaster på såret og overlever ikkje som autonome verk (til dømes VR-forestillinga Under_the_Sun_2120 av Alla Popp, der publikum eigentleg skulle ha bevegd seg rundt i rommet med VR-briller), medan andre står like sterkt og blir løfta fram ved at dei kritiserer sjølve formatet dei blir presentert i.

Ein av dei er forelesinga Other Intelligencies av forfattar og kunstnar James Bridle som har skrive boka New Dark Age: Technology and the end of the future. På ein snau halvtime dekkjer han eit breitt felt av den digitale samtida. Det startar med å materialisere den digitale «skya», å ta det abstrakte konseptet ned på jorda og forsøke å gjere det forståeleg. Han tek sjåaren med på eit resonnement som begynnar med meteorologi som den fyste måten å bruke datamaskiner til å sjå inn i framtida på og derfor gav opphavet til algoritmar, svingar innom Pokemon Go, death by GPS, varehusa til Amazon, blekksprutar og bakteriar. Han kritiserer sentralisering av makt til dei store selskapa som Amazon, Facebook og Google og den urokkelege trua på at på at datamaskinene alltid er i utvikling fordi dei aukar kapasiteten sin. Men er utvikling alltid synonymt med forbetring? I so fall for kven? Han dreg fram ei rekkje eksempel som syner korleis algoritmar er konstruerte på ein slik måte at makta går oppover, medan dei lenger ned i systemet sørgjer for ein «fordumming» av mennesket og hindrar mogligheita til å tenkje klart (og er det noko som trengs i desse tider, så er det vel klare tankar). YouTube si inntening er til dømes basert på mest mogleg klikk. Algoritmane er laga for å få meir merksemd, det vil seie at jo lenger ein klikkar seg vidare, desto meir ekstremt blir innhaldet og ender ofte opp i radikale konspirasjonsteoriar, klimanekting og fake news. Som moglege manøvrar i den digitale samtida foreslår han å sjå med eit klart blikk på verktøya me brukar og spørje seg: Kven lagar dei, kvifor blir dei laga og korleis blir dei brukt? Han slår eit slag for ikkje berre desentralisering av makt, men å re-distribuere makta på world wide web (gjennom til dømes å bruke peer-to-peer nettverk). I desse dagar er ein slik innsikt kanskje viktigare enn nokon sinne, no som verktøy som skype, zoom og facebook står for ein stor del av kontakta me har med andre menneske. Det er kanskje akkurat no ein skal stille kritiske spørsmål ved desse gigantane og tenkje seg nye/gamle måtar å kommunisere på.

Spy on me # 2, HAU i Berlin.

Fredag 03.04. Stoveballett med Laura Rae Bernasconi

Dei fleste som i den siste tida har scrolla nedover feeden sin, finn utallege velmeinte råd for korleis me skal kome oss igjennom den sosiale isolasjonen på best mogleg måte. Det har verka som at når det yrande folkelivet bremsar opp, skal det innanfor dei fire veggar gå i trippelt tempo, med treningsvideoar i fast forward, ekstrem produktivitet og kunstnarleg utfolding. Andre har argumentert for å roe ned, ta denne tida til å endre tankesett og gå i seg sjølv, bake ei kake og høyre Bach. Uansett metode verkar det som om dei fleste, også offentlege myndigheiter, einast om at det er bra å oppretthalde litt fysisk aktivitet. Amerikanske Laura Rae Bernasconi har 33 års erfaring i å undervise ballett og har undervist ved svimlande mange av verdas beste kompani, som til dømes Netherlands Dans Theater, Studio Wayne McGregor, Alvin Ailey American Dance Theater, samt Carte Blanche og Nasjonalballetten i Noreg. No strømmer ho ballettklassar i NYC-tid for alle på sin facebook (https://www.facebook.com/laura.r.bernasconi). Det krev litt tilrettelegging i leilegheita vår, som delast på to personar med heimekontor, men når den same leilegheita allereie denne veka er omgjort frå sitte- til ståkontor, teater og kinosal, bakeri og konferanserom, so skal eg vel klare å gjere den om til eit aldri so lite ballettstudio også. Klassane til Laura Rae Bernasconi er influert av Feldenkrais, Alexanderteknikk og Gyrokinesis, alle somatiske teknikkar som fokuserar på å gjere kroppens rørsler meir funksjonelle. Dei fyste fem minuttane forklarer ho to mentale bileter som fundamentalt forandrar måten min å tenke rundt pointing, sjølve varemerket for klassisk ballett. Ein skal spenne av i akilles, pointe foten frå høgre opp på vrista og med undersida av foten, alt i ein sirkulær energigang. Eg kjenner meg allereie evig takknemleg. Musklane mellom skulderblada blir òg effektiv vekka opp av ein oppvarming som er meir laga for å auke bevisstheita rundt musklane enn å pumpe dei. Bevisstheita rundt eigen kropp er noko som ikkje alltid har vore like til stades etter fem dagar med digital dans.

James Bridle. Foto: Mikael Lundblad

Det er openbert at det er fantastisk å kunne vere med på masterklassar med nokon av verdas beste på tvers av geografisk spreiing og gjennom det få tilgang til rom som ein elles ikkje ville hatt moglegheit til. Alle dei digitale tilboda eg har prøvd denne veka har overraska meg med alt dei mogleggjer. Men når det positive sjokket over dette har lagt seg spør eg meg om det likevel er meir enn eit plaster på såret. Eg kan med sikkerheit seie at det er mykje betre enn ingenting og som supplement i ei krisetid slett ikkje verst – men også etterpå? Den framoverbøygde, statiske posisjonen som skjermane krev av oss føyer seg inn i koreografien av kroppar som bevegar seg i unisone mønster i desse dagar (sikk-sakk-gåinga på gata, nesten-krasjet med nokon på butikken, håndvaskritualet). Me må berre sørgje for at også andre koreografiar og konstellasjonar kan vere moglege. Kanskje finner me ikkje desse reint gjennom skjermar. Eg ser litt få kunstnariske initiativ som behandlar dei digitale gigantverktøya på den reflekterte måten og eg saknar alternativ til den lutrygga skjermtittinga. Kan ein blande digitale og u-digitale verktøy? Kan posten spele ein ny rolle? Kva med ein drive-in førestilling? Mogligheitene er mange. Det digitale som supplement? Ja takk. Som erstatning? Nei. Informasjon må gå kvikt i desse dagar. Men kanskje bør det kunstnarlege innhaldet likevel tillate seg å vere langsamt. (Publisert 07.04.2020)

Digitale scener

Tidlegare artiklar og innlegg om digitale scener:

“Digitale scener - kommet for å bli”

http://shakespearetidsskrift.no/2020/03/digitale-scener-kommet-bli

“Schaubühne åpner sin skattekiste”

http://shakespearetidsskrift.no/2020/03/schaubuhne-apner-sin-skattkiste

(NB: se også ei serie presentasjonar og medlingar av framsyningane til Schaubühne).

Innhald som enno er tilgjengeleg:

Kjelde med partitur frå workshop “Choreographic poetry” på engelsk og norsk:

https://drive.google.com/drive/folders/1R_6t6yO0h9zVIy3iKefgTF4F5r3v9jEl?fbclid­IwAR15icKhkZbyKBn4jMRvGXsV0bhJ7yj6LtEVTKA-vudC16dMKFlquNttcJE

James Bridle “Other Intelligencies” foredrag

https://www.youtube.com/watch?v=-S3rJnTxFoY&t=1s

Palermo Palermo restaurert arkivopptak:

http://www.pinabausch.org/en/editions/film/palermo-palermo

Online-klassar med Laura Rae Bernasconi:

https://www.facebook.com/laura.r.bernasconi

Powered by Labrador CMS